Gunnar Tjomlid og barneporno: Tok han på seg rolla som Djevelens advokat?

Eg skal her ta føre meg ein kompleks sak som for nokre år tilbake slo ope eit ormebol av kjensler og sterke ytringar: Gunnar Tjomlid sine artiklar om barnepornografi. I ei rekkje artiklar frå 2000-talet ser han ut til å hevde at seksuell framstilling av mindreårige bør gjerast lovleg, spesielt i animert, fiktivt materiale, der det ikkje finst noko eigentleg offer. So å seie alle desse artiklane er no sletta frå nettsida hans tjomlid.com, men sitat frå dei artiklane finst i artiklar som framleis ligg på nettet. Tjomlid sjølv støttar på ingen måte seksuell utnytting av barn, men vart av enkelte likevel skulda for å ha ei sokalla «pro-pedofil» haldning. Ein person fekk til og med brukt mot seg i ei rettssak at han skulle ha «pedofili-sverta» Tjomlid. Kva dreiar eigentleg alt oppstyret seg om? Eg skal her ta utgangspunkt i dei artiklane om barnepornografi som framleis finst på nettsida hans.

Stridens kjerne: Gunnar Tjomlid sine artiklar om barnepornografi

4.februar 2007 publiserte Tjomlid ein artikkel med namn «Tanker om barneporno». Der er det bilete av ei smilande småjente som poserer i bikini. Han omtalar ei nettside, pedofili.info, som i dag ikkje lenger eksisterer. Nettsida hadde ei genuint pro-pedofil haldning. Tjomlid kjem med følgjande sitat frå denne no nedlagte nettsida:

«Det finnes en seksualpolitisk sannhet om mennesker under 18 år, og den er at mennesker under 18 år ikke er seksuelle. Enhver fremstilling som bryter med denne forestillingen er vranglære. Derfor er ‘fremstilling som seksualiserer barn’ straffbart.»

Og vidare:

«Det er de pedofile man vil til livs, og barnepornografiloven er midlet til å oppnå dette. Man kriminaliserer ideen om at barn kan fremstilles og oppfattes som seksuelle individer. Dermed kriminaliserer man også pedofili.»

Akkurat som i 2007, er seksuelt misbruk av barn no i 2022 eit alvorleg samfunnsproblem. Seksuelle handlingar mot barn er forbodne over mesteparten av verda av di barn manglar den mentale modenheita til å gje gyldig samtykke. Dermed er alle seksuelle handlingar mot barn å rekne som valdtekt. Dei som begår overgrep mot barn skal difor straffast for denne ugjerninga, akkurat som dei som valdtek òg skal straffast. Tjomlid skriv derimot følgjande:

«Men fakta er likevel at antall barn som skades i produksjon av barneporno er forsvinnende lite. Antall bilder i omløp som viser seksuell omgang med seksuelt mindreårige barn, er relativt lite, spesielt i forhold til det folk flest er hjernevasket til å tro.»

Han skriv vidare:

«Som jeg har skrevet i andre artikler her i bloggen, har ikke seksuelle overgrep mot mindreårige eller incest økt etter at internett ble tatt i vanlig bruk i de tusen hjem. Selv om internett utvilsomt har gort tilgangen på barneporno utrolig mye lettere for de som er interessert i dette, så har altsi ikke dette ført til et økt antall seksuelle overgrep mot barn. Det er derfor ingen grunn til å tro at besittelse av barneporno fører til overgrep mot barn, like lite som besittelse av porno fører til voldtekt av voksne kvinner. Dette støttes også opp av forskning som ikke finner noen sammenheng mellom besittelse av (barne)porno og seksuelle overgrep.»

