Ein stressa sjukepleiars utviklingstvang

Det er onsdag og tid for denne månadens felles personalmøte. Dette tydar at den nifse einingsleiaren samlar dei tilsette i møterommet i andre etasje og informerer om stoda i etaten, og legg fram sine planar og visjonar for denne kommunale sjukeheimen si framtid. 32 år gamle Susann trippar sinnssjukt pissetrengt ned trappene saman med resten av «saueflokken». Dei veltar fortumla inn i rommet og finn dei spinkle, simple kommunestolane. Einingsleiar står framme ved podiet, som mest av alt liknar «åstaden» for regjeringa sine pressekonferansar. Ein prosjektør er kopla til den billege kommune-PC-en, og temaet i dagens møte står skrive på fyrste arket av ein PowerPoint-presentasjon.

Einingsleiar startar møtet med å informere at dagens leiarstruktur ikkje fungerer. Der er for mange leiarar og dette kostar etaten «uhøyrde summar». Budsjettet får etatssjefen til å brumme, og kommunaldirektøren til å snerre. Brumming og snerring er aldri bra når det kjem frå slike høge herrar og fruer so nær toppen til den kommunale næringskjeden. Det vil bli kutta ei leiarstilling i næraste framtid, og personen det gjeld vil bli omplassert til ei leiarstilling i ein annan etat. Det einaste andre alternativet er å kutte i personalgruppa, men då kan sjukeheimen risikere å bli stengt av Arbeidstilsynet på grunn av uforsvarleg drift.

I same augneblink reiser sjefen til Susann seg og informerer med teatralsk blanke auge (på eit slags rogalandsk) at ho har bestemt seg for å trekkje seg som leiar for å få meir tid til familien. Einingsleiar er svært glad for å høyre dette, ettersom ho då slepp å bruke styringsretten for å utføre endringsoppseiingar av ein av leiarane. Orda har ikkje før landa på golvet føre den sjokkerte Susann, før leiaren på skjerma avdeling opplyser at ho har søkt på, fått tilbod om og takka ja til ei leiarstilling på ein privat sjukeheim som ligg nærare heimen hennar. Dermed misser 2.etasje to av tre avdelingsleiarar nærast ved eit trylleslag. Dette får ikkje berre budsjettet til å sjå betre ut – no går dei til og med i pluss!

Susann får no ny sjef – ei diger matrone som faktisk er feitare og latare enn Susann. Ho heiter Katrin, og er for tida konstituert leiar på den eine korttidsavdelinga for å avlaste Susann sin (tidlegare) sjef med alle leiaroppgåvene. No blir Katrin etasjeleiar og får tredobla både pasientgruppa og personalgruppa. Susann og Katrin har på ingen måte eit godt forhold, og Susann fortviler over at sjefen som ho har lagt inn aksjar hjå (og skamlaust rævsleikt) i fleire år, no forsvinn. Ho er tilbake på bar bakke når det gjeld forholdet til leiinga, og det forholdet er ikkje akkurat til å skryte av. Susann er allereie i unåde hjå einingsleiaren på grunn av sitt påståtte misbruk av eigenmeldingsretten. Ho er for tida den einaste i personalgruppa som ikkje får lov til å bruke eigenmelding.

Einingsleiar bruker resten av møtet på å presentere tørre tal og innvikla skjema som ingen forstår. Slik utvikling – eller, rettare sagt, utviklingstvang – er ein naudsynt del av arbeidslivet. Dei på toppen keiar seg og vil ha endringar, òg når det ikkje er behov for endringar i det heile. Susann vrir på den feite, sinnssjukt pissetrengte kroppen sin. Katrin sender ho eit overlegent blikk med eit smil av skadefrygd i det feite, pløsete ballongansiktet sitt.

Susann blir etter personalmøtet kalla inn til samtale med Katrin inne på vaktrommet. Dei feite damene får so vidt plass der inne. I likskap med Susann, har Katrin to temmeleg slitne sølvsmykke rundt den knapt nok eksisterande halsen, og dei glitrar like kaldt som dei uttrykkslause reptil-auga hennar.

Katrin går rett på sak, for ho har jævla mykje å gjere no når ho plutseleg har blitt etasjeleiar. Susann har i alle år snakka skit om Katrin bak hennar (feite) rygg, og heile tida har dei feige rottene av nokon kollegaer formidla nemnde skitkasting til Katrin so fort Susann var ferdig med denne baksnakkinga. No er hundre og eitt ute! Katrin veit at Susann hatar ho nok til å ein vakker dag myrde ho i kaldt blod. Det er riktig nok ikkje forbode å mislike ein kollega eller ein sjef, men slik baksnakking bidreg negativt til det psykososiale arbeidsmiljøet. No når Katrin er Susann sin overordna, forventar Katrin at denne negative åtferda sluttar umiddelbart. Med tårer i auga og skamraude ballongkjakar lover Susann på berg og ur at ho ikkje skal ytre so mykje som eit skeivt ord om sin nye sjef til kollegaene.

Faktisk går Susann ned på kne framfor Katrin og tryglar ho om tilgjeving medan ho grin og klynkar som ei lita jente. Om Susann skulle få høyre om «konspirasjonar» i personalgruppa mot Katrin, vil Katrin naturlegvis vere den fyrste ho går til!

Katrin, som har eit stort sinn (og iallfall ein stor kropp!) godtek denne sjølvutslettande orsakinga. Med eit smil informerer Katrin at ho håper på eit godt samarbeid i denne nye og omfattande «reorganiseringa» av sjukeheimen. Deretter landar ho lett og leikent vakttelefonen oppi den små, feite neven til Susann. I same sekund byrjar den å ringje intenst og ustanseleg. Susann må bruke resten av den sinnssjukt travle vakta på å kave mellom avdelingane medan Katrin sit roleg og makeleg inne på sitt nye kontor og legg planar for dei tre avdelingane i 2.etasje.

Og slik går no dagane i denne vonlause bakevja av eit søkkande kommunesjukeheimsskip!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s