OECD med undersøking om balansen mellom arbeid og fritid: Lever du for å jobbe, eller jobbar du for å leve?

OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development) har gjort ei undersøking der dei vil finne ut balansen mellom arbeid og fritid i ei rekkje land. Dei skriv at det å finne ein passande balanse mellom arbeid og dagleglivet er ei utfordring som alle arbeidarar står overfor. Dei skriv òg at evna til å vellykka kombinere arbeid, familieplikter og privatliv er viktig for velværet til alle medlemmane i ei hushaldning. Ifølgje OECD kan styresmakter hjelpe til med å støtte oppunder dette emnet ved å leggje til rette for støttande og fleksible arbeidsordningar, som vil gjere det lettare for foreldre å oppnå ein betre balanse mellom arbeid og privatliv.

Ikkje overraskande har OECD kome fram til konklusjonen at lange arbeidsdagar kan påverke negativt den personlege helsa, vere ein tryggleiksrisiko og auke stressnivået. 10% av tilsette i OECD-medlemsland jobbar 50 timar eller meir per veke i sine jobbar. Til samanlikning tillèt ikkje den norske Arbeidsmiljølova meir enn 40 timars arbeid i løpet av sju dagar (§10-4, (1)). Ved turnusarbeid er det totale timetalet i løpet av sju dagar 38 timar (§10-4, (4)). Gjennom tariffavtalen med fagforeningar og arbeidsgjevar har dei fleste norske arbeidsgjevarar i helsesektoren eit tak på 35,5 timar per veke – opptil 54 timar dersom det er snittberekning (§10-5). Som tillitsvalt har eg derimot aldri høyrt gjete at nokon faktisk har jobba 54 timar i løpet av ei veke, med mindre dette har vore friviljug overtid med kompenserande reduksjon i arbeidstida ved eit seinare høve.

Det er gode grunnar til at arbeidstid er regulert ved lov. Dei tilsette skal ha eit liv utanom jobben òg. Du lever ikkje for å jobbe, du jobbar for å leve. Dess meir tid du bruker på arbeid, dess mindre tid har du igjen å bruke på andre aktivitetar, slik som noko so essensielt som å ta vare på deg sjølv. Nokon som jobbar fulltid i OECD-medlemsland, bruker gjennomsnittleg 63% av dagen (eller 15 timar) til personleg omsorg (mat, søvn, osb.) og fritidsaktivitetar (som å vere med venner og familie, hobbyar, spel, bruk av datamaskin og TV, osb.). Det er ifølgje OECD likt mellom menn og kvinner i dei 22 OECD-landa kor mykje tid dei bruker på fritidsaktivitetar.

Ifølgje Katharina Buchholz i Statista, er Italia det OECD-landet som har best balanse mellom arbeid og fritid. På ein skala der 10 er best, scorar Italia 9,4 når det gjeld kvaliteten på arbeid/fritid-balansen i 2020. Noreg scorar 8,5. Land med verst arbeid/fritid-balanse scorar so lågt som 0,4. Dette landet er Mexico. Det nest verste landet er Colombia, med 0,6. USA scorar 5,2 medan Storbritannia scorar 5,6. 38 OECD-medlemsland er med i den statistikken.

I land med ein sokalla «overarbeidskultur» slik som Sør-Korea og Japan ser ein òg uønskte resultat.

Då eg var tillitsvalt, arrangerte mine overordna i fagforeininga ei rekkje kurs der vi samlast på eit digert konferansehotell og mellom anna spelte rollespel og diskuterte problemstillingar relatert til arbeidsliv og turnusarbeid. Eit tilbakevendande problem innan den norske helsesektoren var ufriviljug deltid. Dette var (og er) spesielt eit problem for fagbrevutdanna, altso helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar. Dei aller, aller fleste hadde turnusar der stillingsprosenten var mindre enn 100%, som regel 70, 80 eller (i sjeldne tilfelle) 90%. Dermed måtte mange av dei ta ekstravakter for å kome opp i 100%, for vi hadde jo alle rekningar og bustadlån å betale.

Problemet, slik eg tolka det, var derimot ikkje at det ikkje fanst vakanse nok til å gje dei som ønskte det 100%. Ledige vakter var det jo heile tida. Deltidsproblemet er heller ikkje juridisk betinga. Arbeidsmiljølova opnar opp for at ein har rett på stillingsprosent som tilsvarer faktisk arbeidstid dei siste 12 månadene; har ein til dømes ein «offisiell» stillingsprosent på 72%, men har teke ekstravakter som tilsvarer 92%, har ein dermed rett på å få stillingsprosenten auka til 92% (§14-4.a.). Jamfør §14-3 har deltidstilsette òg fortrinnsrett til utvida stilling i staden for at arbeidsgjevar føretek ny tilsetjing i verksemda. Ein dyktig tilsett kan dermed lett få 100% stilling om han eller ho kjenner rettane sine.

