Soros, Schwab og Gates er ei «vanheilag treeining» som var arkitektar for vår dystopiske fortid, notid og framtid

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Heilt sidan framveksten av covid, Wuhan-koronaviruset, tilbake i slutten av 2019, har tre namn dominert overskrifter i uavhengige media: George Soros, Klaus Schwab og Bill Gates.

Kvifor dukkar desse tre alltid opp kor enn vondskap er til stade? Og kvifor har dei utruleg makt og påverknad over verdshendingar? I eit nøtteskal er desse tre globalist-toppane alle globalistar, alle er styrtrike, og alle har jobba heile livet for å ta over verda og kaste oss alle ut i eit dystopisk helvete.

På mange måtar har desse tre medlemmene i den «vanheilage treeininga» allereie skapt den dystopien dei ønskjer. Den siste finpussen skjer framleis, men generelt har desse tre kontroversielle figurane allereie oppnådd sitt mål om å setje i gang ein Great Reset [«ei stor tilbakestilling»], følgt av deira eigen visjon om ein Ny verdsorden.

Medan Soros, Schwab og Gates alle kjem frå svært ulike bakgrunnar, er tilnærminga deira til livet mykje den same. Dei er alle involverte i filantropiske føretak og samarbeidsprosjekt, ofte med kvarandre; dei utøver alle global påverknad gjennom si involvering i ymse internasjonale organisasjonar, tenkjetankar og forkjempargrupper; og dei har alle ei delt interesse i «globale utfordringar» slik som klimaendring, helseomsorg og ulikskap.

(Relatert: Gates er ansvarleg for luciferase-kjemikaliet som er brukt i milliardær-eugenikaren sine «vaksine»-mikrochip-implantat.)

Alt handlar om å undertrykkje massane og støtte opp om globalistane

Soros, ein ungarskfødd milliardær-investor og «filantrop», fekk mesteparten av makta og påverknadskrafta si gjennom pengar – og spesifikt som ein hedge-fondmanager. Han har påverknadskraft i heile verda, spesielt med liberale saker som går mot populisme, nasjonalisme og andre oppfatta trugslar mot hans «opne samfunn»-visjon for verda.

«Soros si støtte til påstått liberale saker og hans innsats for å forme politiske landskap, har skaffa han fiendar blant konservative sirklar,» forklarer rapportar. «Hans finansielle aktivitetar og spekulative handlar har bidrege til økonomisk ustabilitet og valuta-devaluering.»

«På grunn av dette har det blitt retta mot han fleire skuldingar om marknadsmanipulasjon og forsøk på å påverke politiske utfall.»

Schwab, grunnleggjar og leiar av World Economic Forum (WEF), har spelt ei nøkkelrolle i å forme global økonomisk og sosial politikk. Han er den som fann opp frasen «Great Reset», som verkeleg vart sett i høggir med at covid dukka opp på slikt eit passande tidspunkt, som var eit verktøy for å føre Schwabs visjon ut i dagen.

«Forkjemparar for Great Reset argumenterer at det presenterer eit høve til å byggje ei meir berekraftig, inkluderande og utfallslik verd,» indikerer rapportar.

«Kritikarar, på den andre sida, oppfattar det som ei ovanfrå-og-ned-tilnærming som konsoliderer makt og kontroll i hendene på ein ikkje-valt elite. Og dei er med rette bekymra for den potensielle erosjonen av individuelle fridommar og påverknaden på nasjonal suverenitet.»

Og so har vi Gates, Microsoft-grunnleggjaren som vart vaksine-apologet, som er involvert i å pushe «vaksinar» og andre farmasiprodukt på den globale befolkninga, spesielt i Den tredje verda – han har hjelpt til med å bringe til live visjonane til dei to andre.

På mange måtar er Gates sine mål dei same som måla til Soros og Schwab, som ønskjer å forvandle heile verda til eit dystopisk mareritt for massane, og eit utopisk paradis for dei sjølve.

«Stiftinga hans har spelt ei kritisk rolle i å finansiere og støtte føretak slik som vaksineutvikling og -levering, kampanjar for å utrydde sjukdommar, og forbetring av helseomsorgsinfrastruktur i låginntektsland,» forklarer reportasjar om Gates.

«Derimot er den enorme påverknadskrafta som Gates har over global helsepolitikk og føretak djupt bekymringsverdig, med tanke på at han verken er lege eller vitskapsmann.»

Saman omformar denne vanheilage treeininga verda i sitt eige bilete, noko som demonstrerer kor farleg det er å late nokre få eige og kontrollere det store fleirtalet gjennom uavgrensa makt, tilsynelatande grenselaus rikdom, og ein tendens til å utføre samvitslause handlingar av vondskap for å oppnå globalistmåla sine.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s