Av Edvard Mogstad. Innlegget er henta frå Derimot.
Bakgrunn
Under står eit opptrykk av ein kronikk eg sende til Fredriksstad Blad i 2001, og til det pedagogiske tidsskriftet Sax, redigert av professor Christian Beck. Eg sende det også til «Klassekampens kvinneredaksjon», men fekk ikkje noko svar.
På den tida arbeidde eg som gymnasielærar i Fredrikstad, på ein spesialskule for ungdom og vaksne med psykiske lidingar. Eg trudde då at artikkelen var grei og ukontroversiell, men fekk røyna noko anna. Det braut ut ein lokal storm i Nedre Glomma, og ein inspektør på Frederik II vidaregåande skule sa til meg at «viss du hadde komme inn på lærarværelset den morgonen [kronikken stod i avisa], så hadde dei [lærarinnene] stukke kniven i deg!»
Redaktøren i F. Blad kviskra til meg at «du skriv det som vi ikkje tør å seie til konene våre ved frukostbordet!»
Og så vidare. Helt utruleg.
Nedanfor følgjer kronikken slik han stod for 25 år sidan, berre i nynorsk drakt, så de kan dømme sjølve. Referansane er frå 1990-åra. No tykkjest innhaldet vera endå meir aktuelt, med motebølgja av amerikansk påverka pseudokultur med «toxic masculinity» og allmenn kjønnsforvirring.
Forvirra menn utan mål
I København er det eit rådgjevingssenter for forvirra, rasande og ulukkelege menn. Ifølgje avisa Politiken er det eitt spørsmål dei tilsette stadig må svare på: Kva vil det eigentleg seie å vera mann?
Frå eiga gjerning som gymnasielærar møter eg dagleg unge, forvirra menn utan mål, kunnskap og medvit om sitt kjønns plikter, oppgåver og fortrinn i denne verda, til skade både for dei sjølve og deira komande koner. Forsking på småbarns åtferd, på jenters og gutars hjerneskilnader, og på verknader av kjønnshormona på tenking og åtferd, har stadfesta det vi i grunnen har visst heile tida, men som det dei siste femti åra ikkje har vore greitt å nemne:
Det finst store indre, psykiske skilnader mellom menn og kvinner, utover dei små fysiske skilnadene.
Skilnader og overlapp
Kva for verknader får desse skilnadene på eigenskapane til kvinner og menn? Før vi svarer på dette spørsmålet, må vi vera klar over at kjønnas eigenskapar til dels overlappar kvarandre. Både menn og kvinner ber det andre kjønns eigenskapar i større eller mindre grad.
Når vi talar om typisk mannleg og typisk kvinneleg, meiner vi ein generell tendens – trekk som er sterkare til stades hos det eine kjønn enn det andre.
Tradisjonelle mannsoppgåver
Kva er så typisk mandige plikter, oppgåver og eigenskapar?
Tradisjonelt vil ein peike på vern og forsørging, fysisk risiko, hardt arbeid og oppseding av søner, samt eigenskapar som høver til desse oppgåvene: kroppsleg styrke, mot, stadssans og romkjensle, stabilt lynne, rausheit og meir fornuftsbasert enn kjenslebasert tenking.
Skal ein så seie at desse oppgåvene og eigenskapane er forelda eller innbilte?
Naturgrunnlaget
Ingen trekkjer i tvil at menn i gjennomsnitt har større muskelmasse og fysisk uthald. Likedan er betre rom- og stadssans dokumentert gjennom ei rekkje forsøk. Til saman trekkjer dette mannen mot oppgåver og plikter som medfører risiko og utandørs verksemd.
I motsett retning trekkjer kvinnas mellombelse kroppslege binding gjennom svangerskap og amming. Samanlagt gjer dette forsørging og vern av familien til den naturlegaste ting i verda – altså til ein del av mannsrolla.
