Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice melder:
Den britiske statsministeren Sir Keir Starmer har vede sine med-G7-leiarar om å auke sanksjonar mot Moskva og sende meir militærhjelp til Kiev.
Han la vekt på kor viktig det er å «maksimere lidinga til Putin» gjennom økonomiske sanksjonar mot Russland og auka militærstøtte til Ukraina.
RT rapporterer: Under ein videokonferanse fredag [13.desember 2024] «sa statsministeren at sidan [den russiske presidenten Vladimir] Putin ikkje viser nokon teikn på å gje seg, er det særs viktig at vi aukar støtta vår slik at vi set [Ukraina] i den best moglege posisjonen for framtida,» ifølgje ei skriftleg gjengjeving som vart offentleggjort av kontoret hans.
«Han bad sine med-G7-leiarar om å halde fram med å maksimere lidinga til Putin ved auka militærstøtte til ukrainarane og intensivering av økonomisk press, inkludert via fleire sanksjonar der dette er mogleg,» heldt det fram i meldinga.
To dagar tidlegare formidla USA og Storbritannia ein ny runde med sanksjonar mot Moskva, og retta seg mot det den britiske regjeringa kallar Russlands «ulovlege gullhandel». På same tid vart EU-ambassadørar einige om ein 15.pakke med økonomiske straffer, som denne gongen rettar seg mot Russlands petroleumsindustri og kinesiske selskap som visstnok produserer dronar for det russiske militæret.
Gjentekne rundar med sanksjonar har mislykkast i å «rasere» den russiske økonomien, slik den amerikanske presidenten Joe Biden spådde at dei kom til å gjere i 2022. i staden voks den russiske økonomien med 3,6% i år, medan den til Storbritannia voks med 1,1%, ifølgje tal frå det internasjonale pengefondet (IMF).
«Vi lærte mykje etter at sanksjonane byrja,» sa den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov til den amerikanske journalisten Tucker Carlson tidlegare denne månaden. «Men det som ikkje tek livet av deg gjer deg sterkare, veit du. Dei kjem aldri til å drepe oss, so dei gjer oss sterkare.»
Blant ein historisk nedgang i levestandard innanriks, har Storbritannia gjeve 8,34 milliardar pund (10,52 milliardar dollar) [117,58 milliardar norske kroner] i militærbistand til Ukraina sidan februar 2022, ifølgje tal frå det tyske Kiel-instituttet for verdsøkonomien, som sporar vestleg bistand til Kiev.
Starmer hevda førre månad at denne utpøsinga av våpen og ammunisjon vil hjelpe ukrainarane «sikre ein rettferdig og varig fred på sine vilkår». Derimot har Kreml argumentert at alle framtidige fredsvilkår vil bli verre for Ukraina enn dei som vart avviste av Kiev under fredssamtalar i Istanbul i april 2022.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
