Nye tal frå NAV viser at 200 775 nordmenn var registrert med nedsett arbeidsevne ved utgangen av mars i år. Dette er nesten ti prosent fleire enn før pandemien, eller ein auke på 6000. Dette igjen er 17000 fleire enn på same tid i 2020. Dette kjem frå ein NTB-artikkel, her henta frå Document. Frå same artikkelen har dei gjengjeve eit sitat frå statistikksjef i NAV, Ulf Andersen. For å parafrasere han, seier Andersen at sjukdom og sosiale utfordringar gjer det vanskeleg å kome seg inn på arbeidsmarknaden. Innforstått gjer sjukdom og sosiale utfordringar det òg vanskeleg å bli verande i arbeidslivet, på grunn av brutaliseringa som dei seinare år har intensivert. LO-sjef Peggy Hessen Følsvik konstaterer det som etter mitt syn er latterleg openbert: Det er ekstremt viktig at dei som har falle utanfor får hjelp til å kome tilbake igjen i arbeidslivet, og set sin lit til individuell oppfølging. Det føreset naturlegvis at NAV har nok ressursar til å følgje opp kvar enkelt, og lage «løp» som er tilpassa kvar enkelt person.
Det har dei seinare år vore ein tendens til at fleire og fleire går over på trygd, at det blir fleire unge uføre og at færre er i arbeid. Document har her skrive eller publisert ei rekkje artiklar som belyser dette urovekkjande fenomenet:
Norge bruker over 100 milliarder på uføretrygd – Støre refser Høyre, publisert 19.august 2021.
4200 flere uføretrygdede i Norge det siste året – publisert 10.mai 2019
Historisk høy andel uføre i Norge – publisert 21.august 2020
Markant økning i antall uføretrygdede – publisert 14.februar 2019
Eliten gjør ungdom uføre – publisert 22.juli 2020
Dette er berre eit utval artiklar frå den alternative nettavisa Document. Sjølv hovudstraumsmedia skriv om fenomenet. 19.august 2021 publiserte NRK ein artikkel med namn Over 100 milliarder til uføretrygd i år – Ap angriper Høyre (truleg den som Document har henta stoffet til sin artikkel frå, publisert same dato).
Publiseringsdatoane antydar at auken i uføretrygd var eit problem òg før «pandemien» og den ukritiske massevaksineringa med eksperimentell mRNA-teknologi. Problemet ser fyrst og fremst ut til å dreie seg om at fleire og fleire unge blir uføre, noko som jo ikkje er berekraftig for samfunnet på sikt. Om ein heil generasjon blir om til «useless eaters», korleis kan samfunnet slik vi kjenner det då gå rundt? Nokon må jo arbeide. Forklaringa på problemet antydar Ragnar Larsen i artikkelen Eliten gjør ungdom uføre frå 22.juli 2020. Der skriv han at talet uførepensjonistar under 30 år (unge uføre) har dobla seg på dei sju åra Erna Solberg sat med regjeringsmakta (2013 til 2020). Og samstundes har importen av folk frå sokalla «dysfunksjonelle land satt stadig nye rekorder». Aner vi ein samanheng?
Larsen meiner i artikkelen at styresmaktene legg forholda til rette «for at fremmede skal prioriteres på den ufaglærte delen av arbeidslivet – og nordmenn holdes borte». Som eit døme skriv han at ein kafé i Gudbrandsdalen heller tilsette ein «fjernkulturell ungdom» som ryddehjelp sjølv om det var so mange unge i bygda som ikkje hadde arbeid. Forklaringa var at eigaren av kaféen rett og slett fekk statstilskot for å sysselsetje ein fjernkulturell. For han var valet enkelt, han tente jo meir pengar på å gjere det. Den raudgrøne regjeringa innførde i si tid ordninga med integreringstilskot for å få fjernkulturelle i arbeid. Larsen meinte i 2020 at vi vart styrt av «eliter som ikke skjemmes over å gjøre egne landsmenn til annensortering på arbeidsmarkedet».
Som forklaring på auken i unge uføre skriv Larsen følgjande:
«Det er særlig blant nordmenn i gruppen 25-29 år at tallet på uføre stiger mest. Veksten er størst blant dem med lav utdanning. Det er gjerne folk som aldri kom i gang med yrkeslivet sitt. Mange droppet ut av videregående og lærte seg til uvaner. De ble sosialhjelpsmottakere og da sosionomene ble lei av å ha dem som klienter, fikk de uførepensjon – ute av syne for NAV, ute av sinn.»
Å vere ufør er ikkje berre ein medisinsk tilstand, men ein sosial ein. Har ein aldri fått prøve seg skikkeleg i arbeidslivet, gjev samfunnet rett og slett opp å få ein i arbeid. Larsen seier beint fram at «[s]vikende eliter gjør unge landsmenn uføre for å få plass for fremmede yndlinger på arbeidsmarkedet». Dette kan bekreftast ved å ta ein tur på butikkane i nærområdet eller besøke næraste sjukeheim. Kor mange «fjernkulturelle» ser ein fylle butikkhyllene eller ta seg av dei eldre? Og kor mange av dei snakkar skikkeleg norsk?
Misforstå meg rett, eg er ikkje ute etter å dømme innvandrarar nord og ned. Dei eg personleg kjenner gjer ein god jobb på den aude sjukeheimen eg for tida jobbar på. Om enkelte av dei ikkje alltid greier å kommunisere med bebuarane, er ikkje so farleg so lenge det finst minst éin etnisk nordmann på jobben som kan løyse opp eventuelle språkflokar som elles ville ha kunne utvikle seg til giftige misforståingar. Og om den fjernkulturelle personen på butikken ikkje skjøner meg når eg spør etter barberhøvlar, kan eg jo alltids sjå om eg finn dei sjølv. Eller ta kontakt med sjefen, som alltid er ein etnisk nordmann (dei får jo generøse integreringstillegg for å ta inn «slike folk» i personalgruppa, og er det éin ting kjøpmenn har greie på, er det pengar!).
Dessutan, det er jo ikkje innvandrarane sin feil at det norske arbeidslivet har valt å utøve denne forma for diskriminering.
Men so var det denne skilnaden mellom fullstendig ufør og nedsett arbeidsevne. Her kan ein ikkje skulde på fjernkulturelle og integreringstilskot, for her taper jo faktisk både arbeidsgjevar og samfunnet på at personen som allereie er i arbeid, blir mindre og mindre i stand til å vere i arbeid. Sjukefråvær kostar flesk. Om dette aukande fråfallet frå arbeidslivet skuldast den nemnde brutaliseringa (at arbeidsgjevar handsamar dei tilsette nærast som om dei skulle vere hans eigedom), so går jo dette òg utover våre nye landsmenn. Det gjev om mogleg endå større grunn til bekymring enn det triste faktum at enkelte aldri får vist kva dei duger til, og går gjennom livet som ein utgiftspost der dei blir offentleg ønskt døde av WEF-psykopatar slik som Yuval Noah Harari.
«Våre» styresmakter bør for éin gongs skuld snakke ærleg ut om kva som er hensikta med det som mest av alt ser ut som eit forsøk på befolkningsutskifting.