Makta ønskjer eit «globalt Internett», og føremålet deira kan umogleg vere godsinna

USA og 60 partnarnasjonar einige om globalt Internett trass i kinesisk autoritærisme

Av Andrew Thornebrooke, The Epoch Times, 28.april 2022. Omsett av saksyndig.

USA og 60 partnarnasjonar signerte ei ny erklæring 28.april, der dei bekrefta si plikt å utvikle og fremje eit einaste globalt Internett trass veksande autoritærisme frå Kina og Russland.

The Declaration for the Future of Internet vart designa for å føre fram “eitt einaste samknytta kommunikasjonssystem for heile menneskeheita» blant aukande «statssponsa eller godkjent vondsinna åtferd».

«Denne erklæringa representerer ei politisk plikt blant Erklæringspartnarar å avansere ein positivt visjon for Internett og digital teknologi,» står det å lese i dokumentet. «Det tek tilbake til seg lovnaden til Internettet trass dei globale høva og utfordringane presentert av det 21.hundreåret. Det gjen-bekreftar og gjen-forpliktar sine partnarar til eitt einaste globalt Internett – eit som er verkeleg ope og som fostrar konkurranse, privatliv og respekt for menneskerettar.»

Dytten mot eitt einaste globalt Internett kjem berre nokre veker etter at den tidlegare direktøren for Nasjonal etterretning [Director of National Intelligence i originalartikkelen; oms.an.] sa at verda var i ferd med å bryte seg opp til ulike «teknosfærar», der autoritære nasjonar slik som Kina og Russland utviklar sin eigen teknologi og standardar som var både teknologisk og ideologisk uforeinlege med dei til demokratiske nasjonar.

Desse kommentarane vart følgt av ein rapport som fann ut at det kinesiske kommunistregimet aktivt «søkte å overtale ikkje-likesinna nasjonar rundt om i verda til å bli med i denne teknosføren» og å utvikle for seg sjølv autoritære lydrike i heile verda.

For å bekjempe dette har den nye erklæringa som mål å beskytte menneskerettar, fremje eitt einaste globalt Internett, fremje pålitelegheit og inklusivitet og beskytte ei multistakeholder-tilnærming til Internett-utvikling.

«Det siste året har USA arbeidd med partnarar frå heile verda – inkludert sivilsamfunnet, industri, akademia og andre stakeholders for å gjen-bekrefte visjonen om eit ope, fritt, globalt, interoperatibelt, påliteleg og trygt Internett og reversere negative trendar med omsyn til dette,» står det å lese i dokumentet.

At visjon ikkje ville eksistere utan konkurranse, seier det, og misjonen om å halde ved like open tilgang til informasjonsfridom som Internett har, ville vere ein kamp.

«Dei to siste tiåra har vi derimot vore vitne til at alvorlege utfordringar til denne visjonen har dukka opp,» står det i dokumentet. «Tilgang til det opne Internettet er avgrensa av nokre autoritære regjeringar, og online-plattformer og digitale verktøy blir i aukande grad brukt til å undertrykkje ytringsfridom og nekte andre menneskerettar og fundamentale fridommar.

Vi er sameinte av ei tru i potensialet til digital teknologi for å fremje samanknyting, demokrati, fred, lover og reglar, berekraftig utvikling og det å nyte menneskerettar og fundamentale fridommar.»

Kommentar frå saksyndig: Vel… Dette høyrest jo bra ut på papiret. Dei vil skape eit «globalt Internett» som vil sameine menneskeheita og få slutt på undertrykking av ytringsfridom og menneskerettar. Ein artikkel frå svenske Newsvoice har derimot eit anna syn på saken. Der blir dette visjonære globale Internettet kalla eit «sanningsinternett». Medan målet deira vissnok er å bekjempe statskontrollert propaganda, desinformasjon og vondsinna handlingar, kan ein ironisk få motsett resultat – ei styrking av dette. For den som eig dette globale Internettet, vil ha gjeve seg eit de facto-monopol på nettopp sanninga. Som Newsvoice skriv (saksyndig si omsetjing):

«I vanleg propagandistisk ånd blir Kina og Russland utpeikt som høve til å skape eit kontrollert og autoritært Internett til og med I vesten, som helst skal bli globalt og dermed, paradoksalt nok, samansmelta med det autoritære Internettet i Russland og Kina.

Visjonen om eit nytt ‘sanningstilpassa’ Internett er eit sentralt kontrollert oppdrag som skal oppretthalde ein open tilgang til ein påstått ‘informasjonsfridom’. Utifrå korleis EU, Big Tech og andre einingar no stengjer ned høvet for menneske å uttrykkje seg fritt og aviser for å publisere uavhengig journalistikk, veit vi kva ‘informasjonsfridom’ eigentleg tydar for makthavarane våre.»

Her handlar det om å få betre kontroll på tankane til menneske, det avisene publiserer og for ikkje å snakke om den offisielle forteljinga, den versjonen av «sanninga» som blir servert til massane. Stikk motsett av det denne erklæringa seier, står no ytringsfridommen og menneskerettane i større fare enn dei har gjort på lenge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s