Av Michael Snyder, End of the American Dream, 15.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Monkeypox [bokstavleg tala «apekoppar»; oms.an.] er ein sjukdom som eg har overvaka ei god stund no. Det skal ikkje kunne spreie seg lett frå menneske til menneske, og eg håper det framleis er sant. Men tilfelle hjå menneske driv no og dukkar opp i Storbritannia, og styresmaktene veit ikkje heilt korleis det spreier seg. Som vi har sett med Covid, kan dødelege sjukdommar mutere på farlege og uføreseielege måtar. Og som vi òg har sett, kan ei handfull tilfelle til slutt bli om til ein verdsomspennande pandemi. So vi burde definitivt halde auge med dette alarmerande nye utbrotet i Storbritannia, fordi det kan potensielt bli om til noko mykje større.
På laurdag [14.mai 2022] annonserte helsestyresmakter i Storbritannia at to fleire tilfelle hjå menneske av monkeypox har blitt bekrefta:
«To fleire tilfelle av ein sjeldan viral monkeypox-infeksjon har blitt diagnostisert i England, sa helsestyresmaktene laurdag, og la til at dei ikkje er knytt til eitt som vart rapportert for ei veke sidan.
Det britiske Health Security Agency (UKHSA) sa at dei mest nylege infeksjonane involverte folk som budde i den same hushaldninga, og at ei etterforsking var undervegs for å avdekkje kvifor dei fekk viruset.»
Men desse to nye tilfella hadde ikkje nokon kontakt med det fyrste tilfellet som vart bekrefta 7.mai.
So styresmaktene er i eit kappløp for å finne ut korleis dei kunne ha fått det.
Når det gjeld tilfellet som vart bekrefta 7.mai, trur styresmaktene at offeret vart smitta i Nigeria:
«Det kjem etter det fyrste tilfellet vart oppdaga hjå ein person som nyleg flaug til Storbritannia frå Nigeria 7.mai.
Pasienten fekk spesialistomsorg i ei isoleringseining ved Guy’s og St Thomas’ sjukehuseining for smittsame sjukdommar i London, i følgje UKHSA.»
Forhåpentlegvis har desse tilfella blitt isolerte raskt nok, og offentlege tenestefolk vil vere i stand til å kontrollere desse utbrota med suksess.
Fordi monkeypox er ikkje noko du har lyst til å kødde med.
Det liknar på koppar, men dei gode nyheitene er at det er vanlegvis ikkje so alvorleg. Følgjande kjem frå CDC si offisielle heimeside:
«Blant menneske er symptoma på monkeypox like på, men mildare enn symptoma på koppar. Monkeypox byrjar med feber, hovudverk, muskelverk og utmatting. Hovudskilnaden mellom symptoma på koppar og monkeypox er at monkeypox får lymfeknutar til å svulme opp (lymfeadenopati), medan koppar ikkje gjer det. Inkubasjonsperioden (tida frå infeksjon til symptom) for monkeypox er vanlegvis 7-14 dagar, men kan variere frå 5-21 dagar.»
Sidan det har so lang inkubasjonsperiode, vil det gjere det til ein ideell kandidat for ein global pandemi dersom det muterer om til ei form som kan spreie seg lett blant menneske.
Ifølgje CDC har monkeypox ein dødelegheitsrate blant menneske på rundt 10%:
«Sjukdommen varer typisk 2-4 veker. I Afrika har monkeypox blitt vist å forårsake død blant so mange som 1 av 10 personar som får sjukdommen.»
Covid har ein dødelegheitsrate på mykje mindre enn 1% blant menneske, og det lamma kloden i to år.
So kan du førestille deg kva ein pandemi med ei dødelegheitsrate på rundt 10% vil gjere?
Når ein snakkar om pandemiar, held fugleinfluensa fram med å spreie seg som eld i tørt gras over heile USA.
Sist veke vart eit tilfelle bekrefta ved ein kommersiell fasilitet i delstaten Michigan for fyrste gong:
«Delstaten har funne fugleinfluensa på ein kommersiell kalkunfarm i austlege Muskegon fylke, noko som tvingar farmen til å drepe bestanden sin i eit forsøk på å hindre viruset i å spreie seg.
Medan delstaten ikkje kom ut med namnet på farmen, har ein tilsett ved Sietsema Farms bekrefta til News 8 at ein av deira fasilitetar er involvert.
Dette er det fyrste bekrefta tilfellet av fugleinfluensa i ein kommersiell fjørkre-operasjon i Michigan, seier Michigan Department of Agriculture and Rural Development [delstatens landbruksdepartement; oms.an.].»
Der er framleis nokso mange delstatar som har fullstendig slept unna denne pesten so langt, men i delstatane som den har råka, har konsekvensane vore absolutt øydeleggjande.
PBS rapporterer at «meir enn 37 millionar fuglar har døydd i meir enn 30 delstatar», og sidan det talet er frå tidlegare denne månaden er det sanne dødstalet truleg betydeleg høgare no.
Sidan tidleg februar har vi gått frå eitt bekrefta tilfelle ved ein kommersiell fasilitet i USA, til meir enn 37 millionar døde.
Det er skremmande.
Og for nokre veker sidan bekrefta CDC eit menneskeleg tilfelle av fugleinfluensa i Colorado:
«Ein person har testa positivt for fugleinfluensa A(H5)-virus (H5 fuglevirus) i USA, som rapportert av Colorado og bekrefta av CDC. Dette tilfellet vart funne hjå ein person som hadde direkte eksponering til fjørkre og var involvert i avlivinga (avfolkinga) av fjørkre med mistenkt H5N1 fugleinfluensa. Pasienten rapporterte fatigue [ekstrem utmatting som ikkje går over ved kvile; oms.an.] i nokre dagar som sitt einaste symptom og har sidan friskna til. Pasienten blir isolert og behandla med det antivirale influensalegemiddelet oseltamivir. Medan det er mogleg at oppdaginga av H5 fugleinfluensa i dette eksemplaret [sic!] er eit resultat av overflatekontaminasjon av nasemembranen, kan ikkje dette bli avgjort på noverande tidspunkt, og den positive testen møter kriteria for eit H5-tilfelle. Den passande offentlege responsen no er å anta at dette er ein infeksjon og føreta handlingar for å kontrollere og behandle.»
CDC seier at dødelegheitsraten for fugleinfluensa blant menneske kan vere so høg som 60%.
So vi kan berre håpe at fugleinfluensa aldri muterer til ei form som kan spreie seg lett blant menneske.
Dersom du følgjer arbeidet mitt jamt og trutt, veit du allereie at eg trur at vi har gått inn i ein æra med store pestilensar.
Over heile kloden leikar nysgjerrige vitskapsfolk seg med ekstremt dødelege sjukdommar, og som vi har sett er det altfor lett for dødelege sjukdommar å sleppe ut av eit laboratoriemiljø.
Vi freistar lykka kvar einaste dag, og på eit punkt vil lykka ta slutt.
Forhåpentlegvis vil det ikkje vere i morgon, men rekneskapens dag nærmar seg utan tvil med stormsteg.