Vidare skriv han at «barnepornografi er den eneste form for pornografi som det er ulovlig å besitte.» Berre det å sjå på barneporno på Internett er straffbart. Annan grovpornografi (valdsporno, likskjending, dyresex) er lovleg å både sjå på og inneha. Barnepornografi er fullstendig kriminalisert på alle område fordi at det å inneha slik porno vil stimulere marknaden som produserer slik porno, og gjere ein medskuldig i å «videreføre skaden mot barnet ved at dokumentasjonen av overgrepet får leve videre på internett». Tjomlid skriv:

«Men hvorfor gjelder ikke disse prinsippene for annen grov pornografi? Er det OK at bildene av en voksen kvinne som blir voldtatt på film får leve videre? Er det greit at vi ronker til bilder av en mann som ufrivillig anus-gangbanges? Gjelder ikke de samme prinsipper når man ser på bilder av en jente som suger en hest?

Hvorfor er datagrafikk av barneporno er forbudt? Her misbrukes jo ingen, men man frykter kanskje at hvis man ser på slikt så kan man også bli fristet til å se på ekte barneporno. Så da bør vel også voldsfilmer forbys?»

Han avrundar artikkelen med å skrive at bakgrunnen for dei nye lovane er eit ønske om å avseksualisere menneske under 18 år, og at «en del mennesker klarer ikke å leve med tanken på at en 14 år gammel jente kan ha lyst til å utforske og oppleve gledene ved sex […]».

29.oktober 2008 publiserte Tjomlid ein artikkel med namn «Når lovverket rammer feil». Der stiller han spørsmålsteikn ved «logikken i at man skal straffes for å ha sett på barnepornografiske bilder som man hverken har lastet ned eller betalt for å få tilgang til», med bakgrunn i at ein mann vart dømt til fengsel for å ha gjort nettopp dette. Den dømte har ifølgje retten «bidratt til å holde overgrep mot barn og produksjon av slike bilder ved like». Tjomlid ser ikkje logikken i det resonnementet, ettersom sider med barnepornografi er ulovlege, og difor ikkje kan leve av til dømes reklameinntekter basert på kor mange som besøker sidene. Han meiner:

«Det kan altså ikke være annet enn tomme ord når rettsvesenet hevder at å kikke på barneporno bidrar til at mer barneporno produseres. Det er like usaklig som å hevde at det å se en fremmed mann røyke hasj på gata bidrar til at mer cannabis produseres.»

Tjomlid har følgjande definisjon av barnepornografi, ein definisjon som fell saman med den folk flest har:

«[…] seksualisert fremstilling av barn under den seksuelle lavalder.»

Han vil:

«Forby produksjon av barneporno *. Forby salg og distribusjon av barneporno. Begge disse forbudene bidrar til å begrense produksjon og spredning av barneporno, og gir dermed en beskyttelse av ofre og potensielle ofre. Men ikke forby personlig bruk av barneporno. Det skaper bare lidelser og hjelper absolutt ingen. Tvert i mot bidrar det nesten garantert til at det blir vanskeligere å spore opp bakmenn og ta de som faktisk skader barna.»

Han kallar lovverket eit ønske om å «vise en kollektiv fordømmelse av konseptet barneporno» og «meningsløs overvåking, tankekontroll og en statsautorisert moralsk fundamentert hevnaksjon mot enkeltindivid som ikke har gjort skade på noe eller noen.»

Å fordømme pedofile for lystene sine er med andre ord «en barbarisk og ineffektiv krigføring […] som vi snart må innse er tullete og farlig».

Saksyndig si tolking av artiklane

Pedofili er eit kontroversielt tema som det er delte meiningar om. Er det ei seksuell legning slik som til dømes homofili, eller er det ein psykiatrisk tilstand slik som til dømes nekrofili? Er pedofile nokre uhyre som bør straffast hardast mogleg, eller er dei alvorleg psykisk sjuke menneske som treng behandling?

