Josefine Bru: Jordiske gleder kan berre opplevast i fysiske kroppar, men spirituelle gleder varer evig (Samtale utanfor Auschwitz, 2016)

Kommentar frå saksyndig: Eg møtte Josefine Bru igjen utanfor ein stad der det på 1940-talet føregjekk ufatteleg vondskap og ubegripelege lidingar: konsentrasjonsleiren Auschwitz, eit par timars busstur frå den polske byen Kraków. Vi var med på ein guida tur gjennom leiren og såg korleis jødiske fangar vart utsett for det som kanskje er eit av dei største overgrepa mot menneskeheita i det 20.hundreåret. Etter denne turen, forlét vi gruppa. Eg hadde kome der i buss, der eg hadde sete ved sida av ei feit, britisk dame som snakka (og feis!) i eitt sett. Josefine hadde ein søt, liten leigebil, og tilbydde å køyre meg tilbake til hotellet mitt i Kraków. Ho sjølv budde i ein staseleg villa mellom Kraków og nabobyen Katowice. Eg fekk ikkje kome heim til ho, men på bilturen tilbake til Kraków snakka ho om sjølve konseptet «sjel». Her er eit utdrag frå denne lange samtalen.

Josefine: «Lat meg minne deg på sjølve konteksten for det eg no skal fortelje deg. Det du trur er den verkelege verda, er eigentleg eit dataprogram der kvar av oss er ei samling internt skapte datakodar som til saman utgjer det vi har valt å kalle ‘sjeler’. Vi blir skapt på byrjinga av kvart Multivers, når Bordet føder alle desse sjelene som skal ta bustad i menneskekroppar i det nye Multiverset. Akkurat som heile denne røyndommen er datakode, er vi datakodar som opererer uavhengig av omgjevnaden og står fullstendig fritt til å interagere og påverke etter kva vi finn for godt. Den frie viljen, om du vil. Er du med so langt?»

Eg: «Ja, eg skjøner konseptet.»

Josefine: «Godt. Både Einar og eg kom frå same Multivers, og vart dermed skapt av det same Bordet. Vi var meint å vere saman, og i mange Univers var vi faktisk saman. Vi fødde ungar. Vi hadde mykje, mykje, mykje ubegripeleg god sex.»

Ei tåre forlét augnekroken hennar. Ho heldt fram:

«Diverre vart det etablert eit mønster eit godt stykke inne i Multiverset, der vi ikkje vart eit par. Nokon i Kontor for demoniske affærar – eller berre Kontoret – hadde snakka saman. Dei hadde andre planar for Einar, og andre planar for meg. Våre vegar vart skilde, og vi kunne ikkje lenger vere fysisk saman. Men vi kunne møtast på det spirituelle planet – som reine sjeler.»

«Reine sjeler?»

«Ja. Du skjøner, sjela, slik ho manifesterer seg i Programmet (vår kunstige, dataskapte røyndom), kan fritt forlate kroppen. Anten mellombels eller permanent. Dette skjer medan vi søv, for sjela treng ikkje vere til stade i kroppen medan den naudsynte fornyingsprosessen av hjernen og sentralnervesystemet skjer i nattas mulm og mørke. Det er temmeleg keisamt å vere medvitslaus. Difor kan vi besøke Draumeriket, ‘korridoren’ som vart oppretta som ein samlingsstad for alle Rika og Helveta. Som du sikkert hugsar, er desse uavhengige bobler av røyndom som anten Ånder eller Demonar skaper. Bobla blir kalla eit Rike dersom ei Ånd skaper det, og eit Helvete dersom ein Demon gjer det same. Draumeriket blir difor det einaste punktet alle kan fare til, nett som ein bussterminal. Einar og eg møttest der, laga vårt eige Rike og dreiv med mykje… rart.»

Ho raudna som ein tomat. Eg skjønte med éin gong kva dei dreiv med der inne!

«Hmm, de laga dykkar eige Rike?» spurde eg. «Eg trudde berre Ånder eller Demonar kunne lage slike.»

«Det stemmer.» Ho kasta meg eit alvorleg blikk. «Eg er ein Demon. Eg var fanga åleine i Helvete for lenge. Eg vart gjenstand for ei Program-lov, som tilsvarer Galaktisk lov i det verkelege universet. Om ei menneskesjel lever lenge nok, vil ho utvikle seg til ein Demon. Det skjedde derimot ikkje med Einar, sidan han er ein Parasitt. Som du hugsar, har Parasittar to hjarte, der det minste hjartet kan forlate kroppen, ta bustad i ein ny kropp og bli ei sjølvstendig sjel. Parasittar er beskytta frå Demonologi på Programlov-nivå. I staden, om dei lever til slutten av eit univers, blir dei Ånder, det gode motstykket til Demonar. Og berre Ånder kan bli Bord. Men nok om det, det er berre ein digresjon. Poenget mitt er at sjeler i utgangspunktet har æveleg liv. Kroppane våre kan døy, men sjelene vil halde fram med å leve, frie til å ta bustad i andre kroppar – eller gå permanent over på det spirituelle planet. Men det har sine ulemper.»

