Av Ethan Huff, Natural News, 16.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Ein klinisk psykolog i Storbritannia seier at meir enn halvparten av hennar tenåringspasientar no identifiserer seg som «trans», takka vere kontinuerleg LGBT-indoktrinering på skulen og i media.
Psykologen, som har valt å vere anonym, seier at ho for tida behandlar eit dusin familiar og har hjelpt mange fleire i dei 40 åra ho har praktisert, men at raten av sjølvidentifiserande trans-tenåringar har sprengt alle skjema.
«I mange tilfelle, sa ho, kjem ungdommar no til ho med psykiske vanskar og sjølvmordstankar, som har fått lov til å skifte frå eit kjønn til eit anna i ung alder, nokon gonger sjølv i fem- eller seksårsalderen,» er ho sitert på å seie.
I mange tilfelle korrelerer foreldra til dei barna deira psykiske vanskar med kjønnsdysmorfi. Av ein eller annan grunn ser dei ikkje samanhengen mellom å ha ein transidentitet og det å vere alvorleg psykisk sjuk.
«Forelderen sit som regel og fortel meg om tenåringen sin, om deira mentale lidingar, sjølvmordstankar og sjølvskade, og deretter nemner dei nett i forbifarten, so innskote at eg knapt legg merke til det, ‘åh, og han er ein transgut (eller -jente), og skifta kjønn då han (eller ho) var fem (eller seks eller sju), men det er i orden’,» la psykologen til i ein online-artikkel ho skreiv for TransgenderTrend.com.
Barn som blir fysisk om til «trans» kan aldri gå fullstendig tilbake til normalen, åtvarar ekspert
Ifølgje denne eksperten, blir foreldra «selt ei løgn» om transkjønnsideologi. Der er ingenting ved det som er normalt eller sunt, spesielt når det blir pusha på barn i ein ekstremt låg alder, som no er urovekkjande normalt i Vesten.
Ho seier at medan sosial overgang er reversibelt – som tydar at ein transperson kan velje å ikkje lenger vere trans og gå tilbake til normalen i sosiale settingar – er fysisk tilbakevending umogleg.
«Når vi koplar dei frå sitt biologiske kjønn, set vi opp mønster av fornekting og løyndommar,» seier psykologen. «Vi set dei opp til å hate kroppane sine i puberteten, å trygle om blokkerarar og bindarar, fordi vi i årevis har fortalt dei at dei kan skifte kjønn, og dei trudde oss.»
«Dei er desperate etter å gå tilbake til dei åra då ingen visste noko anna, men den tida vil aldri kome tilbake. Tida er ikkje reversibel.»
Fordi ho står i fare for å bli kalla «transfobisk» og få heile sin karriere øydelagt for å seie desse tinga, forblir identiteten til psykologen ukjent. Vi veit derimot at ho praktiserer i Sør-England.
Interessant nok spelte Wuhan koronavirus (Covid-19)-nedstengingane ei stor rolle i å overbevise fleire barn enn nokosinne å kappe av seg kroppsdelane sine. Overbruk av sosiale media, spesielt på plattformer som Snapchat og TikTok, eksponerte fleire titals millionar av barn for ekstrem transindoktrinering.
«Påverkarar» på desse plattformene spreidde feilinformasjon om korleis ein skjer av seg kroppsdelar og legg til nye, vil få barn til å føle seg «normale» og at dei «høyrer til». No har fleire av desse barna gjort uoppretteleg skade på kroppane sine og kan aldri gå tilbake.
«Med tanke på omfanget av hjernevaskinga som finn stad på skular, burde ikkje det faktum at dei trur at dei er transkjønna kome som noka overrasking på nokon,» skreiv nokon på Infowars.
«Folk i profesjonelle ansvarsposisjonar oppmuntrar dei til å skifte kjønn, og at det vil løyse alle problema deira. Det gjer berre ting verre og mange av desse plaga tenåringane endar opp med sjølvmordslyst etter prosedyren.»
«Hugsar de tilbake på 1980-talet då mentalt forskrudd søppel som dette rett og slett aldri skjedde?» skreiv ein annan. «Gutar var gutar, jenter var jenter… og det var det.»