Mike Adams fryktar atomkrig og slutten på verda slik vi kjenner den: Har skifta namn på podcasten sin frå «Situation Update» til «Citizens’ Log»

Mike Adams (med tilnamnet The Health Ranger) er kjent som grunnleggjaren av nettstadene Natural News og NewsTarget, i tillegg til å ha grunnlagt straumetenesta Brighteon. Han er i tillegg ein publisert forskar, forfattar, dataprogrammerar, musikar og podcastar. Han har i lengre tid spådd ein kollaps av verda slik vi kjenner den, og spår at dette vil skje so nyleg som no i 2022. Han har sidan 4.november 2020 (dagen etter at presidentvalet i USA vart «stole» ifølgje han sjølv) produsert podcasten Situation Update, med i snitt 5-6 episodar i veka. Der har han teke opp samfunnsaktuelle tema med ei vinkling som hovudstraumsmedia ikkje vel – truleg etter instruksar frå sine eigarar.

9.mai annonserte Adams at podcasten har skifta namn. No heiter den Citizens’ Log («borgarane sin logg»). Som han sjølv skriv (saksyndig si omsetjing):

«Kvar episode vil halde fram å dekkje daglege observasjonar rundt den totale kollapsen av vestleg sivilisasjon som blir styrt – og globalistkrigen mot menneskerasen – men no vil den bli presentert i historisk kontekst for dei overlevande som kanskje vil lytte til den i framtida. Kanskje vil dei vere nysgjerrige på korleis menneskesivilisasjonen begjekk massesjølvmord i ‘framsteget’ sitt namn.

Kvar episode vil bli brent på ein audio-CD (optisk format, som er særs motstandsdyktig mot fysisk skade) og gravlagt i ein tidskapsel-container på ein stad som vil bli merkt på ein måte som skil seg ut, som er designa for å overleve global termonukleær krig. Håpet er at framtidige overlevande vil finne bunken med audio-CD-ar og framleis ha den basiske teknologien til å spele dei av.»

Utifrå føremålet med Citizens’ Log, kan det verke som om Adams forventar at samfunnet vil gå under i snarleg framtid. Dette er på grunn av synet hans på Ukraina-krigen. Han meiner at Vesten tvingar Putin til å slå til med eit atomvåpenåtak:

«Det er i ferd med å bli openbert for mange no at USA og NATO med vilje dyttar Russland inn i global termonukleær krig. I klassisk spelteori kan du førestelle deg to skorpionar i ei krukke, der kvar av dei er i stand til å drepe den andre, men ikkje før den andre kan slå igjen, noko som i praksis drep begge to. Eg føretrekkjer å bruke analogien om to cowboyar i ein saloon, der kvar av dei har eit ladd skytevåpen retta mot hovudet til den andre. So fort USA/NATO-cowboyen erklærer at målet deira er den fullstendige øydelegginga av Russland og at der finst ingen felles arena og ingen gjenoppretting av geopolitisk anerkjenning av Russlands rett til å eksistere, er det i Russland si interesse å skyte fyrst (og håpe at dei kan dukke unna gjengjeldingselden).»

Han meiner Russland er trengt opp i eit hjørne, og at det berre er eit tidsspørsmål før Russland viser musklar. Byar som Paris, Berlin og London ligg berre 200 sekund unna for eit særs destruktivt våpen. Han pakkar ikkje ting inn når det gjeld strategien til toppleiinga i sitt eige land:

«Likevel er den ekstreme arrogansen til den illegitime, kriminelt okkuperande fiendestyrken i Washington D.C. – «Biden-regimet» – verkeleg utruleg. USA og NATO oppfører seg som om dei er usårlege mot atomvåpen-gjengjelding. Dei læst som om deira eigne nasjonar fungerer godt, med fullt-fungerande forsyningslinjer og ein arbeidsstyrke klare til å produsere meir våpen, saman med ein stabil innanlands valuta til å finansiere ein krigsinnsats.»

Dette er so langt frå sanninga som ein kan kome:

«United States of America er på randa av kollaps heilt av seg sjølv, med ein nesten-kollapsa kultur av folk som nektar å arbeide, ein kollapsande forsyningskjede og ein kollapsande dollar-valuta. For å setje prikken over i-en, blir landet (tilsynelatande) styrt av ein mentalt inkompetent demenspasient som vart kasta inn i makt gjennom eit kriminelt rigga (stole) val i 2020.»

Han skriv vidare at demokratiet er dødt i USA, og at ytringsfridom har blitt so godt som forbode. USA står ifølgje Adams på kanten av borgarkrig, «likevel trur dei sinnssjuke, arrogante amerikanske leiarane at dei kan skamslå Russland til lydigheit ved å vere store i kjeften og truge med økonomiske sanksjonar[…].»

Medan USA går den vegen høna sparkar, gjev Zelensky troppane sine ordre om å halde linja for ein kvar pris. Russland sitt artilleri utmanøvrerer ifølgje enkelte kjelder det ukrainske artilleriet med ein faktor på 100 til 1. Slik tilsynelatande staheit er reine sjølvmordet, i og med at «Russland har perfeksjonert sine metodar å drepe ukrainske soldatar: 1) bruke dronar for å identifisere faste fiendeposisjonar, 2) treffe dei med nonstop-artilleri for å produsere 75% (eller noko sånt) dødsfall, 3) sende inn stridsvogner for oppryddinga.»

Prisen Zelensky betaler for å be soldatane sine om å halde linja, er altso skyhøge tal omkomne. Adams reknar det som sannsynleg at NATO-troppar vil møte den same lagnaden:

«Akkurat no fokuserer Russland på å eliminere ukrainske troppar, heller enn å faktisk vinne terreng (bortsett frå i sør, der Russland skyt seg veg mot Odessa). Fordi Russland veit at so fort Ukraina går tom for troppar for å prøve å bruke NATO-våpen, vil NATO omsider måtte sende sine eigne patetiske snøflak-troppar.

NATO-troppar er snøflak. Dei er svake og mjuke, mykje slik som leiarskapen i det amerikanske militæret, som er meir opptekne av å støtte transkjønnsideologi-operasjonar for troppane heller enn å trene menn opp i å kjempe som menn.

NATO er ingen match for Russlands militære makt. Dei er ikkje eingong nær.»

Russland kan skyte opp eitt einaste EMP-våpen og kaste heile Vest-Europa inn i den mørke middelalderen. Dei har òg undervassdronar som kan sleppe laus ei radioaktiv tidevassbølgje som vil rasere kystbyar og gjere dei ubebuelege i fleire hundre år:

«Og sjølv utan slik ein manøver øydelegg Vest-Europa seg sjølv gjennom økonomisk sjølvmord – der alt stammar frå den latterlege og idiotiske «klimaendrings»-bløffen – so alt Putin treng å gjere, er å vente på den komande vinteren og følgje med på at Tyskland, Frankrike, Polen og Storbritannia frys i hel (eller svelt i hel, eller stengjer ned sin industrielle base, eller kanskje alle tre). USA, på liknande måte, trykkjer seg veg til finansiell tilinkjegjering medan nasjonens kultur ramlar hovudstups inn i regelrett galskap og uforståeleg åtferd gjennom den politiske venstresida. Vekke er dagane med rasjonell debatt, evidensbaserte skuldingar og funksjonell logikk. Det har alt blitt erstatta av tankelaus skriking, vald og hat mot alt som er godt.»

Lytt òg til podcasten som Mike Adams publiserte 9.mai 2022.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s