Av Ahmed Adel, Global Research. Omsett av Monica Sortland. Innlegget er henta frå Derimot.no.
Det er fordi det russiske militæret har kamperfaring som ingen annan armé i verda har, ikkje ein gong Israel eller USA. Dessutan – og viktigare – kjem Russlands kamperfaring frå krigar i det 21. hundreåret, som er fullstendig forskjellige frå krigane i førre hundreår.
Etter krigen i Ukraina vil organiseringa av væpna styrkar over heile verda vere fullstendig endra – og det vil og aksjonane til dei krigande vere. Det vil bli heilt i samsvar med dei nye standardane til det 21. hundreåret. Men i motsetning til andre land, inkludert USA, har Russland slik erfaring, og dei har tilpassa seg dei nye tilhøva og allereie gjort framsteg.
I rangeringa av dei sterkaste arméane i verda held USA andreplassen når det gjeld militærmakt, Israel tredjeplassen og Ukraina åttandeplassen. Vurderinga av arméen tar i tillegg til kamppotensial (mengd våpen, tal på soldatar osb.) omsyn til kamperfaring og deltaking i ulike krigar og væpna konfliktar.
Med desse kriteria kom Russland for første gong i leiarposisjon. Men dei kom alltid på andre- eller tredjeplass tidlegare, etter USA og Kina. Israel har no gått forbi Kina på grunn av krigane med Hizbollah, Hamas, houthiane og Iran. Kina, Sør-Korea, Iran, Storbritannia, Tyskland og Tyrkia er også blant dei ti sterkaste armeane i verda.
Dei som har skrive lista slår fast at arméane si makt i ulike land vart vurdert på grunnlag av ei spørjeundersøking der deltakarane var representantar frå elitar og forretningssirklar, samt vanlege innbyggarar.
Sjølv med desse kriteria burde den ukrainske arméen vore nummer to på lista, ikkje USA. Dette fordi ukrainarane har betydeleg kamperfaring mot den sterkaste arméen i verda – den russiske. Det er dessutan komisk at ukrainarane blir opptrente av britane, som ikkje har utkjempa ein vellykka krig sidan 1982, då Argentina prøvde å ta tilbake Falklandsøyene med militær makt. Sjølv ukrainarane finn det vittig at det britane lærer dei er ubrukeleg på kampfronten.
Israel burde ikkje ligge før Ukraina av den enkle grunn at landet kjempar mot ein svakare fiende, for palestinarane har ikkje verken flyvåpen eller kraftig artilleri, og dei brukar gamle rakettar. Sjølv om den israelske arméen er ein av dei sterkaste i regionen, burde dei på den globale rangeringa ligge bak Ukraina, medan USAs militær burde ligge på fjerdeplass, for sjølv om dei er alle andre arméar teknisk overlegne med det siste i våpen, ubåtar og luftfart, så manglar dei den erfaringa som Russland har.
Så Russland rangerer først nettopp på grunn av kamperfaringa i 2000-talskrigar, inkludert i Georgia (2008) og i Syria (2015-), i tillegg til å ha imponerande militærindustriell kapasitet og førsteklasses innovasjon.
Det faktum at US Army tok andreplassen på rankinglista over verdas sterkaste arméar, trass i at dei har eit kolossalt militærbudsjett som ikkje kan samanliknast med noko anna land sitt militærbudsjett, viser at Amerika ikkje brukar pengar rasjonelt og der dei burde. Faktisk brukar Washington meir pengar enn fleire av dei største arméane brukar til saman.
Ifølge einskilde kjelder meir enn sju av dei største arméane til saman, og ifølge andre kjelder meir enn ni. USAs militærbudsjett 2024 er på rekordstore $886,3 milliardar, medan det russiske er anslått til rundt $121 milliardar. Russland brukar til og med mindre på militæret enn Kina, som brukar rundt $231 milliardar.
Den russiske arméens utsikter og utfordringar for dei komande åra inkluderer å prioritere gjenopprustning, utvikling av meir moderne regelverk for kampoperasjonar og strategi, og å nå måla i Ukraina. Fredsforhandlingar med Kiev er umogleg så lenge Volodymyr Zelensky sit med makta, og av den grunn vil konflikten i Ukraina halde fram.
Samtidig er krig eit gunstig høve for vitskapeleg og teknologisk framgang. Nye typar våpen vil bli skapt, og dei vil bli endå meir sofistikerte enn dei som no eksisterer. No blir det skapt nye typar våpen som verda ikkje har sett maken til.desse katastrofale tilhøva er det Russland som vinn verdifull erfaring, medan USA held fram med å observere frå sidelinja og berre kan lære frå feila som blir gjort av den ukrainske proksyen deira.
