Er orkanen Helene eit påskot av det amerikanske forsvarsdepartementet for å rane til seg litium og kvarts i vestlege Nord-Carolina?

Ethan Huff i Natural News melder:

Konspirasjonsteoriar verserer på nettet om kva som eigentleg skjedde med orkanen Helene, og korleis den lèt den føderale regjeringa ta verdifullt land som det er store lager av verdifulle mineral under.

Enkelte analytikarar seier at der var uvanleg atmosfærisk aktivitet under Helene som ser ut til å ha produsert so høg voltstyrke at noko var i stand til å «dytte» den mot dei områda som vart hardast råka. Grunnen kan ha å gjere med alle desse verdifulle minerala.

«Vi har dei største lagera av litium i Nord-Carolina,» rapporterte 100percentfedup.com.

«Vi har ein topp-produsent av litium, Albemarle, som får ein kontrakt verdt 90 millionar dollar frå Forsvarsdepartementet for å skape ei litiummine. Gjett kven som har 12 millionar aksjar i Albemarle? BlackRock.»

Hugs at før Helene råka, dreiv mange lokale innbyggjarar og protesterte mot danninga av litiumminer i området sitt. No er mange av dei same menneska sine heimar og levebrød øydelagt, og Albemarle og konkurrentar slik som Piedmont Lithium, sannsynlegvis tilgang til nøyaktig det dei ønskte utan innbyggjarprotestar.

Albemarle fekk forresten eit legat på 90 millionar dollar frå Forsvarsdepartementet for å gå vidare med sine innanlandske mineringsoperasjonar – operasjonar som lokale innbyggjarar i vestlege Nord-Carolina ikkje vil ha i sine no øydelagde nabolag.

«Noko her luktar,» skreiv 100percentfedup.com. «Ser vi ein liknande taktikk som vart brukt i Hawaii for ei landområde-taking? Lahaina, Maui 2.0?»

(Relatert: Mykje av vestlege Nord-Carolina er no isolert frå resten av verda på grunn av blokkerte og øydelagde vegar og skadd energi-infrastruktur.)

Fasilitetar for høgkvalitets-kvarts i Spruce Pine stengt på ubestemt tid

Eit anna verdifullt mineral som berre finst i fjella i vestlege Nord-Carolina – og spesifikt i Spruce Pine – er kvarts med høg reinleik, eit mineral som er kritisk viktig i produksjonen av halvleiarar, solcellepanel og fiberoptiske kablar.

Ifølgje reportasjar har to fasilitetar som minerer og produserer kvarts med høg reinleik, Sibelco og The Quartz Corp, begge stengt på ubestemt tid på grunn av omfattande skade forårsaka av orkanen Helene.

I fjor erklærte Sibelco ei investering til 200 millionar dollar for å doble kapasiteten til minering og produksjonsoperasjonen til kvarts med høg reinleik. Den investeringa ligg no på is på grunn av det orkanen Helene gjorde med området.

Alle dei tilsette i selskapet er i god behald og gjort reie for, ifølgje ei melding. Tidlegare var enkelte av dei «ikkje i stand til å kontaktast på grunn av straumbrot og kommunikasjonsutfordringar».

«Vennlegast ver sikre på at Sicelbo aktivt samarbeider med statlege byrå og tredjeparti-rednings- og gjenopprettingsoperasjonar for å mildne påverknaden til denne hendinga, og gjenoppta operasjonar so snart som mogleg,» sa selskapet.

Mellom tapet av produksjon av kvarts med høg reinleik og desse problema med litiumselskap som prøver å kjøpslå seg inn i samfunn i vestlege Nord-Carolina som ikkje vil ha dei, ser det visseleg ut som der er meir med orkanen Helene enn berre auga som ser.

Det er mildt sagt temmeleg rart at Biden-regimet verkeleg har intensivert innsatsen sin med å lage ei batteri-forsyningskjede i USA for å støtte deira vrangførestillingar om elektriske køyretøy.

«Oktober-overrasking,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om øydelegginga.

«Meir i vente, det er eg sikker på,» svarte ein annan.

Den rådande makta har tydelegvis grafsa til seg so mykje makt at dei ikkje lenger bryr seg om at folket veit om deira grådige svindeloperasjonar som er laga for å stele land og ressursar frå folket.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

One comment

Kommenter innlegget