Hadia Tajik har brote tilliten til det norske folket

Den tidlegare «stjerna» i regjeringa og «kronprinsessa» til Arbeidarpartiet, Hadia Tajik, gjekk for ei tid sidan av som statsråd og nestleiar etter kontroversen rundt pendlarbustadsaken. Det var etter avsløringar om bustadsituasjonen sin at ho valde å gå av. Ifølgje NTB hadde ho pendlarbustader i Oslo frå 2006 til 2010, og oppgav i ein søknad at ho ikkje hadde andre bustadutgifter. VG avslørte at ho hadde leigekontrakt på ei kjellarleilegheit i Rogaland, men ho verken budde der eller betalte for å bu der. Fyrst gjekk ho ifølgje Document «nokså offensivt ut» i ein pressekonferanse der ho gjekk til åtak på pressa for å ta tak i saken. Etter at eit revisorfirma har laga ein rapport om kva Tajik skuldar, vel ho no å etterbetale rundt 200 000 kroner. I motsetnad til si offensive haldning tidlegare, vedgår ho i dag at ho burde ha handtert saken betre, «og forstått alvoret på et tidligere tidspunkt».

NRK sin politiske kommentator Lars Nehru Sand meiner at Tajik kan få ein «nokså lang vei tilbake til det politiske nivået hun befant seg på før dette startet». Det er å seie det mildt. Hadia Tajik har gjennom sitt forsøk på regelrett skattesvindel brote tilliten til det norske folket. Det er for meg openbert at det gjeld andre reglar for topp-politikarar enn for oss vanlege dødelege. Om til dømes ein banktilsett blir teken på fersken i å gjere underslag, blir han avskjediga på flekken og vil truleg ikkje kunne jobbe i bank meir i sitt liv. Å stele pengar frå andre er eit grovt pliktbrot, og viser karakteren til det mennesket. At Tajik som tidlegare statsråd og nestleiar i Ap slepper unna med å tilbakebetale 200 000, er nærast ei hån i forhold til dei drakoniske straffene som råkar mannen i gata om han blir teken i slikt eit nivå av skattesvindel.

Er Tajik ferdig som politikar? Sannsynlegvis ikkje. Ho er ein del av det enkelte kallar den «politisk korrekte sekta», og har i praksis frie hender til å gjere kva det måtte falle ho inn. Kor skakkøyrt Stortinget er, ser vi i at statsminister Jonas Gahr Støre faktisk gler seg til at ho kjem tilbake. Tajik valde etter avsløringane om pendlarbustadsaken å sjukmelde seg, visstnok på grunn av korona.

Om ein ser på mennesket Hadia Tajik, har ho nok hatt det tøft. Ho dundra i avgrunnen etter å ha vore på toppen. Ho har nok hatt sine netter der ho vrir seg i senga og hulkar og grin. Eller kanskje ikkje. Kan hende er dette berre ein del av det politiske spelet. At ho har motarbeidd sjølve grunnideen til Ap – at alle må stå saman om bygging av velferdssamfunnet – er eit faktum. Ingen kan ignorere slikt eit grovt pliktbrot, og det viser korrupsjonen i norsk politikk dersom Tajik blir teken tilbake i varmen. Handlingane hennar og haldningane til det ho har gjort, framstod tidlegare som rein og skjer narsissisme: eigne reglar skal gjelde for ho, som ivrig har moralisert om meir skatt for andre. «Reglar for deg, men ikkje for meg.»

Riktig nok har «vi» valt ho inn på Stortinget. Det vart derimot gjort i god tru om at ho ville vere ærleg, reieleg og sannferdig. Vi har sett bevis på det motsette, men det gjeld til gjengjeld stort sett alle topp-politikarar. Dei lovde gull og grøne skogar, og vi trudde idiotisk nok på dei. Vi valde dei inn i god tru, men dei lét seg velje inn i vond tru. Dei har selt ressursane våre (og truleg òg oss sjølve) til overorgana EU og WHO, der sistnemnde i desse dagar førebur Pandemiavtalen som vil opne opp for tvangsvaksinering, portforbod og stort sett alle tenkjelege brot på naturretten, menneskerettane og Noregs grunnlov. «Vi» valde Tajik å representere våre interesser, og «vi» valde å stole på ho. No får vi i ræva.

Ein lesar med namn «Fabian82» kjem med argumentet at dersom vedkomande hadde snytt Staten for 200 000 kroner i skatt, hadde han blitt tiltalt og dømt til fengsel for grovt skattesnyteri. Kor er Økokrim? Kvifor har ikkje det same skjedd med Hadia Tajik? Kanskje fordi det ikkje er i Noregs eigentlege eigarar at ho hamnar i fengsel. Ho er meir nyttig for dei på utsida.

Fram til måndag 16.mai 2022 var Tajik sjukemeldt på grunn av korona. Det må ha vore litt av ein «variant» ho pådrog seg, ettersom det er fleire månader sidan kontroversen rundt pendlarbustaden. Kanskje var det ei sympatisjukemelding, ein strategi slike som ho gjer når spelet er mellombels tapt og skandalen er eit faktum. Det kan ha fungert, for kor er straffeskatten? Kanskje har ho i kraft av å vere topp-politikar bestemt straffa sjølv. Ingenting overraskar meg lenger når det gjeld politikk. I mellomtida blir vanlege dødelege, dyktige og pliktoppfyllande arbeidarar flådd levande for den minste økonomiske glipp. Om gribbane i A/S Noreg kan tappe dei tom for blod og stele skjorta frå kroppane deira, vil dei gjere det.

Dei blir iallfall ikkje sjukemeldt med lønn for å skåne dei for lova.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s