Det er eit faktum at alle som seksuelt misbruker barn er pedofile. Men ikkje alle pedofile misbruker barn. Mange av dei nøyer seg med å anten fantasere om barn medan dei tilfredsstiller seg sjølv, eller oppsøkje materiale på nettet. Sistnemnde er ganske korrekt forbode, og ein kan bli straffa for det. Nekrofile handlingar (seksuelle handlingar mot lik) skil seg på same måte frå nekrofili som ibuande avvikande lyst. Alle som har sex med lik er nekrofile, men ikkje alle nekrofile har sex med lik. I staden nøyer dei seg med fantasiar, eller med å oppsøkje materiale på nettet. Sistnemnde er ikkje eksplisitt forbode, etter kva eg har funne ut. Ifølgje Tjomlid sin eigen research, er pornofilmar som involverer sex med ekte lik, forbodne. Det er derimot ikkje ulovleg å sjå på porno der nokon latar som om dei er eit lik som blir skjenda. Ein kan nemleg forfalske sex med lik, medan ein ikkje kan det same med barnesex.

På grunn av naturen til nekrofili, er det juridisk sett ikkje problematisk å rekne likskjending som eit offerlaust brotsverk. Offera vil i so fall vere dei etterlatne. Men kva om dei etterlatne blir tekne ut av reknestykket? Ein kan prøve seg med at sex med lik er valdtekt, sidan lik av openberre grunnar ikkje kan gje gyldig samtykke – men då må ein òg kriminalisere sex med andre daude gjenstandar slik som sjømannsbruder, Wittenberger-loff eller vassmelonar…

Sex mot barn (som alltid er valdtekt i juridisk forstand) har derimot alltid eit offer: barnet sjølv. Tjomlid meiner til sjuande og sist at det blir problematisk å kriminalisere fiktive seksuelle handlingar mot barn, ettersom ein i slike tilfelle ikkje har eit reelt offer. Då kan ein òg (slik eg ser det) argumentere for at sexdokker som førestiller barn burde vere lovlege, ettersom ein heller ikkje der har eit offer.

Tjomlid kan i desse artiklane gå inn i rolla som Djevelens advokat, altso at han tek på seg å forsvare eit standpunkt han i utgangspunktet ikkje er einig i, for på den måten å kaste betre lys over ein sak. Sånt sett er artiklane hans fullstendig gangbare og godt innanfor ytringsfridommen. Ein kan derimot ikkje kontrollere korleis andre reagerer på slike ytringar, noko eg skal kome med gode døme på i resten av artikkelen.

Reaksjonar på Tjomlid sine artiklar

Nettstaden Garden of Serendipity publiserte 20.november 2012 ein artikkel med namn «Normaliseringen av pedofili i den sekulære bevegelse». Artikkelen vart skriven i kjølvatnet av pedofiliskandalen tilknytt den britiske TV-stjerna Jimmy Savile. Etter hans død stod meir enn 450 personar fram og fortalde om seksuelt misbruk som fann stad då dei var mindreårige. Gunnar Tjomlid blir fyrst nemnt i artikkelen i samband med eit av hans blogginnlegg om nekrofili, men blir nemnt igjen som forsvarar av boka Harmful to Minors, som ifølgje artikkelen er:

«[…]en kontroversiell bok som har skapt mye storm. Boken er et forsvar for teorier om at sex mellom barn og voksne nødvendigvis ikke er skadelig, og dokumentasjonen er hentet fra blant annet pedofile, og pedofile organisasjoner som NAMBLA. Boken er anbefalt flerfoldige ganger av Tjomlid.»

Artikkelen viser til ein Tjomlid-artikkel frå 9.juli 2006 med namn «En pedofil jævel?», som dei forenklar ned til at Tjomlid bruker ymse rapportar «som dokumentasjon på at pedofile egentlig ikke er pedofile, men bare litt stresset…, under familiært press eller ikke finner en voksen partner». I røynda er Tjomlids artikkel om korleis pedofile blir demonisert av samfunnet, og korleis det oppstår lynsjestemning so fort konseptet kjem inn i biletet. Til dømes er ein mann som seksuelt misbruker og drep eit barn fyrst og fremst pedofil – i staden for det han eigentleg er, ein mordar. Tjomlid trekkjer eit vitskapleg korrekt skilje mellom seksuell tenning på personar i alderen 14-17 år, og seksuell tenning på personar under 13 år:

