Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
No skal eg fortelje om ein gong vår frisinna, drikkeglade og ufyselege mann Åge tok bussen frå sentrum og heim til sitt tarvelege rottereir av ein ungkarskåk.
Den patetiske taparen hadde sete og bøtta nedpå med øl på sin vanlege skjenkjestad sidan dei opna denne regntunge, forblåsne novembertysdagen. Eit tosifra tal halvliterar hadde forsvunne gjennom dei sprokne, lett blodige leppene hans og ned det botnlause sluket av ein kraftig mannehals.
(For å ta ein aldri so liten digresjon, so var det ikkje halvliterar dei selde på den utestaden, men 0,45-literar; dette var berre eitt av mange skitne triks som dei gjennomròtne grådigperane i utelivsbransjen hadde i ermet.)
No sat han i lett støyande samrøde med ein gammal mann med trebein, og den skjeggete, uflidde kallen såg ut som om han var ein tyrkarshot frå å falle i koma. I tillegg byrja den purunge, kvinnelege bartenderen og den skeivøygde dørvakta med MacGyver-frisyre å bli nervøse i avtrekkjarane. Med eit auge lukka for å unngå å sjå dobbelt, kasta Åge sitt isblå blikk bort på klokka i andre enden av lokalet. Den var ti over tre om ettermiddagen. Den svære mannen hylte i seg ølen, sleppte frå seg ein lang rap som fekk alle hovud til å snu seg, og greidde etter langt om lenge å stavre seg på beina.
«Min gode mann,» snøvla han med ei kraftig utestemme. «Det er på tide for meg å fare heim og ete.» Han rekte ut neven sin til den gamle mannen, som knapt nok ensa han i sin djupe drukkenskap. «Det var hyggjeleg å prate med deg, Alfred!»
«Gunnar,» retta den gamle mannen med knapt nok forståeleg diksjon, før han noko motviljug handhelste på Åge for truleg tiande gong denne ettermiddagen.
«Ha ein fin dag, Bjarne,» snøvla Åge, før han nikka lett til den svært so skeptiske bartenderen. Ho skulte på han surt og mysande. På sin noko sjanglete veg mot døra gjorde han òg eit lett nikk til den bøse brytaren av ei hockeysveisdørvakt, før han sleppte frå seg eit larmande drønn av ein brakfis. Den ròtne gufsen bles rett i trynet på dørvakta, noko som ikkje akkurat gjorde han blidare. Dørvakta stod og stira etter den svære, sjagande mannen med kraftige nyver.
Ute slo regnet ned i dei svært so skeive brusteinsgatene, og rennesteinen var ei frodande elv. Faktisk tykte Åge han såg ein fisk symje mellom føtene på han, og han rynka si neandertalar-aktige mannepanne over dette synet. Den svære mannen lunta bortover gata mot næraste busshaldeplass. Der hadde det samla seg ei stor folkemengd som for det meste bestod av menn og damer kledde i dressar, skjørt og frakkar. Overbetalte rævhol i unyttige tullejobbar, som Åge snerrande kalla dei når han var sikker på at ingen høyrde han. Etter å ha kasta eit blikk på bussrutene inne i det overfylte, falleferdige skuret, konstaterte han at neste buss kanskje ville kome om ti minutt. Han sleppte frå seg eit djupt sukk og ein like djup fis. Alt ølet hadde fylt vomma hans med store mengder gass; det var eit velkjent faktum at det knapt nok fanst noko betre fisestoff enn litervis med herleg, velsmakande pilsner servert i 0,45-litersglas av gnitne utelivsbaronar.
