Eit av dei mest urovekkjande aspekta ved «pandemien» var den nærast botnlause likesæla styresmaktene og media hadde til folket sine lidingar på grunn av dei sokalla «tiltaka». Samfunnet vart stengt ned over natta, og på ubestemt tid. Alle si framtid vart sett på vent, og etter kvart som vekene og månadene gjekk i denne høgst uvisse situasjonen, byrja folk å misse trua på framtida. Klart, enkelte fann ei slags merkeleg glede i å sperre seg inne og dekkje til ansikta sine med munnbind kvar gong dei forlét heimane sine. Visse personar såg frå min ståstad òg ut til å finne ei slags nyting i å bli utsett for skremselspropaganda, psykisk terror og infantilisering frå høgste hald. Var det kanskje òg nokon som kjende ei herleg kribling nedantil til dømes den gongen då tidlegare helseminister Bent Høie infamøst stod på podiet med ein meterstokk og tok oss i skule i kor lang ein meter var?
Om denne eksepsjonelle lydigheita frå det norske folk skuldast det Mattias Desmet og Robert Malone kallar massedanningspsykose, eller det ei rekkje fagfolk kallar Stockholm-syndromet, førde det til at dei fleste gjekk inn i ei slags boble der framtida ikkje lenger var so sikker som før. Alt vart sett på vent, og kontakten mellom menneske opphøyrde nesten fullstendig. Normal menneskeleg åtferd vart kriminalisert i so godt som alle dei i overkant av 190 medlemslanda til Verdas helseorganisasjon (WHO). Med tanke på kva slags skremmande juridiske tilstandar WHO sin Pandemiavtale kan bringe oss, og spesielt med tanke på forsyningskrisa og US/NATO sine provokasjonar mot Russland, ville det i beste fall vere tvilsamt å påstå at alt er fryd og gaman, og at vi har ingenting å bekymre oss for.
Under normale omstende er det føremålstenleg å ha ei positiv innstilling til dei slag og spark livet gjev deg. Om du får avslag på ein jobb, eller blir avvist av ei vakker dame, eller ryk uklar med ein venn, so speler det ikkje slik ei stor rolle i det lange løp. Det finst andre jobbar, det finst iallfall andre damer, og venner som forlèt deg so fort du har ein dårleg dag er kanskje ikkje so gode venner i fyrste omgang. Om legen din skulle sjå med ei rynka panne på dei siste blodprøvane dine, so er ikkje det verdas undergang heller. Det finst alltid ei løysing.
Under omstenda som no rår i verda er det derimot ikkje so klokt å ha den innstillinga at alt vil gå bra til slutt. Det finst berre éin klode og éin gjenlevande menneskeart. No når den globale eliten, flankert av blant andre Klaus Schwab, Yuval Noah Harari, Bill Gates, George Soros, Rockefeller-familien, Rothschild, Wallenberg med fleire ønskjer mesteparten av menneskeheita død, er det nærast synonymt med sjølvmord å vere optimistisk. Eg vil faktisk påstå at det er å leve i fornekting.
Om du sit i ein båt som plutseleg byrjar å springe lekk, er det idiotisk å innta lotusposisjon og meditere og satse på at lekkasjen fiksar seg på mystisk vis. Det vil den ikkje gjere. Båten kjem til å søkkje, og du vil drukne. Sameleis om det brått oppstår brann i huset ditt. Du sit ikkje der med eit fårete halvsmil og registrerer kjenslene dine rundt denne personlege katastrofen. Du lettar på ræva og styrtar av garde for å anten finne brannsløkkingsapparat – eller du spring ut av huset før du blir brent levande.
Sameleis med apokalypsen som omtrent trippar utolmodig for å starte. Dei fire ryttarane er so nær at du kan høyre hovane gje gjenlyd i bergveggane. Den metaforiske meteoren har allereie passert månen, og kjem til å dundre ned i jordas overflate medan folk flest sit maskerte i heimane sine og lyttar til sine eigne hjarteslag. Av og til må det handling til, ikkje berre kontroll av kjenslene og tankane dine.
Mindfulness (eller Vippasana-meditasjon) var på moten rundt 2015-2016, om eg ikkje hugsar feil. Då vart «kontorrottene» rundt om i kommunale administrasjonar sendt på diverse kostelege kurs der ymse life coach-ar i vide silkekle stod og prata om «indre ro» og evna til å «leve i augneblinken». Desse kontortilsette – alle av dei halvgamle kjerringar – lærte å lene seg tilbake, ta eit overblikk over situasjonen og puste djupt med magen. Dei skulle ta slike «time-outs» når dei sjølv fann det for godt. Stress var nemleg ei av hovudårsakene til at ein vart stressa og utbrent på jobb, og dermed medverkande årsak til det høge sjukefråværet rundt om i kommunale verksemder.
Eit liknande tilbod vart ikkje gjeve til verken meg eller kollegaene mine, vi som hadde langt farlegare og meir krevjande arbeidsforhold enn dei som berre tilbrakte dagane inne på eit lite kommunalt kontor. Vi køyrde rundt om til psykisk utviklingshemma i to bydelar, og enkelte av dei kunne vere direkte mannevonde til tider. Oss var det liksom ikkje so farleg med, såg tonen frå høgste hald ut til å vere – einingsleiar kunne enkelt erstatte oss med kven som helst rett inn frå gata om behovet skulle vere der. Iallfall trudde einingsleiar at det var slik ting fungerte blant tilsette han knapt ville ha kjent igjen på gata.
