FAKTASJEKK: Covid var mild og drap knapt nokon – respirator-erverva lungebetennelse drap derimot millionar

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ny forsking frå Northwestern University i delstaten Illinois har bekrefta at mesteparten av før-«vaksine»-dødsfalla som fann stad i dei tidlegare dagane av Wuhan koronavirus (Covid-19)-«pandemien» vart forårsaka av respiratorar, og spesifikt respirator-erverva lungebetennelse, snarare enn sjølve «viruset».

SARS-CoV-2, viser det seg, var relativt mild heile tida, og påførde ikkje folk flest særleg anna enn forkjøling eller rennande nase. Etablissements-helsesystemet vart derimot bedne om, og insentivert, til å få det sjå ut som reine Svartedauden, og dette sendte millionar i ei tidleg grav gjennom «behandlings»-metodane som dei vart tilbodne.

Ei av desse sokalla behandlingane var respiratorar, som fekk pasientar som elles ville ha overlevd til å i dei fleste tilfelle utvikle alvorlege tilfelle av respirator-erverva lungebetennelse. Dette, fann forskarar ved Northwestern ut, er grunnen til at millionar døydde – igjen, ikkje på grunn av sjølve covid.

«Sjølve covid har ein ‘relativt låg dødelegheitsrate’ samanlikna med andre luftvegssjukdommar, fann forskarane ut etter å ha gått gjennom 600 pasienttilfelle med alvorleg lungebetennelse,» rapporterte Alex Berenson på sin Substack. «Likevel låg covid-pasientar på respirator lenger enn andre pasientar, og utvikla sekundære bakterielle infeksjonar oftare.»

«Desse tilleggsinfeksjonane forårsaka mange dødsfall hjå covid-pasientar, skreiv forskarane. Fleire pasientar kan ha døydd av bakterielle infeksjonar enn av sjølve covid.»

(Relatert: Sjekk òg ut vår nylege dekning av korleis sjukehus i heile USA vart om til døds- og drapsfasilitetar under covid.)

Amerikanske sjukehus myrda pasientar med respiratorar, viser data

Denne avsløringa ser verkeleg dårleg ut for konsernmedia og etablissementsmaskina, sidan dei begge aggressivt pressa på for at alle innlagde covid-pasientar skulle få ein respiratorslange trykt ned i pustehola sine. Desse same einingane prøvde deretter å skulde på president Donald Trump for å ikkje gjere nok for å «redde liv» ved å innføre endå meir medisinsk tyranni.

Tidleg i bløffdemien, då Trump ope sa at han ikkje trudde det medisinske etablissementet trong so mange respiratorar, langt mindre fleire respiratorar etter at overbruken av dei skapte mangel på dei, vart han skjelt ut av den rådande makta for å spreie «feilinformasjon».

«Legar legg ofte pasientar i respirator som eit føre-var-tiltak,» rapporterte Wall Street Journal i desember 2020, og skreiv at det medisinske etablissementet si orsaking for overbruk av respirator er at det vil verne sjukehuspersonale frå å ‘få covid’ frå pasientar som pustar ut covid-‘viruspartiklar’.»

Det var allereie veletablert kunnskap på den tida at å leggje pasientar i mekaniske pustemaskiner, spesielt i lange periodar av gongen, er verkeleg farleg fordi trakeostomi-slangar ‘er sjølve inngangsportalen til bakterielle lungeinfeksjonar’, for å sitere Berenson, som åtvarar at respirator-erverva lungebetennelse er særs vanskeleg å behandle, sjølv med kraftige antibiotika.

«Den viktige rolla til VAP [ventilator-acquired pneumonia, det engelske ordet for «respirator-erverva lungebetennelse; oms.an.] som ei drivkraft for dødelegheit hjå pasientar med COVID-19 har blitt undervurdert,» skreiv forskarane bak den nye studien, som vart publisert i tidsskriftet Journal of Clinical Investigation.

Sanninga om respiratorar kom omsider ut, og resulterte i at mange sjukehus rett og slett gjekk fullstendig vekk frå å bruke dei. Dette resulterte i at haugar av splitter nye respiratorar måtte gjevast vekk – men ingen ville ha dei, so mesteparten av dei enda opp på søppelfyllingar.

«Då, derimot,» skreiv Berenson, «var det allereie for seint for covid-pasientar – i respirator – som hadde blitt innlagt i 2020.»

«Det er utruleg kor fort og lett den eingong so heidra medisinske profesjonen vart plukka frå kvarandre,» skreiv ein av lesarane til Berenson om kva covid gjorde – eller kanskje rett og slett kasta lys over – når det gjeld den djuptgåande korrupsjonen internt i det medisinske etablissementet.

«Charlie Munger, Warren Buffet si høgre hand, sa ein gong: ‘Vis meg incentivet og eg vil vise dykk utfallet’», og det var jaggu meg rett når det gjeld kva som skjedd under covid, der resultatet var millionar av unaudsynte dødsfall.

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s