Hekser klagar over at dei ikkje kan kaste forbanning over Trump fordi han har «ein slags beskyttelse rundt seg»

Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Sjølverklærte «Reddit-hekser» klagar over at dei opplever det som vanskeleg å kaste negativ trolldom over Donald Trump fordi han har «ein eller annan slags beskyttelse rundt seg».

Ja, verkeleg.

Eit innlegg på den venstreekstreme nettsida dukka opp i ein subreddit ved namn «WitchesVsPatriarchy», og der klagar ei av heksene på det faktum at trolldommane deira ikkje fungerer på «the Donald».

«Enkelte andre hekser har nemnt at å kaste trolldom direkte på Trump ikkje er so effektivt som vi håpte, sidan han ser ut til å ha ein eller annan slags beskyttelse rundt seg,» klagar heksa.

Ho antydar å kaste ein trolldom over Project 2025 i staden, som er eit Heritage Foundation-dokument som ikkje eingong vart laga av Trump-kampanjen, og som dei har teke fullstendig avstand frå.

«Men eg ville ikkje ha gjeve geparden meir merksemd akkurat no (Han hatar å bli ignorert, lol),» legg heksa til, og beviser det motsette, at Trump bur i dei forskrudde hovuda deira utan å betale leige.

Heksa oppmuntrar so resten av heksegruppa til å utføre «oppløftande trolldomstypar for å hjelpe Kamala & Demokratane,» som det visstnok er behov for på grunn av deira dystre tal i spørjeundersøkingar.

«Vi kan vinne denne!» slår heksa fast, for ho ber om at andre ikkje deler brukarnamnet hennar etter at ho akkurat la ut innlegg under brukarnamnet sitt på eit offentleg forum.

Uheldigvis for ho dukka innlegget seinare opp på X, og har fått over 1,7 millionar visningar.

Respondentar spekulerte over den sokalla kjelda for «beskyttelse» rundt Trump. [Innlegga kan sjåast i originalartikkelen; oms.an.]

Trump Derangement Syndrom herjar framleis vilt, som er vist i vår tidlegare reportasje om ei gneldrande «Karen» som konfronterer ein huseigar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget