9.mai 2022 publiserte Tore Kristiansen ein artikkel i Document der det stod at innvandrarfamiliar no ser ut til å rømme frå Sverige i hopetal. Grunnen skal vere «ville rykte» om at dei svenske sosialkontora vil ta frå dei barna. Som Document skriv, har det tidlegare vore vanskeleg å få innvandrarar i Sverige til å reise tilbake til heimlanda, sjølv om dei har fått avslag på opphaldsløyve og blitt idømt utvisning; dei reiste altso ikkje heim sjølv om dei lenger ikkje hadde lov å vere i Sverige. Dette problemet ser no ut til å ha snudd; no kan dei ikkje kome seg heim fort nok.
Den svenske radiokanalen P4 intervjua nokon med namn Samir, som visstnok skal ha sendt barna og kona til Midtausten i panikk då han fekk eit brev frå sosialkontoret, «[d]ette til tross for at han ikke ante hva brevet dreide seg om». Samir meiner at denne kidnappingsprosessen byrjar med eit brev og sluttar med at dei tek deira eigne barn frå dei. Han og fleire andre familiar vil ha garanti frå sosialkontoret for at dei får behalde barna sine – elles kjem dei aldri til å kome tilbake til Sverige meir.
I tråd med dagens eksepsjonelt intolerante woke-kultur og det sterkt polariserte debattklimaet rundt innvandring frå ikkje-vestlege land, framstiller dei saksbehandlaren sin på sosialkontoret som rasistisk.
Ifølgje P4 skal denne frykta frå å bli fråstolne barna sine, skuldast ei form for desinformasjonskampanje som nokon har sett i verk. Ifølgje Fria Tider skal dette dreie seg om ein organisert påverknadskampanje, medan P4 snakkar om «falske filmar».
I likskap med Resett, har Document eit aktivt og levande kommentarfelt med engasjerte lesarar. Ein lesar med namn «rettnok» skriv at det visstnok skal finne stad mykje barnemishandling i muslimske familiar, noko som gjer at sosialkontoret må ta affære. Vedkomande skriv so at «ingen ting er jo bedre enn at de forlater landet frivillig». Ein lesar med namn «Bjarne Nordal» forundrar seg over korleis dei same innvandrarane som har forlate heimlanda på grunn av krig og forfølging, fint kan reise tilbake på ferie so fort dei har fått ordna norsk statsborgarskap. Ein lesar som kallar seg «Gudrun Gremnes» meiner dette er falske nyheiter, medan «Hans Hansen» spør indirekte om dette er ein aprilsnarr (når vi for lengst har kome til mai månad).
Ein annan lesar meiner denne desinformasjonskampanjen kan vere ein «falsk flagg-operasjon», underforstått at dei svenske styresmaktene kan stå bak. So nyleg som desember 2021 hadde den svenske Riksdagen gjort vedtak om å setje av heile ein milliard svenske kroner for å freiste innvandrarar til å returnere til sine heimland. Tiltaket fekk namnet «återvandringsmiljarden» eller «tilbakevendingsmilliarden» på norsk. Sverige har dei seinare år vore plaga med ekstremt mykje kriminalitet knytt til i hovudsak muslimske innvandrarar, som ser ut til å ha danna «parallellsamfunn med preg av ren slum, med utbredt kriminalitet, utenforskap, forfall og utrygghet» (sitat frå nemnde Document-artikkel om tilbakevendingsmilliard-tiltaket).
Fleire lesarar spør om desse innvandrarane får trygda ettersendt om dei reiser tilbake til heimlanda sine. Sjølve artikkelen gjev ikkje svar på spørsmålet.
Om dette er del av Sverige sin strategi for å «oppmuntre» ikkje-produktive sosialklientar til å reise heim igjen til den tredje verda, ser den i fyrste omgang ut til å fungere. Om det er etisk riktig å truge med å ta frå nokon ungane, kan diskuterast. Dei som har opplevd dei negative konsekvensane av masseinnvandring av kulturar som er fiendtleg innstilt til nordiske verdiar og livssyn, vil nok sjå på dette som gode nyheiter. Målet heilaggjer middelet, eller kva?