New York byrjar å spore matkjøp for å sikre seg at innbyggjarar ikkje et «for mykje» kjøt

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Akkurat som han lovde, går New York-ordførar Eric Adams etter folk sitt kjøt med nye planar om å redde verda frå «klimaendring» ved å tvinge alle til å bli «plantebaserte» vegetarianarar eller veganarar.

Saman med representantar frå Ordføraren sitt kontor for Matpolitikk og Ordføraren sitt kontor for klima- og miljørettferd, har Adams erklært lanseringa av eit nytt «karbon-fotavtrykk» og ein plan for å spore matforbruket i hushaldningar, som har som mål å redusere Big Apple sine «karbonutslepp» med 33% innan år 2030.

For å kutte alt det karbonet, påtvingar Adams og hans allierte nye «tak på kjøt» som, slik namnet antydar, vil avgrense mengda kjøt som newyorkerar får lov til å kjøpe og konsumere i offentlege institusjonar – og til slutt i sine eigne heimar òg.

(Relatert: Sist månad åtvara vi dykk at Adams planla å sleppe laus eit skremmande nytt matpolitikk-apparat mot newyorkerar, og no har han gjort det.)

Eric Adams vil at alle newyorkerar skal bli veganarar

På eit arrangement like før Earth Day som vart halde i Brooklyn kulinariske senter som er styrt av NYC Health + Hospitals, det offentlege helseomsorgssystemet i byen, avdekte Adams eit diagram som viste New York si drivhusgass-oversikt. Denne oversikta sporar visstnok karbon-fotavtrykket som blir skapt av matforbruk i hushaldningar.

Ved hjelp frå American Express, C40 Cities og EcoData, avdekte Adams karbonutsleppsdata om matforbruk i hushaldningar, som vart lagt til eksisterande karbonutsleppsdata på energibruk, transport og avfall.

Kommisjonær Rohit Aggarwala frå New Yorks Departement for Miljøvern avdekte dei nye hushaldningsmatforbruksdataa. Aggarwala grunnla òg forresten Google-smartby-underføretaket Sidewalk Labs, som samlar data for å forme «ein ny standard for kva byar må gjere» som ein ny måte å forme politikk.

Medan oversikta som Aggarwala presenterte no òg kjem til å inkludere drivhusgass-«forureining» frå produksjonen og forbruket av forbruksvarer som kle, flyreiser og helseomsorg, fokuserte Adams innsatsen sin på arrangementet spesifikt på matvarene som newyorkerar konsumerer – hovudsakleg kjøt og mjølkeprodukt, som han personleg er imot.

«Mat er den tredje største kjelda til byars utslepp nest etter bygningar og transport, men all mat er ikkje skapt likt,» fastslo Adams utan å kome med dokumentasjon. «Det store fleirtalet av mat som bidreg til utsleppskrisa vår er å finne blant kjøt og mjølkeprodukt.»

«Det er lett å snakke om utsleppa som kjem frå bygningar, og korleis dei påverkar miljøet vårt, men no må vi snakke om storfekjøt. Og eg veit ikkje om folk er klare for denne samtalen.»

Bortsett frå fisk held Adams seg visstnok til ein «plantebasert» vegansk diett, som han seier har hjelpt han med å overvinne diabetes. Han skreiv ei veganar-kokebok for å fremje sine personlege diettval, som han no vil at alle newyorkerar skal følgje for å stoppe «global oppvarming».

«Vi veit allereie at ein plantebasert diett er betre for dykkar fysiske og mentale helse, og eg er eit levande bevis på det,» erklærte Adams. «Men realiteten er at takka vere denne nye oversikta, finn vi ut at det er betre for planeten.»

Den simplistiske måten Adams argumenterte mot kjøt og mjølkeprodukt har allereie blitt motbevist av folk som faktisk er utdanna innan dette, inkludert Melissa McKendree, som har doktorgrad og er landbruksøkonom ved Michigan State University.

«Ymse kjøttypar har ulike former for drivhusgass-fotavtrykk,» tydeleggjorde McKendree om korleis frittgåande dyr ikkje skader miljøet slik som dyr i bur gjer. «Alt land er ikkje skapt likt.»

Klimakorsfararar slik som Eric Adams vil ikkje gje seg før kvart einaste spor av kjøt er fjerna frå middagstallerkane til folk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s