Tidlegare Pfizer-visepresident dr. Mike Yeadon seier at covid-19-pandemien aldri eigentleg skjedde slik det vart påstått

Av Kevin Hughes, Natural News. Omsett av saksyndig.

For tidlegare visepresident i Pfizer, dr. Mike Yeadon, skjedde Wuhan koronavirus (covid-19)-pandemien eigentleg aldri.

«Der var aldri ein viruspandemi med eit nytt patogen. Eg trur ikkje der har vore ei ny årsak til betydeleg sjukdom og død, andre enn regjeringa vår sine responsar på den falske ‘pandemien’,» sa han. «Eg er redd for at dødsfalla som vi såg, i beste fall var medisinsk feilbehandling, i verste fall mord. På grunnleggjande plan vart vi loge til heilt frå byrjinga.»

Den tidlegare Pfizer-leiaren sa at helsestyresmakter har loge om folkehelsekrisa, so vel som kor naudsynte og brukelege tiltaka som vart sette i verk mot covid-19 var.

«Dei laug til oss om absolutt alt,» sa han. «Dei laug til oss om storleiken til folkehelsekrisa som aldri eksisterte. Dei laug til oss om kor naudsynt det var å ha tiltak slik som nedstengingar, massetesting, sosial avstand, munnbind, og dette berre held fram.» (Relatert: BOMBE: Tidlegare Pfizer-leiar seier at covid-19-«pandemien er over», sokalla «andre bølgje» basert på bedragersk testing.)

Ifølgje Yeadon var kvart einaste av desse påboda kjent for å vere ineffektive fordi dei mislykkast i å stoppe smitta.

Yeadon, tidlegare leiande vitskapleg offiser for allergi og luftvegar hjå den New York-baserte legemiddelgiganten, sa at han hadde brukt lang tid på å sjå på kva som gjekk føre seg i byrjinga av 2020. Han vendte fokus mot PCR-testane, absurditeten til covid-19-nedstengingane og bekymringane knytt til covid-19-injeksjonane.

Sjølv innrømte han at det var «temmeleg sjokkerande og uvanleg» for forskarvitskapsfolk slik som han å leggje fram slike påstandar, fordi dei høyrdest meir ut som konspirasjonsteoriar. Men Yeadon insisterte at han ikkje pakka ting inn, og bad folk om å vere årvakne.

Yeadon: Styresmaktene laug òg om covid-injeksjonane

Den tidlegare Pfizer-leiaren la òg merke til korleis folk vart loge til om forskinga, utviklinga og godkjenninga av dei sokalla covid-19-vaksinane. Han snubla over dette medan han leita etter sanninga om pandemien.

Ifølgje ein rapport frå mars 2021 av Reuters, var Yeadon ein av medforfattarane av ein petisjon som kravde at European Medicines Agency (EMA ) stoppa kliniske forsøk om covid-19-vaksinen i slutten av 2020. Han og hans medforfattarar påstod til og med at covid-19-injeksjonane forårsaka infertilitet – ein påstand som seinare viste seg å vere sann.

«Yeadon… har dukka opp som ein usannsynleg helt blant dei sokalla ‘antivaxxerane’, der tilhengjarane stiller spørsmålsteikn ved tryggleiken til mange vaksinar, inkludert den til covid-19,» stod det i Reuters-artikkelen. «Antivaxxer-rørsla har forsterka Yeadon sitt skeptiske syn på covid-19-vaksinar og testar, statspåtvinga nedstengingar og heile premissen til pandemien.»

Yeadon gjenhugsa at då den tidlegare britiske statsministeren Boris Johnson bad britar halde seg heime, var det den augneblinken då han visste at fridommen hadde blitt tapt. Andre land gjorde nøyaktig det same, heldt han fram, noko som fekk han til å innsjå at folk stod i fare for å misse den frie verda.

Han peikte på at folk må ta tyren ved horna når det gjeld dette problemet, og at utfallet ikkje lenger spela noka rolle for han lenger. Yeadon la vidare ut: «Eg er dønn alvorleg. Dersom eg omkjem medan eg prøver å forhindre dette, er det greitt. Det handlar om barna og barnebarna mine.»

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s