Problemet, som eg etter kvart fekk mistanke om, var meir relatert til arbeidets art. Å jobbe som helsefagarbeidar kan vere ein fysisk og psykisk tung jobb. Sjukepleiarar har meir oppgåver tilknytt medisinske og administrative oppgåver, og kan difor «gøyme seg» inne på medisinrommet når det koker som verst på avdelingane. Assistentane får aldri høge, faste stillingsprosentar fordi Kvalitetsreforma krev helsefagleg utdanning for slikt. Dermed står helsefagarbeidarane (og tilsvarande andre fagbrevutdanna titlar) igjen som dei som må gjere grovarbeidet: stell, mating, aktivisering og miljøarbeid, gjerne kombinert med andre verv slik som primærkontakt og liknande. Utifrå desse faktorane kan forklaringa på at nesten alle helsefagarbeidarar jobbar deltid, er at arbeidet rett og slett er for tungt til at dei orkar å jobbe 100%.

Det er stor skilnad på å jobbe 80% og 100%; differansen tilsvarer ein ekstra fridag i veka. Damer er overveldande overrepresentert i helsesektoren, og berre eit ørlite mindretal jobbar 100%. Dei fleste trivst godt med 70 eller 80% stilling – og kanskje ei ekstravakt på ein raud dag i ny og ne (eit lønnstillegg på 133% gjer slike dagar lukrativt å jobbe på). Utifrå mine eigne observasjonar gjennom 16 år i helsesektoren, er dei fleste av desse kvinnene godt gift, med menn som tener (og jobbar) langt meir enn dei sjølve. Dei bruker den ekstra fridagen til fritidsaktivitetar og eigenomsorg. Dei unnar seg sjølv «kosedagar» og er med familien sin. Dei fleste av desse ønskjer faktisk ikkje å auke stillinga si. På den andre enden av skalaen har ein derimot dei som har dette ønsket. Dette er som regel menn, slik som eg sjølv. Der kan 20%-differansen faktisk vere med på å avgjere om ein får bustadlån, eller om ein har råd til å skaffe seg bil. I den situasjonen er ønsket om – og retten til – å jobbe 100% (sjølv om jobben er tung) fullstendig legitim.

At jobben er tung, er etter mi meining ikkje eit argument for å nekte fulltid til dei som ønskjer det. Sjølv om ein som jobbar 100% har mindre fritid enn ein som jobbar 80%, treng ikkje det nødvendigvis å tyde at jobben er 20% tyngre. Jobbar ein 100% i helsesektoren, har ein eit snitt-timetal i veka på 35,5 timar. Dette utgjer 7,1 timar per dag i ei standard femdagarsveke. Klokkemessig går ikkje dette opp i timar og minutt – difor vil arbeidsdagane ha ulik lengd, som regel 7, 7,25 eller 7,5 timar, alt etter turnus og bemanningsplan. For ordens skuld tilsvarer 0,25 timar 15 minutt, om ein konverterer frå titalssystemet til 60-talssystemet (som sekund og minutt jo er delt inn etter). Ved eitt enkelt høve har eg sett underlege utfall av denne konverteringa: Ein tilsett hadde av og til vakter der ho ikkje slutta klokka tre, men ni minutt over tre. Eg tenkjer meg at arbeidsgjevar må ha sete med kalkulator då ho laga turnus!

Bruk av kortvakter, altso vakter kortare enn 7 timar, er i utgangspunktet uønskt av fagforeiningane. Ein uheldig ringjevikar som berre får 6-timarsvakter, kan risikere å måtte jobbe seks dagar ei veke og likevel berre få 35,5 timar – og då er den siste vakta den veka i tillegg berre på 5,5 timar for å unngå overtid. Arbeidsmengda per vakt er likevel den same – ho tener rett og slett berre mindre på å ha ei slik arbeidsveke. Den som tener på denne ordninga, er arbeidsgjevar sjølv, i form av reduserte utgifter til vikarbruk. Framgangsmåten er derimot uetisk, ettersom den tilsette berre får éin fridag denne veka i staden for dei vanlege to. Ein tillitsvalt ville neppe ha godkjent ein slik turnus. Dette er med på å redusere livskvaliteten til nokon som kanskje ikkje har noko anna val enn å godta dei vaktene arbeidsgjevar tilbyr ho. Her er det ironisk nok ikkje lange arbeidsdagar som er problemet. Hadde ringjevikaren gått med på ei langvaktsordning, altso vakter som er lengre enn ni timar, hadde ho berre «sluppe unna» med tre vakter, der to av dei var på 12 timar, og den siste var på 11,5 for å unngå overtid. Timetalet den veka er framleis 35,5 timar, men den tilsette treng berre å jobbe tre dagar denne veka. Om ho faktisk orkar å vere på jobb i 12 stive timar, er ein heilt annan sak.

Konklusjonen er at balansen mellom arbeid og fritid er kritisk for helsa og velværet til menneske rundt om i verda. Ein arbeidsgjevar som ignorerer dette faktum, har seg sjølv å takke når han står overfor «uforklarleg» fråvær og fråfall i personalgruppa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s