Det har i Sverige i seinare år oppstått eit fenomen som blir kalla utanforskapsområde. Desse definerer ein artikkel publisert i Document 16.mai 2022 som isolerte bustadsområde med talrike bustadblokker og ein høg andel innvandrarar. Desse områda blir prega av kriminalitet, arbeidsløyse, trygdesvindel, hærverk og offentleg utryggleik. Områda i Sverige som artikkelen nemner er Göteborg-forstadane Hjällbo, Angered, Hammarkullen og Lövgärdet. I Angered er det høg tettleik av familiar der fleire av medlemmane er kriminelle. Politisjefen i Göteborg, Erik Nord, kallar dette «slektbaserte kriminelle nettverk» som «et seg inn i det svenske samfunnet».
Ifølgje ein rapport frå desember 2021 frå ein interesseorganisasjon for eigedomsbransjen og ein utdanningsinstitusjon for same bransjen (høvesvis Fastighetsägarna og Fastighetsakademin), gjer desse kriminelle nettverka at det offentlege blir hindra i å utføre funksjonane sine. Lokale bedriftseigarar blir òg tvinga til å begå kriminalitet og halde seg tause. Med andre ord trugar desse kriminelle nettverka lokalbefolkninga til å hjelpe dei med sin organiserte kriminalitet, på same måte som mafiaen opererer. Ifølgje forfattaren Anna Ekström blir òg offentleg tilsette gjort om til verktøy, friviljug eller ufriviljug, for desse kriminelle strukturane. Expressen skriv at «[d]en seneste tidens forverring av en situasjon som allerede var svært dyster, antas å henge delvis sammen med en desinformasjonskampanje mot svensk sosialtjeneste i arabiske kanaler på nettet.»
Bydelen Rosengård i Malmö i Sør-Sverige – ein temmeleg kort biltur over til København – blir av forfattarane Per Brinkemo og Johan Lundberg i boka Klanen trekt fram som døme på sokalla parallelle klansamfunn som i dei seinare år har etablert seg i dei nemnde «utanforskapsområda» i Sverige. Dei to meiner at desse områda undergrev demokratiet og rettsstaten i landet, noko som ein ser tydeleg i kriminalitetsstatistikken. Fellestrekket her er islam, ein kultur og ein religion som mildt sagt har vist seg å vere lite integrerbar i dei nordiske landa. Kulturen er rett og slett på kollisjonskurs med vestlege verdiar. Sjølv om tanken blant svenske politikarar frå deira synspunkt er god, viser realiteten det motsette.
På ideologisk grunnlag ønskjer ein å innføre multikultursamfunnet og assimilere fjernkulturelle i vestlege samfunn. Er dei ute etter befolkningsutskifting og ein fullstendig dekonstruksjon av dei nordiske samfunna? Snakkar vi om ei endring av demografien? Integrering har vist seg å vere ein lite vellykka strategi, spesielt i Sverige. Ideologi og realitet sprikar i kvar si retning: Dei vil ha assimilering, men segregering er det som skjer. Det oppstår parallellsamfunn der medlemmane kan ha vondsinna intensjonar, til dømes ved at dei opprettar kriminelle slektsnettverk.
Frå eliten sitt perspektiv har eg grunn til å tru at multikulturalismen i aller høgste grad er vellykka. To sopass motstridande partar kan ikkje fungere i fellesskap. Ein av dei må vekk, og det ser ut til at det blir oss. Eliten vil nemleg ha føyelege borgarar som rettar seg etter instruksar frå dei, og vestlege kristne har for høge tankar om sin eigen verdi som menneske. Men står det dermed skrive i stein at fjernkulturelle vil følgje instruksar frå denne eliten, når dei openlyst bryt lovene i sitt nye heimland? Kriminalitet og trygdesvindel er brotsverk mot samfunnet, i tillegg til å vere i strid med Staten sine interesser. Med mindre desse interessene talar for ei fullstendig rasering av heile velferdsstaten. Om det overordna målet er befolkningsreduksjon, er det irrelevant korleis dette skjer, om det skjer ved hjelp av Covid-tortur, mRNA-injeksjonar, framprovosering av krig eller ukritisk masseinnvandring av fiendtleg innstilte personar. Målet heilaggjer middelet, iallfall for eliten. Splitt og hersk fungerer diverre særs godt.
