EKSTREME SCENARIO: Kunstig intelligens kan revolusjonere teknologisektoren for alltid – eller utslette menneskeheita

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

I sitt noverande tempo kan den ustanselege utviklinga av kunstig intelligens leggje til fleire billionar dollar til den globale økonomien, eller utslette heile menneskeheita innan slutten av dette tiåret.

Strategikarar frå Bank of America sa at kunstig intelligens kan revolusjonere teknologisektoren for alltid. (Relatert: Big Tech, globalist-elitar slår seg saman på hemmeleg møte for å snakke om kunstig intelligens.)

«Vi er i ein definerande augneblink – slik som Internett på 90-talet – der kunstig intelligens bevegar seg mot masseinnføring, der store språkmodellar slik som ChatGPT endeleg lèt oss fullstendig kapitalisere på datarevolusjonen,» skreiv banken i ei melding til klientar i mars.

Enkelte ekspertar skreiv at AI kan vere i stand til å gjere alt frå å skape heile firma på ein dag, til å undervise og nøyaktig diagnostisere medisinske problem, eldreomsorg og oppnå menneskeliknande intelligens.

PwC, eit av verdas største revisorfirma, spådde at utvidinga av AI på marknaden òg vil bli driven av utviklinga av ein nisjeindustri for meir forbetra og personaliserte AI-boosta produkt, som vil utløyse ein forbrukar-driven boom. Dei spådde at innan 2030 vil so mykje som 45% av den totale økonomiske fortenesta rundt om i verda «kome frå produkt-forbetringar, noko som stimulerer forbrukarbehov». Dette er fordi AI kan «drive større produktvariasjon, med auka personalisering, tiltrekningskraft og at folk har råd til det over tid».

Til sjuande og sist kan AI si evne til å utvide seg og kommunisere med andre industriar ende opp med å booste heile globaløkonomien med 15,7 billionar dollar innan 2030, ifølgje Bank of America. Dette representerer meir enn den samanlagte verdien av økonomiane til India og Kina. Innan 2026 kan den globale AI-marknaden – programvare og tenester – nå 900 milliardar.

«ChatGPT brukte berre fem dagar på å nå ein million brukarar, ein milliard kumulative besøk på tre månader og ei innføringsrate som er tre gonger høgare enn den til TikTok, og ti gonger høgare enn den til Instagram,» skreiv Bank of America. «Teknologien utviklar seg eksponensielt.»

«Det siste tiåret har datakrafta som trenar opp AI-datasetta fordobla seg kvar tredje månad, noko som utmanøvrerer Moores lov seks gonger,» heldt banken fram. «Dei siste fire åra har talet parameter for større språkmodellar vakse 1900 gonger. Og innan eit tiår kan AI-modellar bli ein million gonger kraftigare enn ChatGPT er i dag.»

Ekspertar åtvarar at AI med overmenneskeleg intelligens kan gjere slutt på heile menneskeheita

Alternativt åtvarar andre ekspertar at den stadige og uregulerte utviklinga av AI kan gjere slutt på heile menneskeheita innan 2030. Ein av desse ekspertane er datamaskin-vitskapsmann Eliezer Yudkowsky, ein AI-«dommedagsprofet» som veddar på at AI kan utslette heile menneskeheita innan 1.januar 2030.

Yudkowsky, medgrunnleggjar og forskarfagfelle ved Machine Intelligence Research Institute i Berkeley, California, har blitt ein av dei mest høgttalande ekspertane som åtvarar om AI.

«Dersom nokon byggjer ein for kraftig AI under noverande forhold, forventar eg at kvar einaste medlem av menneskearten og alt biologisk liv på Jorda døyr kort tid etter det,» skreiv han i ein meiningsartikkel som vart publisert tidlegare i år.

Han åtvara at so fort kva som helst slags AI-intelligens går forbi den til menneske, kan den utslette heile menneskeheita dersom den utviklar annleis verdiar og mål for menneske.

«Det sannsynlege resultatet når mennesket står overfor ein overmenneskeleg motstandar-intelligens, er totalt tap,» sa han. «Gyldige metaforar inkluderer ein ‘tiåring som prøver å spele sjakk mot [sjakkmaskina] Stockfish 15’, [eller] ‘det 11.hundreåret som prøver å kjempe mot det 21.hundreåret’ og ‘Australopithecus [fortidsmenneskeart] som prøver å kjempe mot Homo sapiens.»

Andre leiande ekspertar på temaet som har åtvara om korleis AI kan øydelegge heile sivilisasjonen, inkluderer millardær-techentreprenøren Elon Musk og den avdøde britiske vitskapsmannen Stephen Hawking, sjølv om ingen av dei spådde at menneskeheita ville bli utsletta innan 2030.

Musk åtvara om at AI vil bli meir intelligent enn menneske innan 2030, og at den augneblinken dette skjer, kan det øydeleggje sivilisasjonen, sjølv om han antyda at våre framtidige AI-herrar ikkje fullstendig vil utslette menneskeheita fordi menneskeheita er ein «interessant» del av universet.

Hawking åtvara tidlegare om at AI kunne «leve sitt eige liv og redesigne seg sjølv i ein stadig aukande rate» som menneske, som er avgrensa av biologisk evolusjon, vil streve med å halde tritt med.

«Vi kan stå overfor ein intelligenseksplosjon som til slutt resulterer i maskiner som har ein intelligens som er større enn vår intelligens, større enn vår intelligens i forhold til sneglar,» sa han.

I denne videoen åtvarar Mike Adams, the Health Ranger, om korleis venstreekstreme skaper woke AI-robotar som vil prøve å utslette menneskeheita.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s