Av Mike Adams, grunnleggjar og eigar av Natural News, 28.april 2022. Omsett av saksyndig.
Dersom du tenkjer på containerskip som raude blodceller, er det at desse står fast utanfor dei nedstengde hamnene i Kina noko som tilsvarer blodproppar i menneskekroppen. For at eit individ eller eit samfunn skal overleve, må ressursar glatt flyte i og bli distribuert rundt om i systemet. Blodproppar (covid-vaksinar) drep menneske ved å blokkere den flyten, akkurat som overlagte nedstengingar av hamnebyar skaper ei økonomisk arteriell blokkering med katastrofale effektar.
Det er fascinerande at globalistane, i sitt ønske etter å rive ned menneskeleg sivilisasjon og oppnå masseutrydding på ein global skala, har gått til det punkt å utføre nøyaktig same praksis på både nanoteknologisk skala, so vel som den globale makro-skalaen.
Kina sine straffande nedstengingar av Shanghai er openbert tilgjort, men vestlege nasjonar kan ikkje fordømme Kina for nedstengingane sidan dei gjorde nøyaktig det same mot sine eigne borgarar. Det strategiske målet med desse nedstengingane er todelt: 1) Eliminere politisk dissens ved å svelte dei til døde, sjølv om det tydar å svelte i hel ein heil bygning med uskuldige menneske på same tid. 2) Forstyrre forsyningskjeden av delar og material til vestlege nasjonar, noko som skader økonomien deira og hindrar dei i å produsere ammunisjon og våpensystem (som blir sendt til Ukraina for å brukast mot Russland).
Ved å gjere dette gjev Kina heile den globale økonomien eit hjarteinfarkt, og det er ikkje klart om pasienten vil overleve.
Som eit døme: Raytheon seier no at dei ikkje kan lage fleire Stinger-missil før 2023, og planar for eit oppdatert design av Stinger-missilet vil ikkje eingong byrje å bli produsert før 2027. (Vi vil påpeike at USA slik vi kjenner det no sannsynlegvis ikkje vil eksistere i 2027, so heile tidslinja er open for diskusjon.) Dette er eit hylande varslingssignal om at USA ikkje kan produsere stridsvåpen innan rimeleg tid eller innanfor rimeleg volum. Og dette tydar at USA ikkje kan forsvare seg sjølv mot ein invasjon utført av Kina.
I mellomtida ber Det internasjonale energibyrået om «klimanedstengingar» for å redusere bruken av fossilt drivstoff, og dei har tydelegvis innsett at sidan Covid-nedstengingane ikkje utrydda nok menneske eller knuste økonomien i det ønskte nivået av blodbad, treng dei ei heilt ny orsaking for endå fleire nedstengingar. Nokre av deira nedsnødde forslag inkluderer å kriminalisere menneske som køyrer om sundagane, som på lang veg høyrest ut som eit åtak på kyrkjegjengarar.
Føreslår Energibyrået verkeleg at ein skal opprette væpna kontrollpunkt langs vegane kvar sundag, der ein arresterer folk som vågar å køyre sine eigne private køyretøy den dagen? Dette vil berre forårsake trafikkork på vegane laurdagar og måndagar, noko som sannsynlegvis vil føre til langt meir forbrenning av fossilt drivstoff sidan folk vil sitje fast i trafikken med køyretøya på tomgang. (Desse klimatyrannane er stein galne, som om dei leiar ei form for dødssekt som trår etter den fullstendige øydelegginga av menneskeleg sivilisasjon.)
Denne artikkelen har Mike Adams laga som samandrag av sin Situation Update frå 28.april 2022.