Sveriges statsminister: «Vi har mislykkast i å integrere innvandrarar»

Den svenske statsministeren innrømmer at dei har mislykkast i å integrere innvandrarar, klagar over at samfunnet er i ferd med å bli «for svakt»

Av Ramon Tomey, Natural News, 10.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Sveriges statsminister Magdalena Andersson innrømte at regjeringa hennar sin multikulturalisme-politikk var ein dundrande fiasko. Ho klaga òg over at det svenske samfunnet er i ferd med å bli «for svakt», noko som fekk kriminalitetsratar til å auke eksponentielt, takka vere innvandrarar.

«Integreringa var dårleg og, saman med det, har vi opplevd intens innvandring. Samfunnet vårt var for svakt, medan midlar til politiet og sosialtenester var for få. Segregering har gått so langt at vi har parallellsamfunn i Sverige. Vi bur i same landet, men i ulike røyndommar,» sa Andersson i ein tale 28.april.

Ifølgje RMX News, har statsministerens svenske sosialdemokratiske parti (SAP) vore ved makta i 28 år. I den perioden har svenske statsborgarar fødd i eit anna land dobla til to millionar; innvandrarar representerer no 20% av den svenske befolkninga. Talet innvandrarar som bur i Sverige er langt høgare samanlikna med deira nordiske naboar Finland, Noreg og Danmark – som har teke ei hard linje mot innvandring.

Valdskriminalitet bles opp med 300% etter at den SAP-kontrollerte Riksdagen, det svenske parlamentet, einstemmig tok til seg multikulturalisme. Valdtekter auka òg med 1472% etter skiftet, noko som propellerte Sverige opp til andreplassen på lista over valdtektsplaga land etter Lesotho i sørlege Afrika.

Skyteepisodar i Sverige nådde òg ein rekord i 2021, med 46 drepne i 335 skyteepisodar i landet. Dei fleste av desse skyteepisodane fann stad i Malmö, Göteborg og Stockholm – alle innvandrar-hotspots. Svensk politi er mindre og mindre i stand til å gjere noko med aukande kriminalitet utført av gjengar av innvandrarar, noko som bidreg til at landet igjen tek ein andreplass når det kjem til skytevåpenkriminalitet, nest etter Kroatia.

Sverige sitt rykte som eit sentrum for valdskriminalitet har nådd over landegrensene – ein lang veg frå deira rykte som eit av dei tryggaste europeiske landa to tiår tidlegare.

I 2021 hadde den tyske avisa Bild ei overskrift som sa: «Sverige er det farlegaste landet i Europa.» Flyktningar som rømde frå Russland-Ukraina-krigen tidleg i 2022 gav òg uttrykk for ønske om å ikkje bli sendt til Sverige, ettersom landet var «for utrygt».

Paludan: Sverige burde vere meir «forsiktige» med kven dei slepper inn

Andersson sine kommentarar kom etter valdeleg opptøyar i påskehelga som involverte islamske innvandrarar. Opprørarar gjekk til åtak på polititenestefolk og sette fyr på politikøyretøy, og etterlét 100 såra. Opptøya hadde sitt opphav i den høgreekstreme politikaren Rasmus Paludan si brenning av Koranen, islams heilage bok, i nabolag med i hovudsak islamske bebuarar.

Paludan, som leiar Rett Kurs-partiet, sa til RAIR Foundation i april at han har som mål å «utdanne folket om dei skadelege effektane av islam, kjempe mot implementeringa av islamsk lov i Sverige og Danmark og beskytte svenskar som er under åtak frå islamske overherredøme-tilhengjarar.»

«Sverige har blitt mykje meir uroa av islam enn Danmark. Handlingane våre har vist at ytringsfridom og rett til fredeleg forsamling ikkje lenger eksisterer i Sverige. No er Sharia loven i landet,» sa den svensk-danske politikaren.

Ifølgje Paludan burde Stockholm vere meir forsiktig med kven dei slepper inn i Sverige.

«Meir enn ein million menneske i Sverige trur ikkje på ytringsfridom, fridommen til fredeleg forsamling og demokratisk fridom. Sjølve konseptet demokrati er ikkje lika av desse folka.»

Han kom òg med kritikk av politiet sin makteslause respons forårsaka av islamske innvandrargjengar, og påpeikte at denne svake responsen viser seg fatal når ein har å gjere med «primitive krefter som berre forstår maktas språk.»

Det at det svenske politiet mislykkast i å halde innvandrarvald i sjakk og oppretthalde ein grunnlovsfesta rett, for fysisk svakheit, og la til at det at politiet aktivt avgjer å ikkje eingong prøve å oppfylle sin misjon, utgjer mental svakheit.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s