Stortingsrepresentant med dritproblem kastar seg inn i sjukefråværsdebatten

Sjå òg «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.

iNyheter skriv at stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) for tida slit med «hissig diaré», og at ho difor må bruke bleie på sin sokalla jobb. Ved å stå fram med dritproblemet sitt vil ho vise omverda at det er mogleg å «jobbe» godt trass helseproblem. Ho skriv at «den hissige diareen er strengt tatt ikke grunn til sykemelding».

iNyheter skriv:

«Klinge er overbevist om at vi kan redusere mye av det totale sykefraværet dersom vi greier å øke både individets og samfunnets toleranse for hvilke plager som er akseptable å ha i en jobbsituasjon.

‘Jeg tror mange unge som sliter med sitt er redd for å mislykkes og kan se uføretrygd som en sikkerhetsordning. Men det er ille å gå inn i uføretrygd når alternativet er å kaste seg ut i det skumle og ukjente og faktisk kunne lykkes.’»

Saksyndig nikkar anerkjennande til at Diaré-Jenny står fram med eit pinleg helseproblem, sjølv om eg mistenkjer at ho gjer det for å skryte litt av seg sjølv. Ho går på det ho kallar jobb trass for at vatn stundom sprutar ut ræva på ho. Enkelte vil nok kalle dette for «altfor mykje informasjon». Vi har ingenting med kvaliteten eller konsistensen på avføringa til ein stortingsrepresentant, med mindre ho brått blir pasient på ein sjukeheim.

Ein lesar i kommentarfeltet hevdar at Diaré-Jenny har drite på draget ved å utbasunere eit slikt høgst privat problem. Ein annan refererer til «[y]nkelige Oslokjerringer [som] kryper omkring i media og tigger om medynk der bra folk i det virkelige Norge står han av og bærer sine lidelser med verdighet».

I skarp kontrast til Diaré-Jenny er det visse politikarar som har ordna seg sjukemelding etter å ha metaforisk drite på draget, til dømes sommaren 2023, då tidlegare Raudt-partileiar Bjørnar Moxnes vart teken på fersken i å stele eit par solbriller på Gardermoen. Det viste seg seinare at han òg hadde drive og naska matvarer rundt om i butikkar i Oslo. Han vart sjukemeldt etter episodane på grunn av påstått psykiske problem, ikkje diaré.

Sjå òg «Tjuveri, kleptomani og psykiske helseproblem», publisert 16.november 2023.

Og kven kan gløyme Hadia Tajik og pendlarbustad-skandalen? Ho òg valde å sluntre unna ansvar og plikter ved å ordne seg sjukemelding, visstnok på grunn av «korona» (dette var i 2022).

Sjå òg «Hadia Tajik har brote tilliten til det norske folket», publisert 18.mai 2022.

Avslutningsvis tek eg med ein kommentar frå lesaren «Vanderjus», som skriv at fleire andre på Stortinget òg bruker bleier, mellom andre Lubna (Jaffery), Trygve Slagsmål Vedum og «hu derre fra AP» som vedkomande ikkje hugsar namnet på. Og han/ho skriv til slutt:

«LO-Peggy bruker også bleie… ryktene sier at hun blir amorøs av det.»

Enkelte har ein bleiefetisj, so eit slikt rykte har vel ikkje oppstått ut av det blå. Saksyndig følgjer spent med på fleire «drithistorier» om norske politikarar.

Kommenter innlegget