Kor høyrer Geir Roald Hodne heime i det identitetspolitiske hierarkiet?

Sjå òg «Saksyndig tek ein titt på Geir Roald Hodne-saka», publisert 5.januar 2025.

Rogaland vart i romjula skakt av ein tragedie der to menneske miste livet: Den 25 år gamle politibetjenten Markus Botnen og den 41 år gamle røyrleggjaren Geir Roald Hodne. Hodne er sikta for drap, to drapsforsøk og grove trugslar, og saka kjem til å bli henlagt sidan han er død.

Media har derimot ikkje tenkt å avskrive dette som ein tragedie, dei er ute etter å plassere gjerningspersonen i det identitetspolitiske hierarkiet, som Kjetil Tveit skriv i eit Facebook-innlegg sundag 5.januar 2025.

Hodne sitt brotsverk (bortsett frå det faktum at han har drepe ein politimann, naturlegvis), er å ikkje tilhøyre nokon sokalla «utvalde minoritetsgrupper». Han er ein kvit, kristen nordmann som rakk å bikke 40, og er dermed fritt vilt for eit samla hyklarkorps innan det kjøpte og betalte hovudstraumsmedia. Dette stiller han i same kategori som Kurt Oddekalv og Hans Gaarder (begge døde i 2021) – eller i det minste er det det media prøver å båsplassere han som.

Det kjem i ein artikkel i Aftenbladet (gjengjeve i Tveit-artikkelen) fram at Hodne hadde fortalt til venner at han hadde blitt mobba i barndommen, at han var einsam og at han den siste tida hadde følt seg forfølgt.

Sjå òg «Gang-stalking: Det er ikkje paranoia om dei verkeleg er ute etter deg», publisert 3.januar 2022.

På eit tidspunkt skreiv han òg éin kommentar på ein amerikansk nettstad, der han stilte spørsmål om ein vaksine. Dette hadde Aftenbladet fått med seg, i tillegg til at han var kristen og visstnok ein «prepper». Dette stiller han i same kategorien som dei som forgudar Trump, visstnok. I våre dagar hamnar ein tydelegvis på overvakingslista til PST om ein gjev uttrykk for at ein tenkjer sjølv, og at ein har eit konservativt syn på livet. Makta likar ikkje folk dei ikkje kan kontrollere.

Tveit oppsummerer punkta som gjer at Hodne har fått «spesiell interesse» i konsernmedia:

  1. Han er kristen
  2. Han er antivaksar / konspirasjonsteoretikar
  3. Han tenkjer sjølv

Tveit har sjølv gjort sine eigne undersøkingar og funne ut at Hodne ikkje var aktiv i det lokale antivaksar-miljøet i Rogaland. Hodne sin påståtte paranoia og skepsis til «systemet» skreiv seg frå det faktum at han lét vatnet renne ei stund før han drakk det. Som røyrleggjar hadde han god kjennskap til vassrøyr, og visste godt at vatn som hadde lege lenge i røyra ikkje var trygt å drikke – det kunne vere kontaminert av bly og andre ureinheiter. Det er ellers barnelærdom òg hjå meg – ein skulle ikkje drikke vatn rett frå springen utan at det hadde runne ei stund, og ein skulle aldri bruke varmtvatn til matlaging utan å koke det fyrst.

Ifølgje Aftenbladet var Hodne ein «original» fordi han lét vatnet renne. Han kan òg ha vore paranoid fordi han ifølgje dei var redd for å bli forgifta. At han leita etter ein måte å beskytte seg mot elektromagnetisk stråling er òg «bevismateriale» som blir brukt mot han i denne hekseprosessen.

Media ser ut til å ha som intensjon å framstille Geir Roald Hodne som ein utstøytt, einsam ulv som på grunn av sitt alternative livssyn og konspirasjonsteoriar med rette hadde mist heile sitt sosiale nettverk. Høyrest dette kjent ut?

Hovudstraumsmedia får sine instruksar frå eigarane sine, og det er lett å gjennomskode dei. Dei har ein agenda om å sverte dei som tenkjer sjølv og dei som ikkje sluker rått alle løgnene som blir servert oss dagleg.

Dei ser òg ut til å gjere eit poeng ut av at Hodne vart mobba i barndommen. Programmering via ymse TV-seriar og filmar har lært den oppveksande generasjonen at mobbeoffer på ein eller annan måte fortener å bli mobba. Mobbing har i våre dagar, spesielt etter «pandemien» i 2020-2022, på mange måtar legitimert mobbing – berre ta ein titt på sokalla «humorgrupper» på Facebook, der annleistenkjande blir hengt ut, hånt og gjort narr av. Å framstille Hodne som eit mobbeoffer får folk til å trekkje den slutninga av han var ein sær tapar som det til slutt klikka for.

Fullt so enkelt er det nok ikkje. Hodne var i full jobb, trena og drakk ikkje alkohol eller tok rusmiddel. Om mobbinga han opplevde i barndommen hadde relevans til politidrapet, eller om det faktum at hans livssyn vart «kansellert» i alle etablerte media og nettverk kan ha skubba han over kanten, vil vi nok aldri få greie på.

Med mindre det på mystisk vis dukkar opp eit manifest heime hjå han. Eit manifest ikkje ulikt det til ABB, der namngjevne «inspirasjonskjelder» står – og der politiet og media på nemnde grunnlag kan oppsøkje desse inspirasjonskjeldene og knuse dei gjennom nådelaus eksponering. Det har jo skjedd før, berre spør Fjordman.

Det skjer ei sjukeleggjering av Hodne i media, som Tveit har observert. Han skriv so treffande:

«For meg ser det ut til at mye av det Geir Roald Hodne gjorde for å mestre livet, var de samme syslene som storsamfunnet ikke klarer å tolerere fordi det ikke passer inn. Å ta grep om eget liv har blitt noe mediene får til å framstå som sykelig og ‘høyreekstremt’.

At denne rørleggeren ikke ville drikke vann som hadde stått lenge i rørene blir presentert som tegn på tiltakende psykisk sykdom, mens man lar være å nevne at samfunnet har blitt giftig mot de som tar vare på seg selv.»

Tveit meiner avslutningsvis at Hodne kan ha kjent på «utanforskap» slik han hadde gjort i oppveksten. Det kan ha vore medverkande faktor til at det, med Tveit sine ord, «rablet for han», ikkje at han hadde eit verdssyn som i våre dagar konstant blir forsøkt fiendegjort. Utan å ta eit oppgjer med fortida, vil den heimsøkje deg resten av livet. Dette gjeld både på personleg nivå og på samfunnsnivå.

Skrive av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget