Donald Trump om to attentatforsøk på to månader: «Eg kan ikkje vere redd.»

Sharyl Attkisson på nettstaden Just the News skriv:

Kvar gong vi lurer på «kva meir som kan skje i denne bisarre presidentkampanjen», ser eit svar ut til å kome med nok ei merkverdig hending.

For mindre enn ei veke sidan [per 21.september 2024] var det eit andre attentatforsøk på Donald Trump på litt mindre enn to månader.

No når beskyttelsesstrategien til Secret Service stadig er under lupa, spurde eg [Attkisson] Trump om han nokosinne er redd.

«Eg kan ikkje vere redd,» sa Trump til meg i eit intervju i sin Mar-a-Lago-heim i Florida, og intervjuet skulle sendast sundag i programmet Full Measure på Sinclair Broadcast Group Network. «Fordi dersom du er redd, kan ikkje du gjere jobben din. So det kan eg rett og slett ikkje vere. Eg har so langt fått nokon til å beskytte meg, fordi du kan nesten tenkje at det ikkje berre kunne ha skjedd to gonger.»

Eg spurde òg Trump kva slags spesifikke posisjonar han diskuterte å tilby dei tidlegare Demokratane Robert F. Kennedy Junior og Tulsi Gabbard, og til X (tidlegare Twitter)-eigar Elon Musk.

Kennedy, med kallenamnet «Bobby», er den livslange Demokraten som forlét partiet då dei blokkerte han frå å køyre ein primærkampanje mot president Joe Biden.

Kennedy trekte seg til slutt frå sitt uavhengige løp og støtta Trump. Kennedy seier at Trump har tilbydd han høvet til å følgje eit «MAHA» eller «Make America Health Again»-mandat.

«Bobby vil gjere det stort innan helse og miljø,» sa Trump.

«Men tydar det noko slikt som Health and Human Services?» spurde eg.

«Nei, nei. Det tydar ikkje noko… eg laga ikkje avtalar med nokon fordi det ikkje er passande å gjere det rundt dette. Det er for tidleg. Men det nærmar seg den tida, gjer det ikkje?… So vi får sjå kva som skjer,» svarte han.

«Men Bobby, det han har gjort innan helseomsorg opp gjennom åra, eg meiner, eg har kjent han lenge. Og med han er det eting. Det du et. Kva slags kjemikaliar du tek inn i kroppen din. Eg meiner, han har kjempa for dette i årevis. Han ser på andre land der dei ikkje bruker kjemikaliar, eller dei bruker mykje mindre enn vi bruker. Og folket der er friskare enn dei er i USA, som ikkje er eit so friskt land.»

Tulsi Gabbard er ei tidlegare kongresskvinne frå Hawaii, og er òg ein Demokrat som har blitt om til ein uavhengig som har støtta Trump.

«Tulsi har alltid vore god når det gjeld ståstaden sunn fornuft. Ho er ein sunn fornuft-person,» sa Trump. «Eg har følgt med ho lenge på ymse program. Eg har kjent ho litt. Og det var ei stor ære då vi fekk ho… Ho var ein Demokrat og populær i tillegg på Hawaii. Og ho vil bli, ho vil bli fantastisk.»

Musk eig X (tidlegare «Twitter»). «Han indikerer at han kan vere viljug til å hjelpe til med slikt som statleg sløseri-type problem,» sa eg til Trump.

«Det han vil gjere er, og den tingen som vi snakka meir om enn noko anna, er nøyaktig det. Det er kostnader,» sa Trump. «Han er ein formidabel kostnadskuttar.»

«Han har alltid vore særs god til det, og eg er god til det òg, men Elon, lat meg sei deg dette, han vil gå inn og han vil seie, ‘Dette er kva de må gjere. De må gjere dette.’ Han er so inni det. Han føler at der er so mykje sløsing og feitt i dette landet. Og han har rett. Han har 100% rett.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Det omtala programmet ser berre ut til å vere tilgjengeleg på amerikanske TV-stasjonar.

Kommenter innlegget