Psykologtidningen: Det blir stadig fleire psykisk utviklingshemma i Sverige

Sjå òg «Er den vestlege verda i fritt fall når det gjeld moral og intelligens?», publisert 25.desember 2021.

Ein artikkel i Free West Media referer til ein studie publisert i det svenske tidsskriftet Psykologtidningen, der det blir slege alarm om ein sterk auke i diagnosen «mildt intellektuelt handikap» i Sverige. I Örebro er denne auken på meir enn 600%. På same tid åtvarar forskarane at IQ-en fell i Sverige år for år. Free West Media-artikkelen spør so om svenskane blir dummare.

Intellektuelt handikap, eller psykisk utviklingshemming (PU), som det vanlegvis blir kalla i Noreg, er kognitiv svekking som ikkje skuldast demenssjukdom eller hjerneskadar som skjer i vaksen alder, og som oppstår i den sokalla utviklingsperioden, altso at tilstanden anten er medfødd eller oppstår før hjernen og sentralnervesystemet er ferdig utvikla. Kognitiv svekking skuldast hjerneskadar, men ikkje alle får PU-diagnose i barndommen. Spesielt lette former for PU kan forbli uoppdaga heilt opp i vaksen alder, gjerne i tilfelle der omsorg frå foreldra har «maskert» dette låge funksjonsnivået. Dette blir ofte oppdaga når personen flyttar heimanfrå og er forventa å meistre dagleglivets aktivitetar (ADL) på eiga hand. Manglande evne til å meistre ADL er i Noreg eit av diagnosekriteria for PU. Dei fleste psykisk utviklingshemma er lettare psykisk utviklingshemma.

Talet vaksne med PU-diagnose i Sverige auka med 143% mellom 2008 og 2020. Talet barn i spesialskular har i Stockholm auka med 30% sidan 2016. I Örebro fylke er auken heilt oppe i 617%.

IQ er ein parameter som er brukt for å måle intelligens, og ein IQ på 100 blir sett på som normalen. Vanlegvis byrjar PU på ein IQ under 70, men det er ikkje automatikk i at personar med IQ under det talet blir klassifisert som PU/intellektuelt handikappa.

I Örebro bur det innvandrarar frå rundt 165 ulike land. Dette fører ein over i ei meir kontroversiell tolking av det tilsynelatande fallet i IQ hjå den svenske befolkninga: Det er ikkje svenskane sjølv som blir dummare – i staden er det masseinnvandring frå enkelte land som lågnar gjennomsnittsintelligensen og som aukar proporsjonen av personar med PU i samfunnet. Det at Örebro kjem verst ut når det gjeld fall av IQ, og samstundes har svært stor grad av masseinnvandring, kan derimot berre vere ei statistisk tilfeldigheit.

IQ kan i enkelte tilfelle vere ein dårleg indikator på kor «smart» nokon er. Sunt bondevit er noko heilt anna enn bokleg intelligens. Personar med høgtfungerande autisme vil vere å rekne som geni på eitt bestemt felt, men treng som regel oppfølging for å meistre ADL. Motsett kan ei firebarnsmor med alvorleg dysleksi utmerka fungere godt i kvardagen, sjølv om ho stundom stavar sitt eige namn feil. Evolusjonsmessig «vinn» dyslektikaren dermed over autisten, for ho har ført slekta vidare medan det er usannsynleg at han vil gjere det same.

Dette kan vere ein av grunnane til at det har skjedd eit paradigmeskifte innan intelligensforsking. Etter kvart som diagnostiske manualar har blitt oppdaterte, fokuserer ein ikkje lenger einsidig på IQ-testar, men i staden på kor godt individet fungerer i kvardagen; altso kor gode ADL-ferdigheiter dei har. Høg IQ og dårleg ADL kan i praksis medføre PU-diagnose, medan det omvendte ikkje alltid skjer. Dette er ifølgje psykiatri-etterforskar Peter Salmi.