«For å anses som pedofili må den seksuelle interesse være rettet mot noen under 13 år og den eldre part må være minst 16 år og minst 5 år eldre enn barnet. Vi snakker altså her om barn som ennå ikke har nådd pubertet og har en uutviklet kropp uten kvinnelige/mannlige trekk. Likevel fordømmer samfunnet i dag også menn som tenner på unge jenter, ofte jenter i alderen 14-17, noe som må anses som det ultimate hykleri.»

Han skriv vidare at det fyrst og fremst er den pedofile handling som skal fordømmast, ikkje den pedofile tilstand. Det at ein pedofil som aldri begår overgrep, aldri får «oppleve gleden av å leve ut sine seksuelle lyster sammen med noen man begjærer», ser han på som «den pedofiles forbannelse og i dette lys må man kunne føle sympati med den pedofile».

Den lange artikkelen ser ikkje ut til å ha den tolkinga av Tjomlid sine ytringar som eg har, at han tek på seg rolla som Djevelens advokat. Dei skriv:

«En teknikk man ser hos Tjomlid er en slags type dobbeltsnakk, eller dobbeltanker. Man blir presentert argumentasjon begge veier, og mange blir sittende igjen med to ideer som aksepteres på samme tid. Den følelsesmessige argumentasjonen som forteller oss vi er alle mot seksuelt misbruk av barn, men på samme tid får vi motstridende informasjon gjennom studier, «fakta» og  rasjonalitet.»

Kort oppsummert anklagar artikkelen Tjomlid for «vanliggjøring av pedofili». Dei oppsummerer den lange teksten med ei liste over alle artiklar Tjomlid publiserte om temaet frå 9.juli 2006 til 27.mai 2014.

27.desember 2013 vart det på nettstaden monsanto.no publisert ein artikkel av Dag Fallet med namn «Vitenskapelig pro-pedofili». Fallet skriv om Erik «Lommemannen» Andersen, ein pedofil seksualforbrytar som i 2008 vart arrestert og i 2010 dømt til ni års fengsel. Alle ofra var små gutar i alderen seks til tolv år. Fallet refererer til ein no sletta Tjomlid-artikkel der han skriv at Lommemannen si formue kan gå til ofra for hans ugjerningar, der Tjomlid konkluderer med at «i så fall må Lommemannen være det beste som har hendt dem…»

Gunnar Tjomlid er medlem i Human-Etisk Forbund (HEF). Ifølgje Fallet «sprer Human-Etisk Forbund pro-pedofili til sine medlemmer og allmennheten gjennom en blogg de fremmer. Bloggeren – Gunnar Tjomlid, er også et aktivt medlem av forbundet […].» Fallet skriv vidare:

«Tjomlids artikkel “Tanker om barneporno” er illustrert med et bilde av en ung jente som poserer i bikini. Hun virker glad og smilende.

Bildet kommer fra en nettside han anbefaler i begynnelsen av artikkelen og flere andre ganger i sin blogg.  Nettsiden  er det norske svaret på den pedofile organisasjonen NAMBLAs nettside – laget av pedofile for å få sin agenda ut til publikum.

Bildet av den lykkelige smilende jenta, poserer i bikini. Ta en titt på det igjen.

Hvordan ville du føle det hvis hun gråt i bildet?»

Fallet anklagar deretter Tjomlid for å bagatellisere faren ved å sjå på barnepornografi. Òg Fallet ser ut til å feiltolke Tjomlids bruk av Djevelens advokat:

«Legg merke til at i de siste to utdrag fra bloggen hans så gjør han det klart at han personlig synes det er galt å beholde eller se på «barneporno», men samtidig argumenterer han og for det motsatte syn.

