Luftvegsterapeut seier at tusenvis av covid-19-pasientar døydde på grunn av irrasjonelt forhasta bruk av respiratorar

Cassie B. på NewsTarget, systersida til Natural News, rapporterer:

Hastverket med å leggje covid-19-pasientar i respirator under dei tidlege dagane av pandemien forårsaka tusenvis av unaudsynlege dødsfall, ifølgje luftvegsterapeuten Mark Bishofsky, som var personleg vitne til dette fenomenet.

I ein samtale på Good Morning CHD, fortalte Bishofsky korleis han med eigne auge såg sjukehuspersonale intubere mange koronavirus-pasientar for tidleg, medan dei nekta dei andre behandlingsformer som kunne ha vore effektive og mindre risikofylte.

«Mange, mange tusen pasientar døydde på grunn av dette hastverket med å intubere dei for tidleg, og ikkje tillate tidleg behandling med legemiddel som ivermectin og hydroksyklorokin eller til og med vitamin D – dei ville ikkje eingong gje desse pasientane vitamin D. Dei ville berre intubere dei og setje dei på remdesivir,» sa han.

Mekaniske respiratorar fungerer ved å frakte oksygen inn i folk med lungesvikt. Dei blir fyrst dopa ned før ei tube blir plassert i halsen, og mange som fekk denne intervensjonen under pandemien kom seg aldri igjen.

Han påstod òg at hastverket deira med å intubere pasientar var i strid med den vanlege protokollen, der enkelte vart intuberte trass at dei berre trong ei lita mengd oksygen. Til dømes såg han at folk vart intuberte når dei berre trong tre liter oksygen, som han seier er noko han ikkje har sett i sine 25 år med praksis.

Han forklarte: «Det er so lite oksygen at dersom du fjerna det frå pasienten, vil han ha det heilt fint.»

[Eit betre alternativ hadde her vore oksygentilskot gjennom nasekateter; oms.komm.]

Luftvegsterapeuten erkjenner at desse respiratorane er eit essensielt verktøy for å redde liv, men dei kan òg vere «ekstremt farlege», med tanke på at dei har tendens til å forårsake bakteriell pneumoni [lungebetennelse].

(Sjå òg «FAKTASJEKK: Covid var mild og drap knapt nokon – respirator-erverva lungebetennelse drap derimot millionar», publisert 21.mai 2023.)

Han sa at han snakka ut i byrjinga, og prøvde å overtyde legar om at dei gjorde ein feil. Intubering var alltid sett på som siste utveg, sa han, og sjukehuset såg ikkje ut til å ha ei god forklaring på kvifor dei brukte respirator so mykje.

Høg prosentdel av intuberte pasientar gjekk bort under pandemien

Før covid-19 sa han at der allereie var ein auke på 25% i dødelegheit hjå pasientar som var intuberte og låg på respirator – eit tal som steig dramatisk under pandemien.

«Og no veit vi at der under covid var opptil 80-85% av pasientane på respirator som gjekk bort,» klaga han. Denne uvanleg høge dødsraten var noko som vart merka tidleg i pandemien, og sjølv hovudstraumsmedie-formidlarar slik som NBC News rapporterte om det i april 2020. I eit sjukehussystem i New York, døydde 88% av koronavirus-pasientane som låg på respirator, inkludert 97% av dei over 65.

Bishofsky sa òg at sjukehuset hans gav pasientar hydroksyklorokin i dei tidlege dagane av pandemien, noko han sa førde til «ekstremet gode utfall». Derimot vart denne protokollen til slutt vraka etter offentleggjeringa av ein «absolutt falsk» studie trykt av tidsskriftet The Lancet. Han sa at han seinare sa til sjukehusdirektøren at intuberingane var «skrekkelege», og direktøren sa seg einig, men sa at dei gjorde det beste dei kunne. Han trekte seg til slutt frå stillinga si då covid-19-vaksinepåbodet kom.

Han trur derimot ikkje vi burde skulde på dei som var på frontlinja, og sa: «Eg trur mange helsearbeidarar har fått eit dårleg rykte. Mesteparten, om ikkje alle, pleiarane eg jobba med ønskte å hjelpe, og eg trur dei gjorde so godt dei kunne. Men igjen, under tankekontroll – mesteparten av dei underkasta seg sprøyta – ville dei ikkje høyre etter.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

  1. Det er ingen pasienter som legges på respirator uten grunn. Respirator er last resort. Mange covidsyke ble lagt på respirator nettopp fordi SARS-CoV-2 er en alvorlig luftveissykdom. Det er en tåpelig påstand at pasienter med behov for bare 3 Liter oksygen blir eller ble lagt på resp. Det er strenge retningslinjer og krav til hvem som er aktuelle for resp- behandling. At respiratorbehandling gir økt risiko for dødsfall, er kjent. Men allikevel noe annet. Dere antifolket må snart slutte disse nedrige forestillingene, antydningene og direkte påstander om at helsepersonell på forskjellige måter, enten med vitende eller uvitende, tok livet av covidsyke. Hvor langt tenker dere å gå med dette antiaxideologiske propaganda- surret deres?

    Likar

Kommenter innlegget