Resultatet av desse mindfulness-kursa var at saksbehandlingstida auka dramatisk. Faktisk vart den dobla. Eg hadde mine observasjonar av korleis kontordamene jobba før og etter «kursvåren» 2015. Før gjekk somme av dei ut av sine gode skinn for å kome gjennom alle oppgåvene i løpet av arbeidsdagen. Det var ikkje det at dei hadde so grådig mykje å gjere – det var vel heller det at dei ikkje hadde ein god arbeidsmetode. Dei fekk liksom aldri ting gjort. Klart, ingen av dei var universitetsutdanna, slik som eg (og å jobbe effektivt er noko av det fyrste ein lærer på universitetet). Mesteparten av dei hadde gått sine tre år på høgskule, anten vernepleie eller handel og kontor. Ei av dei var faktisk ein hjelpepleiar som hadde gått på nokre kurs i samband med omskolering. Desse sat med alt frå løn og rekneskap til diverse koordinator- og rådgjevarstillingar.
Etter desse kursa var riktig nok ikkje desse damene stressa på jobb lenger. No sat dei heller og mediterte medan arbeidet tårna seg opp, klientane venta i månadsvis på å få kome til og prate om problema sine, og medan telefonane ringde so dei nesten hoppa av røyra. Sjukefråværet gjekk betydeleg ned, men det gjorde diverre effektiviteten til administrasjonen òg. Her kan ein nok hevde at arbeidsgjevar for éin gongs skuld tok omsyn til dei tilsette, heller enn å fokusere berre på resultat i denne resultateininga – men det får då vere måte på!
Alle som trur at «pandemien» er over, at tiltaka var heilt naudsynte, og at alt hovudstraumsmedia skriv om både dei og krigen i Ukraina er sannferdig og Sanninga med stor S, lid etter mitt syn av patologiske vrangførestillingar. Spesielt dei som trur at alt vil ordne seg, og at alt vil gå tilbake til normalen. Vel har dei eit positivt livssyn, men det er fordi dei lever i høgste fornekting rundt realitetane. Dette er særs mørke tider, og dommedag kan kome når du minst ventar det. Den globale eliten har lansert krigen i Ukraina som ei avleiing for folket, medan dei i bakgrunnen legg planane klare for den endelege masseutryddinga av menneskeheita.
Situasjonen er no so ille at berre eit mirakel kan redde oss. Mirakelet er det folket som må syte for, ved å ta til motmæle mot det komande globale diktaturet på ein fredeleg, ikkje-valdeleg måte. Slik dissens til den offisielle forteljinga kan ein finne blant oss som skriv i alternative media: nettstadene Steigan, Derimot, Document, Hemali, Binders, Foreningen for lov og helse, og til ei viss grad Resett, har vore viktige lyspunkt i denne beksvarte perioden i historia. Prominente engelskspråklege nettstader som har briljert med sanning i ei tid med store løgner, er Natural News, The Exposé, ZeroHedge, The Epoch Times, LifeSiteNews, Alex Jones sitt InfoWars, The Stew Peters Show og – til ei viss grad – The Joe Rogan Experience (med intervjuet med Robert Malone 31.desember 2021). Der finst mange, mange fleire motrøyster til den offisielle forteljinga, desse er berre dei eg kjem på i farten.
Alternative media har gjort jobben sin der journalistar frå hovudstraumsmedia har feiga ut etter instruksar frå sine eigarar. Alle som les berre hovudstraumsmedia har difor gått glipp av ufatteleg mykje viktig informasjon. Hadde fleire lese alternative media, ville langt fleire ha stilt spørsmålsteikn med pandemitiltaka, massevaksinasjonskampanjen til Big Pharma og krigen i Ukraina.
Klart, eg klandrar ikkje folk for at dei ikkje veit om dei viktige aktørane innan alternative media. Eg visste ikkje eingong om alternative media før i januar 2021, då eg vart kjent med Resett, Steigan og Derimot. Og det skulle li heilt til november same året at eg oppretta bloggen Saksyndig for å gje meg sjølv og andre eit talerøyr i ei tid med eksepsjonell intoleranse for alternative synspunkt, og ikkje minst sjokkerande sensur av avvikande meiningar. Katastrofane som i 2021 fann stad i mitt eige liv tvinga meg til å realitetsorientere meg, finne alternative nyheitskjelder og finne ut kva som eigentleg skjedde. Snart byrja fleire og fleire bitar i puslespelet å falle på plass.
Medan munnbind var å sjå på alle norske ansikt i 2021, er det no for tida svært langt mellom kvar gong eg ser desse lyseblå underkastingsmaskene. Men eg veit betre enn å tru at marerittet er over. Kan hende diktar WHO opp ein ny pandemi so tidleg som til hausten. I verste fall vil dei då ha mandat til å overkøyre alle dei suverene medlemsstatane sine lokale lover, slik at WHO dermed blir ei de facto verdsregjering med ikkje berre definisjonsrett på når ein sjukdom er ein pandemi, men òg når desse unntakslovene skal innførast, og kor lenge dei skal vare.
Vi lever i interessante tider, men her må dette adjektivet på ingen måte tolkast positivt!