Oppdatering om biolaboratorium i Ukraina: Russland impliserer Pfizer, Moderna, Merck, Obama, Soros, Clinton-familien, Biden-familien, Rockefeller-familien og andre
Av Kelen McBreen, InfoWars, 11.mai 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.
Den russiske regjeringa antydar massiv global konspirasjon.
Det russiske forsvarsministeriet (MOD) skuldar i ei melding onsdag 11.mai ei mengd av framtredande politikarar, farmasøytiske selskap og statlege einingar for å ta del i ein global konspirasjon i Ukraina.
Spesifikt påstår MOD at USA og andre NATO-nasjonar har vore del i ulovlege militær-biologiske prosjekt i Ukraina.
Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky sin tidlegare pressesekretær Iuliia Mendel skreiv på Twitter at Russland spreiar «grunnlause skuldingar om at det amerikanske militæret dreiv og utvikla hemmelege biologiske våpen i Ukraina, men at dei denne gongen fekk hjelp av dei farmasøytiske selskapa Pfizer og Moderna.»
Det amerikanske forsvarsdepartementet sitt Biological Threat Reduction-program har bidrege med finansiering til biolaboratorium i Ukraina sidan dåverande senator Barack Obama fekk i stand ein avtale tilbake i 2005.
I eit mistenkjeleg trekk har den amerikanske ambassaden i Ukraina sletta dokument relatert til biolaboratoria frå nettsida si so fort historia vann internasjonal merksemd.
Den russiske regjeringa knytte tidlegare Hunter Biden, George Soros, Pentagon og CDC til biolaboratoria, og påstod, «hovudmålet til dette prosjektet var å utføre ein molekylær analyse av spesielt farlege infeksjonar som er endemiske i Ukraina.»
Russland har drive og klaga til FN om desse fasilitetane i fleire månader, og no har dei gjeve ut meir informasjon som visstnok knyter Big Pharma-selskap til opplegget.
«Ein bør merkje seg at ideologane i dei amerikanske militær-biologiske aktivitetane i Ukraina er leiarane av det Demokratiske partiet,» fastslo den siste briefinga frå Russland. «Altso, gjennom den utførande amerikanske greina vart det danna eit lovgjevande rammeverk for å finansiere militær-biomedisinsk forsking direkte frå det føderale budsjettet. Midlar kom under statlege garantiar frå NGO-ar kontrollert av leiarskapen i det Demokratiske partiet, inkludert investeringsfonda til familiane Clinton, Rockefeller, Biden, og Soros.»
MOD held fram, «Opplegget involverer større farmasøytiske selskap, inkludert Pfizer, Moderna, Merck og selskapet som har å gjere med det amerikanske militæret: Gilead. Amerikanske ekspertar arbeider for å teste nye legemiddel som omgår internasjonale tryggleiksstandardar. Som eit resultat reduserer vestlege selskap betydeleg kostnadene til forskingsprogram, og dei oppnår eit betydeleg konkurransefortrinn.»
Ifølgje Russland er eit slikt fortrinn i denne utbreidde konspirasjonen, at «leiarane i det Demokratiske partiet» kan bruke det for å «generere ekstra kampanjefinansiering og gøyme distribusjonen deira».
Den tyske regjeringa blir òg nemnt som ei eining med biolaboratorium i 12 land, inkludert Ukraina.
Russland fastslo, «På den tyske sida, involverer programmet Institutt for væpna styrkar mikrobiologi (München), Robert Koch-instituttet (Berlin), Loeffler-instituttet (Greifswald) og Nocht-instituttet for tropisk medisin (Hamburg).»
Vladimir Putins regjering sa, «Involveringa av institusjonar som er underordna Bundeswehr bekreftar den militære orienteringa,» om forskinga Tyskland er involvert i.
I tillegg var Polen visstnok involvert i enkelte ukrainske biolaboratirum, der dei samarbeidde med den USA-baserte Pentagon-entreprenøren Battelle Institute.
Russland la til meldinga si ei åtvaring, «provokasjonar blir førebudde for å anklage dei Russiske væpna styrkane for å bruke masseøydeleggingsvåpen, følgt av ei ‘syrisk scenario’-etterforsking for å fabrikkere det naudsynte bevismaterialet og plassere skuld.»
Kiev-administrasjonen sitt krav om personleg hud- og luftvegsverneutstyr for å beskytte mot giftige kjemikaliar og biologisk kontaminerande agentar, er bevis på den nærståande falsk flagg-operasjonen, ifølgje det russiske MOD.
«Denne spesial-militæroperasjonen til Dei russiske væpna styrkane har kryssa den amerikanske militær-biologiske ekspansjonen i Ukraina, og stoppa kriminelle eksperiment på sivile,» konkluderte pressemeldinga.
[…] ______________________________________________________Innlegget er hentet fra Saksyndig______________________________________________________ […]
LikarLikar
[…] ______________________________________________________Innlegget er hentet fra Saksyndig______________________________________________________ […]
LikarLikar