Fleire barn hamnar på spesialskular i Stockholm fylke. Ifølgje Monica Kierkegaard, som har oversyn over Stockholm by sine skulepsykologar, kan dette skuldast at parameterane for måling av intelligens har blitt sopass mykje utvida at vurderinga har blitt meir subjektiv.

Sverige følgjer ein trend som ein ser i dei nordiske landa: IQ-en går nedover. Forskaren James Flynn frå New Zealand meiner at faktorane som aukar IQ har mist krafta si, som han sa til tidsskriftet Forsking och Framsteg. I andre europeiske land som Storbritannia, Tyskland og Nederland er der ein stagnasjon i IQ – den går verken opp eller ned. Professor emeritus i systemanalyse ved Aalto universitet i Helsinki, Kyösti Tarvainen, åtvara i 2021 at den svenske gjennomsnitts-IQ-en vil falle under 90 i løpet av det neste hundreåret etter kvart som svenskar på grunn av demografiske endringar vil ende opp som ein minoritet i sitt eige land. Dette meiner han, basert på si tidlegare forsking, vil skje innan 2065.

Ein større studie frå 2017 i tidsskriftet Intelligence spår at gjennomsnitts-IQ-en i dei nordiske landa, med dagens tendens, vil falle med so mykje som sju poeng innan 2025 (!).

Ein antydar forsiktig at ein lang periode med auke i innvandring kan stå bak den fallande IQ-en. Eit faktum ikkje alle vil vedkjenne seg, er at der er ein klar samanheng mellom etnisitet og intelligens på befolkningsnivå. Folk i Aust-Asia, slik som japanarar, koreanarar og kinesarar har ein gjennomsnitts-IQ på rundt 105. Dei i Midt-Austen har ein som ligg mellom 80 og 90. Kvite europearar har ein på rundt 100. Sverige brukte å ha ein på rundt 103-105, men allereie i 2002 hadde den falle til 101. Eit fall i IQ frå 105 til under 90 er dramatisk, om ikkje katastrofalt.

Skuldast denne skilnaden genetikk eller miljøet? Størstedelen av ekspertar innan feltet intelligens meiner at ulikskapane skuldast delvis genar, delvis miljøet. Har ein høgt intelligente foreldre, er det stort sannsyn for at ein sjølv blir høgt intelligent – og omvendt. Ein intellektuelt fattig familie vil til dømes ikkje ha bøker eller musikkinstrument tilgjengelege for barna, slik at dei ikkje oppnår den naudsynte stimuleringa av intellektet i barndommen. Mindre intellektuelt gåverike foreldre vil ofte òg ha dårleg inntekt, og dermed dårleg evne til å skaffe næringsrik mat til barna, som dermed veks opp med søppelmat som kan hindre den normale utviklinga av hjernen.

Om gjennomsnitts-IQ-en i landa som innvandrarane kjem frå er lågare enn den i dei nordiske landa eller ikkje, har mange innvandrarar problem med å tilpasse seg den interne logikken i landa dei utvandrar til. Ein innvandrar har ikkje berre utfordringar knytt til å lære seg det lokale språket, men òg utfordringar relatert til det å lære seg ein heilt ny kultur av normer og verdiar. I ein overgangsperiode vil dermed innvandraren ha ADL-ferdigheiter som ligg på PU-nivå. For somme tek denne overgangsperioden aldri slutt, og det er eit ope spørsmål om dette skuldast manglande evne eller manglande vilje.

Ifølgje forskarar ved Karolinska institutet har dei med intellektuelt handikap (PU) større risiko for å utføre seksuelle lovbrot enn dei med normal intelligens – faktisk so mykje som 6,5 gonger større risiko. Lærar Johanna Karlman i Borlänge fortalde svensk radio korleis vaksne innvandrarar var ute av stand til å tolke skilt og biletsymbol, faktorar som har lite med det lokale språket å gjere, og som heller har med intelligens å gjere. Ho seier at enkelte faktisk òg har vanskar med å lære seg klokka.

Sverige har dei seinare år opplevd urovekkjande auke i kriminalitet, der brotsverka i hovudsak blir gjort av gjerningsmenn frå ikkje-vestlege, som regel muslimske land.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s