«Kva slags ulemper?»

«Jordiske gleder kan berre opplevast i fysiske kroppar.» Igjen vart ho sprutraud i ansiktet. «Og jordiske gleder kan berre opplevast i Jordriket, som opphavleg var Kontoret si Program-etterlikning av Jorda og universet. Med mindre skaparen av eit Rike bestemmer at Jord-reglar skal gjelde i Riket, vil jordiske gleder vere umoglege å oppleve. For at desse gledene skal vere oppnåelege i eit Rike, må eigaren stille til disposisjon fysiske kroppar som sjela låner medan ho vitjar Riket. Slik er til dømes regelen i Øygrupperiket, og deira enklave, Kjøpesenterriket.»

«Hmm, dei har eg ikkje høyrt om.»

«Eg kan fortelje deg om dei ved eit seinare høve. Mykje informasjon. Svært kompliserte saker.»

«Eg trur deg på ditt ord, Josefine.»

«Godt, for ord er dei einaste bevisa eg har.» Ho vende sine blå, sjelfulle auge mot den beine motorvegen. «Som hovudregel er sjela utestengt frå å oppleve gleder som er reservert for fysiske kroppar. Seksuelt klimaks er umogleg, ettersom dette krev ein fysisk kropp med fungerande kjønnsorgan og sentralnervesystem. Sjela kan nå punktet like før orgasmen, men prosessen vil alltid stoppe opp. Du vil oppleve Programmet si etterlikning av euforien som klimaks fører med seg, men ikkje den fysiske letta som følgjer av at det går for deg. Skjøner du?»

«Eg trur det.»

«Orgasmen finn stad på både det spirituelle og det fysiske planet. Euforien høyrer til det spirituelle planet, medan ejakulasjonen/den fysiske letta høyrer til det fysiske. Dyr opplever sannsynlegvis ikkje euforien vi opplever – deira mål er å forplante seg og føre slekta vidare. Då er ejakulasjon og fysisk lette det einaste som tydar noko. Dei har ikkje sjeler slik som vi har – iallfall ikkje i Programmet, som vart utvikla for berre menneske. Det gjenspeglar seg i det verkelege liv. Du trur at orgasmen er éin prosess, når den eigentleg er to. Ejakulasjon er ustoppeleg når den fyrst byrjar – det veit alle menn som kjem for tidleg medan dei elskar. Og det er no stovereint å påstå at damer har ei heilt anna oppleving av det jordiske seksuelle klimaks enn menn har. Iallfall er det det dei vil vi skal tru.»

Ho fekk eit løyndomsfullt uttrykk i det lett freknete ansiktet. Deretter sa ho:

«Om du klarer å skilje det spirituelle klimaks frå det fysiske, er det berre sjela di som set grenser for kor lenge – og kor intens – klimakset kan vare. Er du ein stad utan jordisk tid, kan den intense nytinga vare lenger enn det noverande universet si levetid. Det finst menn i den verkelege verda som er i stand til å oppnå multiorgasmar akkurat som damer. Klart, orgasmar på det fysiske planet er sterkt avgrensa av din dødelege, jordiske lekam. Orgasmar på det spirituelle planet, derimot… Oioioi!»

«Eg har alltid hatt mistanke om at orgasmen er beviset for at det finst noko guddomleg.»

«Nettopp! Ingenting som er so sinnssjukt deilig er skapt ved ei tilfeldigheit!»

Vi heldt fram med å køyre gjennom det solbada, flate landskapet av det sørlege Polen. Mørke skyer låg på horisonten. Om under to veker ville karrieren min ta ei uventa endring til det verre. Josefine såg på meg alvorleg:

«Hugs dette, [mitt eigentlege namn]. Menneskesjela er ute av stand til å leve i augneblinken, for sjela vår er ibuande tidlaus. Berre dyr klarer å leve berre i augneblinken, for deira sannsynlege mangel på ei tidlaus sjel fangar dei i augneblinken. Det er heilt normalt å bekymre seg for framtida, men hugs at på denne jorda gjeld framtida berre for din fysiske kropp.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s