Kor kjem alle nettrolla frå?

Dagens debattklima handlar fyrst og fremst om kjensler, ikkje utveksling av fakta. Sjølv når nokon utvekslar meiningar og erfaringar meiner enkelte bastant at desse meiningane og erfaringane er «feil», og avviser i same andedrag dokumenterbare fakta som ikkje kastar deira eige verdsbilete i eit godt lys. Aldri før har det vore «lettare» å påstå at 2+2=5, og aldri før har dei som hevdar dette møtt større støtte hjå sitt mistenkjeleg store nettverk, som ofte dukkar opp som troll i øskje kvar gong visse tema blir løfta fram i offentlegheita.

Det finst enkelte som framleis meiner at covid-19 har eit naturleg opphav, eller at det ikkje finst ein pedofil elite som er ute etter å pervertere menneskeheita og øydeleggje familiestrukturen. Dette er to påstandar der den eine nok er meir kontroversiell enn den andre. Iallfall i dag. Midt under verste «pandemien» i 2021 var det derimot like kontroversielt og karriereøydeleggjande å hevde at covid-19 var skapt i eit laboratorium, som å hevde at verda er styrt av pedofile.

Lat oss ta desse sokalla «faktasjekkarane». Nyleg sa Facebook opp samarbeidet sitt med faktasjekkarar. Mark Zuckerberg innrømte før dette at dei under «pandemien» systematisk sensurerte innlegg som stilte spørsmål ved den rådande opphavsteorien til det påstått allmennfarlege viruset, eller ved «tryggleiken og effektiviteten» til mRNA-injeksjonane. Om denne avsluttinga av samarbeidet med faktasjekkarar har noko som helst med at Trump atter er president i USA, er uvisst. Men det ville ha vore uklokt å blankt avvise det.

Her i Noreg er den mest prominente faktasjekkaren ein mann ved namn Gunnar Roland Tjomlid. Han er skeptikar, ateist og medlem i det etter kvart so berykta Human-etisk forbund (HEF). Under seg har han eit nettverk av det som ærleg tala er nettroll, og som rykkjer ut manns- og kvinnesterke og forsvarer han med flammande, nesten rabiat, iver kvar gong nokon kjem med sakleg kritikk av alt han lirer av seg. Ein kan stille klokka etter denne gjengen, for dei dukkar opp like sikkert som toget på perrongen når enkelte ytrar seg.

Sjå òg: «Gunnar Tjomlid og barneporno: Tok han på seg rolla som Djevelens advokat?», publisert 6.februar 2022.

Eg har tidlegare teke opp problemet med nettroll, spesielt kor grensa går mellom ytringsfridom og mobbing. Tjomlid og hans hær av likesinna har naturlegvis rett til å ytre seg om alt mellom himmel og jord, og vise heile verda sitt livssyn og verdssyn. Men det har vitterleg òg Saksyndig, Kjetil Tveit, Svein Østvik og andre offer for denne bøllegjengen. For, lat oss vere ærlege, dei har ikkje særleg andre argument enn personåtak og hets å kome med. For dykkar eiga mentale helse sin del, gjer de lurt å halde dykk unna dei og unngå diskusjonar. Det er rett og slett ikkje verdt bryet, for dei er openbert ikkje ute etter å diskutere.

Sjå òg «Problemet med nettroll: Kor går grensa mellom ytringsfridom og mobbing?», publisert 23.mars 2024.

For å parafrasere Saksyndig frå nemnde artikkel, på den tida vi var ein redaksjon:

«Den offentlege diskursen er etter vårt syn irreversibelt splitta. Her har folk samla seg i skyttargraver og kastar bomber og skyt på kvarandre. Resultatet er ei utbomba slagmark og frontar som berre blir meir og meir steile. Håpet om forsoning og respekt for kvarandre sine meiningar ser ut til å forsvinne meir og meir. Vaksne folk burde verkeleg vete betre enn å rotte seg saman og mobbe folk vekk frå både karriere og helse. Det kan nesten sjå ut som nettrolla har som mål å øydeleggje enkeltpersonar og familiane deira.»

Sjå òg « ‘Farlege’ Kjetil Tveit får passet sitt påskrive av humorside på Facebook», publisert 21.august 2024.

Det fornuftige er å heve seg over denne nettmobbinga og heller rette fokus og energi på ei langt viktigare oppgåve: å formidle sanninga, same kor urovekkjande den er. Tjomlid og resten av hans nettrollnettverk trur dei har monopol på sanninga berre fordi dei har formuleringsevna i orden. Hadde det berre vore so enkelt. Sanninga er der same om dei vil vedkjenne seg den eller ikkje. Latterleggjering av annleistenkjande vil berre setje dei sjølve i eit stadig verre lys. Då speler det vel ei mindre og mindre rolle kor mykje nokon betaler dei for å gjere det dei gjer.

For til sjuande og sist handlar alt om makt og pengar. Tjomlid og hans allierte har fått mandat til å forme folkeopinionen, for det er i eliten si interesse at folk flest trur på all propagandaen og løgnene. For å svare på spørsmålet eg stiller i tittelen på denne meiningsartikkelen:

Nettrolla kjem frå ei mørk, lita verd der deira snevre syn på verda blir brukt som eit verktøy til å gjere andre like sneversynte som eliten ønskjer at vi skal vere. Nettrolla er ikkje berre eit verktøy, men eit våpen. Eit falskt, sjølvlaga ess som dei kan trekkje ut av ermet når logikk, fakta og sunn fornuft for lengst har sigra på slagmarka.

Kommenter innlegget