Eit kvarter (ikkje ti minutt) seinare kom det eit gult, langt brøledyr snirklande rundt gatehjørnet og nedover mot busshaldeplassen. Den mørkebrune sjåføren parkerte det bråkete monsteret og dei kondensdekte dørene fór opp med eit smell. Med sin store, kraftige mannekropp penetrerte Åge bussen med stor kraft, og fekk truleg minst eit halvt dusin overbetalte rævhol til å falle over ende med pinglehyl og lett rabalder. Etterkvart vart bussen smekkfull; alle, inkludert Åge, stod som store sild i lita tønne. Alle folka fekk bussen til å bli like klam og fuktig som kjærleikssprekken til ei prestedotter på sitt fyrste Ten Sing-treff. Omsider brølte bussen seg ut frå haldeplassen og heldt fram si støyande ferd gjennom dei regn- og vindpiska brusteinsgatene.
Åge stod tolmodig og lett trippande og freista å ignorere at han måtte pisse; blæra hans var so full at det snart kom piss ut øyra på han. Han måtte òg fise, men i motsetning til pissetronga, kunne han gje etter for fisetronga. Snart skaut det ein brakar ut av han, og den vonde lukta bles rett i trynet på ein raudhåra mann i svart Armani-dress som stod rett bak han. Mannen sleppte frå seg eit stønn av avsky.
«Eig du ikkje manerar?!» utbraut han. Åge snudde seg rundt med symjande ølauge. «Du slepper ikkje rævenglar på ein tettpakka buss på denne måten!»
«Nett som eg kan hjelpe for at eg har eit tarmsystem,» sa Åge med eit nedlatande flir. Poenget hans vart prova på ein svært so tilfredsstillande måte då ein ny fis brølte ut av han; fisen høyrdest nett ut som stemma til Tone Damli på ein dårleg dag (noko som strengt teke var kvar dag).
Den ufyselege stanken av daude, ròtenskap og Hansa-pilsner breidde seg over heile bussen, til og med bussjåføren snuste i lufta med eit uttrykk av vemjing i det sjokoladebrune fjeset sitt. Folk stønna og vemdest medan dei vreid på seg.
«Du er ròten som Satan sjølv!» utbraut ein annan ekstremt velkledd forretningsmann. Åge berre lo han hånleg opp i trynet, før han sleppte nok ein brakar medan han vreid sin store mannekropp i pervers nyting. Denne fisen høyrdest nett ut som den djupaste strengen på ein bassgitar.
«Då har vi éin ting til felles,» snøvla Åge særs nedlatande. «Vi begge er fullstendig ròtne på innsida.» Han feis nok ein gong. «Jævla overbetalte rævhol…»
Forretningsmannen gispa i avsky, men han gispa ikkje for intenst, for bussen stinka so frykteleg at det var ein risikosport å trekkje pusten. Faktisk fekk ein av dei få ikkje-forretningsfolka eit astmaanfall – det var ein pinglete, mannleg student med søte, nusselege homobriller. Åge klukklo som ei førskulejente då nok ein stinkande rævengel strøymde ut av den hårete manneræva hans.
«Stanken!! Stanken!!» skreik ein særs velkledd forretningsmann og heldt seg til hovudet som ein parodi på Edvard Munchs Skrik. «Eg held han ikkje ut!! Eg får angst!!»
«Hald kjeft, overbetalte rævhol,» sa Åge og sleppte frå seg ein nedlatande lått og ein like nedlatande fis.
Halve bussen gjekk av på neste stopp, endå dei framleis berre var halvvegs i ruta si heimover. Dei avgåtte passasjerane såg ut som om dei var dauden nær, og stor lette skein i dei forpinte andleta deira av å kome vekk frå den flatulente buldrebassen. Til og med bussjåføren hadde opna vindauget sitt og lét seg no piske og vætast av det endelause regnet og den nådelause vinden.
