Nedstengingsmarerittet i Shanghai held fram på sjuande veka

Ingen ende i sikte for Shanghai si Covid-19-nedstenging; Det kinesiske kommunistpartiet held fram med å pushe mislykka «null-Covid»-strategi

Av Arsenio Toledo, Natural News, 12.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Shanghai har gått inn i si sjuande veke av Wuhan koronavirus (Covid-19)-nedstengingar, og innbyggjarane i byen ser ingen ende i sikte sidan kommunistpartiet (CCP) i Beijing held fram med å pushe sin mislykka «null-Covid»-strategi.

Heilt sidan Shanghai vart episenteret til Kina sitt nylegaste Covid-19-utbrot, har byen vore under ei eller anna form for nedstenging. I fleire delar av byen med meir enn 26 millionar menneske, har styresmaktene åtvara at sjølv om berre éin person i ei bustadblokk testar positivt for Covid-19, kan alle bebuarane bli merkte som nærkontaktar og halt vekk til karanteneleirar.

CCP-styresmakter løyste opp nokre nedstengingsrestriksjonar dei siste vekene, noko som lét innbyggjarar handle inn naudsynte varer. Men CCP henta raskt fram igjen dei restriksjonane.

Dei innstramma restriksjonane kom etter at den kinesiske presidenten og CCP-leiaren Xi Jinping adresserte utbrotet i Shanghai for fyrste gong etter eit møte 5.mai. Xi svor å vinne det han kalla «slaget om å forsvare stor-Shanghai», medan han kom med ei åtvaring til alle som stilte spørsmålsteikn ved CCP sin null-Covid-strategi.

Etter formidlinga hans gav CCP-sekretæren i Shanghai, Li Qiang, ordre til tenestefolk om å «setje i verk militære ordrar på alle nivå, og utføre meir resolutte og kraftige handlingar for å overkome den store krigen og store testar.»

Dissens frå Shanghai sine innbyggjarar aukar

Medan Shanghai held fram med å pinast under Covid-19-restriksjonar, er det innbyggjarane som denne katastrofen går mest utover.

Over helga har innbyggjarar i minst fire av Shanghai sine 16 distrikt fått meldingar frå bystyresmaktene der dei blir fortalt at dei ikkje lenger har lov til å motta matleveransar eller forlate heimane sine.

«Sjølve viruset er ikkje lengar skremmande, men måten styresmaktene handhevar politikken har blitt det mest skremmande,» sa ein innbyggjar. «Vi hadde trudd at nedstenginga ville lette denne månaden, men no er der ingen ende i sikte.»

Dette sette i gang ei bølgje av raseri på kinesiske sosiale mediekanalar. Bølgja av dissens som kom frå det kinesiske Internettet var so stor at sjølv kommunistnasjonen sin overveldande sensur var ute av stand til å handtere dei alle, og fleire videoar på desse plattformene har gått viralt og har sidan leke til vestlege nettsider.

Mange av videoane viser helsearbeidarar – på folkemunne kalla «Store kvite» på grunn av deira heilkvite smittedressar – gå inn i heimane til innbyggjarar utan lov frå dei.

Enkelte av videoane viser Store kvite trengje seg inn i heimar for å spraye desinfeksjonsmiddel overalt. Andre viser Store kvite hale med seg folk med makt til karanteneleirar, visstnok fordi dei er Covid-19-positive eller for å vere sokalla nærkontakt til eit positivt tilfelle.

Spreiinga av desse videoane har gjort mange Shanghai-innbyggjarar rasande og fått ein til å lure på kor lovleg det er å gå inn i nokon sin heim utan ransakingsordre eller løyve.

Ein annan viral video viser Store kvite som gjev innbyggjarar ordre om å gå i karantene etter at ein av naboane deira testa positivt. «Det er ikkje slik at du kan gjere kva du vil – med mindre du er i USA. Dette er Kina,» sa ein av dei Store kvite i videoen. «Slutt å spørje meg kvifor, det finst ingen kvifor. Vi må vere lojale mot nasjonale retningslinjer.»

I ein annan video skjeller ein Shanghai-bebuar ut dei Store kvite for å tvinge folk til å vere i heimane sine.

«Lat meg fortelje deg at du kan berre bruke makta di med heimel i lov,» sa mannen. «Fortel meg, kva slags heimlar i landet ditt si lov lèt deg utføre di offentlege makt i dag? … Difor kan ikkje du handheve streng isolasjon [overfor oss].»

Denne samlevideoen viser scener frå dagleglivet i nedstengde Shanghai.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s