Av Steve Kirsch, henta frå hans Substack-konto. Omsett av saksyndig.
- Legar bør alltid følgje retningslinjene frå CDC og NIH [Det amerikanske folkehelseinstituttet; oms.an.], sjølv når desse er feil.
- Kvar ein lege som seier mot det CDC eller NIH seier, skal misse sin autorisasjon som lege.
- CDC, FDA og NIH har alltid rett. Det har òg IDSA [Infectious Diseases Society of America; oms.an]. I tilfelle usemje, vinn alltid CDC.
- Med mindre du er ekspert på smittsame sjukdommar, speler meiningane dine om smittsame sjukdommar inga rolle.
- Ivermectin fungerer ikkje. Der vil alltid vere «utilstrekkjeleg evidens» for å anbefale det, same kor mykje evidens der finst.
- Fagfellevurderte, publiserte systematiske gjennomgangar og metaanalysar blir no rekna som «utilstrekkjeleg evidens» sjølv om der finst fleire av dei.
- Tidleg behandling for Covid med billege legemiddel med endra bruksområde fungerer ikkje, same kva evidensen seier.
- Dersom du ser noko som seier mot forteljinga, ikkje sei noko. Dette er kjent som «sjå noko, sei ingenting». Dette er spesielt viktig for legar som ser enorme mengder dødsfall frå vaksinen.
- Vaksinane fungerer ikkje, men berre fortel folk som får Covid etter å ha blitt vaksinert, at det ville ha vore so mykje verre om dei ikkje var vaksinerte.
- For eldre finst der ingen all-årsaks-dødelegheitsdata som viser fordelar, men kven treng data? Berre tilråd det.
- Medisinske tidsskrift har forbod mot å publisere artiklar som går mot forteljinga.
- «Feilinformasjon» er kvar ein type informasjon som seier mot den noverande hovudstraumsforteljinga, sjølv om den er sann.
- Aldri gå med på å gå i debatt med spreiarar av feilinformasjon; dei er vonde menneske.
- Ekspertmeiningar, tidlegare det lågaste nivået av evidens, er no på toppen av evidens-basert medisin når ekspertane kjem frå eit statleg byrå.
- Du treng ikkje nokon klinisk evidens for å skrive ut eit legemiddel eller ein vaksine dersom CDC seier at det er trygt.
- Stol alltid på legemiddelselskapa og deira klinisk forsøk, sjølv når det tydeleg er bedrag. Òg, dersom legemiddelselskapet påstår at dødsfalla ikkje var relaterte til legemiddelet, treng du ingen evidens.
- Der finst ingen stoppvilkår for Covid-vaksinar.
- Risiko-/fordelsanalysar burde ikkje sjå på all-årsaksdødelegheit lenger. Det er ein distraksjon. Det som er viktig er berre den relative risikoreduksjonen, RRR.
- Bedrag skjer aldri i kliniske forsøk utført av Big Pharma, sjølv når det gjer det.
- Varslarar vil bli straffeforfølgde i lovas fulle tyngd.
- Dersom du arbeider for hovudstraumsmedia, aldri anerkjenn at der finst ulike meiningar rundt den statlege forteljinga.
- Når vitskap og politikk er usamde, vinn alltid politikk.
- Kvar ein vitskapsmann som bryt desse reglane vil misse finansieringa frå NIH. For alltid.
- Vaksinar treng berre å testast i nokre månader for å bli rekna som trygge.
- Dersom det ser ut som vaksinen fungerer, forsikre dykk alltid om at alle i placebo-gruppa får vaksinen når forsøka er over. Kven treng ei samanlikningsgruppe etter seks månader?
- Det er inga trong for å vente på data om gravide kvinner før ein tilrår ein ny vaksine for gravide kvinner.
- Ungar har alvorleg risiko ved Covid, sjølv når dei ikkje har det.
- Det er viktig å vaksinere ungar for å beskytte dei mot sjukdom, sjølv når den utgjer ingen risiko for dei. Dette er spesielt sant for unge barn. Det handlar om å beskytte dei mot å døy av Covid, sjølv når der ikkje førekjem nokon dødsfall blant friske barn av Covid. So kva som risiko-/fordelsanalysen viser at vaksinane vil drepe 100 ungar for kvar unge vi kanskje kan redde? Fokuset er berre på å redde barn frå å døy av Covid. Dersom eit barn døyr av hjarteproblem frå vaksinen, tel ikkje dei.
- Dersom du ikkje er sikker på kva du har lov å seie, prøv å poste det på Twitter, Facebook, LinkedIn eller YouTube. Dersom du blir sensurert, slutt å seie det.
- Ein lege si viktigaste oppgåve er å behalde jobben, ikkje å hjelpe pasientane.
- Obduksjonar er frårådde. Vaksinen er trygg, so det er ingen grunn til å sjekke om den forårsaka døden.
- For alt uventa (som dramatisk fall i levande fødslar, auke av dødfødde, auke i hjarterelaterte samtalar til ambulansar, osb.), berre forsikre folket om at CDC undersøkjer saken.
- Der finst ingen vaksineskadde. Desse folka er berre svært stressa.
- Aldri mål D-dimer eller troponin-nivå etter Covid-vaksinen. Kvifor skulle du gjere det? Det er berre vekkasta tid.
- Informert samtykke tydar at du vart informert om at du skulle bli vaksinert, og at du viljug samtykte til det. Det er ingen grunn til å avsløre alle biverknadene og dødsrisikoen; det ville berre skremme folk.
- Dersom du jobbar på eit sjukehus, alltid gjer som sjukehuset seier. Du vil bli kompensert for di evne til å følgje sjukehus-retningslinjer, same kor mange av dine pasientar som døyr unødvendig. Sjukehus-leiinga veit best.
- Du må vere fullvaksinert med den siste oppfriskningsdosen. Dersom du er det, er det ingen grunn til å ta ein Covid-test, sjølv om du kjenner deg sjuk. Pasienttryggleik er fyrsteprioritet.
- Når ein av dine pasientar døyr av ein vaksineskade, aldri nemn vaksinen. Det er berre eit «uventa dødsfall».
- Folk som meiner at vaksinane er utrygge er rett og slett psykisk sjuke. Unngå dei eller føreslå psykiatrisk hjelp.
- Om ein pasient seier at han er vaksineskadd, fortel han at du ikkje kan behandle han.
- Om nokon spør om uventa vaksinereaksjonar, sei at der ikkje finst bevis for årsaksforhold.
- Aldri rapporter uventa reaksjonar eller dødsfall i VAERS. Dei kan ikkje vere vaksinerelaterte, so alt du gjer er å kaste vekk alle si tid.
- Om ein pasient døyr med Covid, er det eit Covid-dødsfall, sjølv om Covid ikkje forårsaka dødsfallet.
- Gå alltid med munnbind når du møter pasientar. Du vil at alle skal vete at du følgjer «beste praksis».
- Om Steve Kirsch kontaktar deg for ein vitskapleg debatt, ignorer det same kor mykje han tilbyr deg. Det kjem ikkje til å ende godt.
Fekk eg med meg alt?