Stabilt lynne følgjer av det faktum at menn ikkje er underlagde dei hormonelle svingingane som kvinner har gjennom månadssyklusen.
Forsking og dugleik
Nyare hjerneforsking har peikt på tydelege anatomiske skilnader mellom menn og kvinner. I intelligens- og dugleikstestar skårar dei signifikant ulikt på ulike område.
Illustrert Vitenskap nr. 9/93 refererer til undersøkingar frå universitet i California, Indiana, Los Angeles, Washington og Canada som konkluderer med at:
«Menn er flinkast til å løyse oppgåver som krev romforståing. Menn er òg best til å løyse visse typar matematikkoppgåver. Menn er betre enn kvinner til å treffe blink.
I andre oppgåver er kvinnene overlegne. Dei har til dømes rask oppfatningsevne og god hugse for detaljar. Dei er betre enn menn i hovudrekning og i praktiske oppgåver som krev nøyaktige finger- og handrørsler. Dessutan er dei betre til å lese kjensler i andre menneskes ansiktsuttrykk.»
Skule og kjønnsblanding
I Noreg prøver staten å påtvinge kjønna ein kunstig likskap som manglar vitskapleg grunnlag og er direkte skadeleg for ungdommens kjønnsidentifikasjon og naturlege utvikling.
Vi ser det dagleg innanfor mitt eige arbeidsområde – skuleverket – i form av forvirra, avkjønna ungdom.
Som yngre lærar i folkeskulen iakttok eg statsfeministiske manipuleringar i dei fleste fag: til dømes blanding av kjønna i kroppsøving og forming, og keisam, feministisk tendenslitteratur i norsktimane. (Mine eigne søner måtte i ungdomsskulen gjespe seg gjennom mellom anna Senere, Lene av Anne Karin Elstad, Kristin Lavransdatter og det evinnelege Et dukkehjem.)
Det var eit ynk å sjå stressa sløydlærarar bruke mesteparten av timane på å hjelpe jentene med dei mest grunnleggjande oppgåvene, medan gutane fekk segle sin eigen sjø. Til gjengjeld sit gutar heilt opp i ungdomsskulen og skjer tenner over broderinåla og heklepinnen.
Ingen av kjønna får dermed utvikla spisskompetanse i høvesvis sløyd og handarbeid – som dei på kjøpet ser ut til å vera naturleg disponerte for.
Kroppsøving og meistring
Samanblandinga i kroppsøving er endå meir problematisk, då alle kan sjå at styrkeforholdet ikkje samsvarar når gutar og jenter utfaldar seg i ballspel, friidrett og liknande.
Begge kjønn taper på dette, fordi dei ikkje får aktivitetar tilpassa sitt eige meistringsnivå.
Politikk og diskriminering
Ein kan bli freista til å tru at eitt av motiva til departementet er å gje gutane kollektiv straff – fordi dei skal bli menn.
Diskriminerande tiltak mot mannskjønnet går igjen i andre delar av statsapparatet. Her er det nok å nemne kjønnskvotering – altså føretrekking av kvinner framfor kompetanse – og bidragsreglane frå starten av 1990-åra, som sende titusenvis av bidragsbetalande fedrar ned i ny fattigdom.
Kjønnskvotering er tilspissa diskriminering mot menn, utan at det ser ut til å vekkje særleg reaksjon. I utlysingstekstar står det ofte at «kvinner blir spesielt oppmoda til å søkje», fordi «fakultetet ønskjer å betre balansen mellom kjønna». Dette blir slått fast som eit dogme, utan at det blir gitt ei fornuftig grunngjeving for kvifor det må vere fleire kvinner på arbeidsplassen.
Kvifor bry seg?
Fordi mangel på ansvarsmedvitne, stabile og trygge unge menn med ei klar kjønnsidentitet er blitt eit samfunnsproblem – ikkje berre for dei sjølve, men også for konene og barna deira.
Og den norske staten legg føringar som dessverre ser ut til å gå i motsett retning.