I Noreg er ikkje stoda so ille, ei heller i Danmark. I Noreg kan integreringa av innvandrarar seiast å vere meir vellykka, i og med at kriminelle slektsnettverk ikkje er eit manifestert problem på same måte som i Sverige. Eg tviler på at dei «fjernkulturelle» på den aude sjukeheimen eg jobbar på er med i ein slags «muslim-mafia», eller at dei driv med noka form for lyssky verksemd. So langt er det stort sett språkproblem eg har opplevd, og at dei er temmeleg slappe når dei har sin fastemånad Ramadan. Eg har personleg ikkje opplevd kulturkollisjonar, og dei einaste som til dømes har reagert på at kvinnene og jentene går med hijab, har faktisk vore filippinske innvandrarar. Eg har ein mistanke om at filippinarane nok ser på islam som ein temmeleg sær religion, nærast som ei form for sekt – i kontrast til deira eigen religion, som stort sett er kristendom.
Vestlandet som region er ikkje spesielt innvandrartett, ikkje på same måte som dei svenske forstadene, og ikkje på same måte som Stor-Oslo. Fleire innvandrarar som eg kjenner eller har kjent personleg (spesifikt pakistanarar) har sagt rett ut at dei føretrekkjer Oslo framfor andre byar og distrikta. Dette er fordi deira eigne landsmenn buset seg i Oslo fordi dei helst vil bu i urbane strøk med god tilgang til kollektivtransport. Mange innvandrarar har ikkje førarkort, eller har førarkort som er ugyldig i Noreg – på grunn av språkbarrieren er det særs vanskeleg for dei å ta den norske førarprøva. Difor vel dei vekk distrikta – der kollektivtransport er mangelfull eller ikkje-eksisterande – og buset seg heller i forstader og drabantbyar der det går ein buss på gatehjørnet kvart tiande minutt. Somme av dei driv diverre med trygdesvindel. Eg har personleg kjennskap til afrikanske muslimar som på mystisk vis fekk barn etter barn, til trass for at barnefaren offisielt ikkje budde i Noreg. Faktisk gøymde fyren seg i eit klesskap ein gong eg var der for å utøve vedtaksbestemte tenester i heimen. Mora fekk dobbel barnetrygd og omsorgslønn, men ingen offentlege tenestefolk stilte nokosinne spørsmål ved kor alle barna eigentleg kom frå. Dei høyrer derimot til unntaka, og på grunn av arbeidsgjevar si feiltolking av teieplikta for helsepersonell, fekk eg ikkje lov å seie frå til Utlendingsdirektoratet eller andre statlege organ om denne svindelen.
Offentleg statistikk vil avdekkje at muslimske innvandrarar får langt fleire barn enn etniske nordmenn. Dette er ikkje ein konspirasjonsteori. Med dagens utvikling i fødselsstatistikken vil dei fleste i Vesten vere i mindretal i sine eigne land innan 2050. Deagel kom med sine urovekkjande påstandar for ein del år tilbake at folketalet i kvite, kristne land ville gå kraftig ned innan 2025. I Noreg skal vi etter planen (?) vere 3,8 millionar innan det året. Dette er strengt teke i strid med hypotesen om befolkningsutskifting, for med innvandrarar og deira store barnekull, skulle vi ha sett ein auke i befolkninga innan same tidsrom. Kva enn slags nifse planar eliten har for oss, so ser det òg ut til å involvere våre nye landsmenn. Og i mellomtida bryt samfunnet slik vi kjenner det saman på nær sagt alle tenkjelege nivå.