Halveringa av folketalet i bussen gjorde at det no var sitjeplassar å oppdrive. Åge stal til seg det siste ledige setet i bussen, rett føre auga på ei gammal dame med stokk. Då ho stira på han som ein tiggande hund, snerra han til ho at ho helst burde kome seg ein halv buss vekk frå han (minst!). Dama stavra seg klynkande bortetter golvet på den køyrande bussen, men fall til slutt stygt og brutalt då bussen tok ein tilnærma endelaus sving. Åge sleppte frå seg nok ein fis medan han observerte med stor nyting korleis den skrøpelege gamle dama rulla bortetter golvet med hås jamring. Det at ingen andre på bussen gav frå seg setet sitt til ho, sa meir om samfunnet generelt enn om Åge.
Omsider byrja bussen å nærme seg det redselsfulle området der Åge budde. No var fjesa rundt han oskegrå og kaldsveittande; fleire såg ut som om dei skulle kaste opp, ta sitt eige liv eller gjere begge delar. Den vakre, perlekjedekledde forretningsdama som var uheldig nok å sitje ved sida av han, såg ut som om ho skulle krepere kvar augneblink. Kreftsjuke i terminalfasen såg sunne og friske ut i forhold til ho.
Fæle, vondskapsfulle Åge bestemte seg for å verkeleg øydeleggje dagen hennar, for han merka at ein fis av dimensjonar no var i ferd med å kjempe seg ut av hans sterkt krigsherja tarmsystem. Han merka fisen kome, og han trykte seg alt han klarte; han lukka auga med eit forvride fjes og tunga ut av munnen. Fisen small og drønna so det song i heile bussen. Dama kvapp so ho spratt i setet, tynne strengar viste på den mjølkekvite halsen hennar. Derimot hadde Åge tydelegvis undervurdert kva som eigentleg låg i fisen hans. Det var meir substans i den enn han trudde. Han fekk eit rart uttrykk i andletet sitt og snudde seg mot den sjuklege dama.
«Åh, faen,» utbraut han stille. «Eg trur eg dreit meg ut!»
Dama sleppte frå seg eit klynk, før ho spydde so det spruta utover heile den eksklusive designerdrakta si. Akkurat då stoppa bussen ved Åge sin haldeplass. Han humra svært so nedlatande, før han sjaga påfallande breibeint ut av bussen. Den svære mannen lunta i sikk-sakk bortover mot nokre busker. Føre heile bussens åsyn halte han ut sin digre kuk og pissa vel og lenge. Den spyferdige, søkkvåte sjåføren glante på han med mørke auge av vantru, før det stinkande, gamle vraket brølte vidare. Åge stod igjen og heldt fram si pissing. Medan han stod der med kuken ute, lét han den puddingaktige driten rulle på innsida av buksebeinet ned på bakken. Etter å ha pissa og fise seg tilnærma tom, sjaga han ut av buskene og gjekk innom sin lokale butikk for å kjøpe øl.
Den unge dama bak kassen rynka sin søte, katteaktige nase i avsky då den stinkande mannen penetrerte den vesle butikken med brutal kraft. Ho såg med store auge og heva eyeliner-augnebryn korleis jævelen laga fotavtrykk som såg akkurat ut som mannskit over heile det plettfrie golvet.
Åge spankulerte breibeint bort til øl- og sideravdelinga og henta seg ein kasse øl av simplaste merke. Han tenkte at han måtte ha litt mat òg, og grabba difor med seg eit glas sursild – av alle ting. Fyren sjaga lett gjennom dei tronge hyllene, og enda til slutt opp med kassen. Han rapte kassadama rett opp i det perfekte trynet hennar, før han betalte for ølkassen (glaset med sursild nekta han hissig ein kvar kjennskap til). Han sleppte frå seg ein fis som bles rett i trynet på den stakkars jenta, før han med ølkassen i sine digre mannearmar forsvann ut i den regnvåte, vindherja ettermiddagen.
Dama var berre glad ho vart kvitt han, og spratt straks ut or stolen for å fortast mogleg vaske det skitne, stinkande golvet. Hennar søte, vakre tryne formeleg vreid seg i avsky. Takk og lov at det berre fanst éin Åge i denne byen!
