Russia Today (RT) rapporterer:
Den amerikanske valde presidenten Donald Trump skal presentere sine visjonar om fred i Ukraina dei komande dagane, har den polske statsministeren Donald Tusk hevda. Leiaren i regjeringa har spådd at Republikanaren kjem til å tilby ei tidsramme for ei potensiell våpenkvile so vel som tryggleiksgarantiar for Kiev.
Medan han var på kampanjen lovde Trump gjentekne gonger å få slutt på Ukraina-konflikten innan «24 timar», utan å spesifisere nokon detaljar. Den valde presidenten sa til amerikanske media at han kom til å seie til den ukrainske leiaren Vladimir Zelensky «No er det slutt. Du er nøydd til å gjere ein avtale.» Han antyda òg at han kom til å gje vidare assistanse til Kiev i eit forsøk på å tvinge Moskva til å forhandle.
Laurdag leverte polsk radio eit Tusk-sitat der han sa at teamet til Trump framleis arbeidde på sitt vegkart for Ukraina. Likevel la den polske statsministeren til at han forventa at den valde presidenten kom til å offentleggjere visse nøkkelelement i næraste framtid, slik som ei tidslinje for ei potensiell våpenkvile, linja den vil bli iverksett, so vel som tryggleiksgarantiar for Ukraina.
Ifølgje kringkastaren hevda Tusk at «desse vil definitivt bli løysingar som vil involvere mindre amerikanske innblandingar i ukrainske affærar».
På same dag formidla statsministeren planar om å halde møte med den franske presidenten Emmanuel Macron, NATO-generalsekretær Mark Rutte, den britiske statsministeren Keir Starmer, so vel som leiarane av dei nordiske og baltiske statane. Tusk viste til framveksten av eit «nytt politisk landskap» etter at Donald Trump vart valt til USAs 47.president.
Han forklarte at Europa stod overfor ei «alvorleg utfordring… i konteksten til ein potensiell slutt på den russisk-ukrainske krigen,» som sitert av Politico.
«Ingen vil at konflikten eskalerer,» la Tusk vekt på, og la til at «på same tid vil ingen at Ukraina skal bli svakare eller til og med kapitulere.»
Wall Street Journal, som viste til anonyme kjelder, rapporterte onsdag at teamet til Trump vurderte fleire forslag. Mesteparten av dei, ifølgje medieformidlaren, ser føre seg å «fryse krigen… og tvinge Ukraina til å mellombels leggje på vent sitt oppdrag å bli med i» NATO, der temaet blir sett på vent «i minst 20 år».
WSJ hevda at blant forslaga som visstnok vart diskuterte, var danninga at ei demilitarisert sone langs den noverande frontlinja. Artikkelen siterte ein ikkje namngjeven Trump-rådgjevar som å ha sagt at det ikkje kom til å bli amerikanske soldatar eller USA-finansierte internasjonale organisasjonar slik som FN, men i staden europeiske nasjonar som ville få i oppgåve å oppretthalde fred der.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