Dette er den eneste måten pro-pedofili kan fremlegges. Det må være svært subtilt, ellers ville folk bli kvalme med en gang – så det må skje med “double think / speak” der hjernen får to ideer på en gang.»

Fallet skriv deretter:

«En av de viktigste aspektene i en pro-pedofil agenda er å stille spørsmål ved antagelsen av skade. Dette skjer igjen og igjen i bloggen HEF sprer til publikum […] Hvorfor så tvil om skadeomfanget når det er overveldende bevis for det motsatte?»

Responsen frå HEF frå rådgjevar Didrik Søderlind er at påstanden om spreiing av pro-pedofili er «svada» og at:

«Hans [Tjomlids] største problem er at hans blogger har blitt brukt til å henvende seg til mennesker med evnen til å holde flere tanker i hodet samtidig. Jeg kan ikke tro at han var forberedt på å bli lest så nærsynt, og så sta som alternative tenkende mennesker klarer.»

5.januar 2014 publiserte Trude Helén Hole eit innlegg på bloggen sin med namn «Gunnar Tjomslid [sic] bagatelliserer voldtekt av barn». Der tek ho eit kjensleladd oppgjer med Tjomlids artiklar, og kallar han «pådriver for pedofil aktivisme i Norge». Ho meiner at han er meir oppteken av pedofiles vern og ytringsfridom enn vern om barns liv og helse. Ho meiner at «denne mannen bør få munnkurv».

Rundt 2014/2015 fann det stad ei noko underleg rettssak i Sandefjord tingrett. Tore B. Krudtaa måtte møte i retten skulda for å ha ærekrenka Øyvind Bergh, ein forskar ved Havforskningsinstituttet i Bergen. Bergh er mest kjent for å ha kasta kaffi på no avdøde Kurt Oddekalv då Oddekalv konfronterte Bergh med at han var eit «nettroll». Tjomlid sitt namn kom òg opp i retten. Som Krudtaa sjølv skriv på sin blogg «Rettsfarsen»:

«I følge Øivind Bergh og dommeren i Sandefjord tingrett skal jeg ha pedofilisvertet en blogger med navnet Gunnar Roland Tjomlid. Her er noe av det dommeren skriver i dommen på side 12:

‘Slik retten ser det har Tjomlid skrevet relativt nyansert omkring en del temaer som f.eks. seksuell lavalder, om tegninger med barnepornografisk innhold skal være forbudt o.l. Dette er vanskelige temaer, men det er selvfølgelig helt legitimt å diskutere dem uten at man selv skal risikere å bli fremstilt som pedofil.’

Nyansert skriver dommeren. Hva baserer han det på? Kanskje påstandene fra motparten Bergh, eller fra hans daværende advokat Liv Torill Evenrud i retten? Hvorvidt Tjomlids ytringer om dette temaet er nyansert er det delte meninger om. Jeg og mange med meg er meget klare på at Tjomlid slett ikke er nyansert. Jeg har selv lest mange av bloggpostene til Tjomlid om dette temaet, og mye av det han skriver er irrasjonelt, feil og uansvarlig.»

Krudtaa vart dømt for ærekrenking og måtte betale erstatning til Øyvind Bergh. Men pussig nok ikkje til Tjomlid, som han feilaktig hadde anklaga for å vere pedofil og ha ei «pro-pedofil» haldning.

Kommentar frå saksyndig: Slik eg tolkar artiklane, fremjar ikkje Gunnar Tjomlid pedofili eller normalisering av denne. Han argumenterer for at det er pedofile handlingar som må straffast og fordømmast, ikkje den pedofile tilstand, og at til dømes animert barneporno (og dermed òg fiktive historier som seksualiserer barn) ikkje må kriminaliserast, ettersom det her ikkje er snakk om reelle offer. Kan slikt materiale auke faren for overgrep i det verkelege liv? Kanskje, men det kan jo vitterleg òg materiale om vald, mord, ran og andre straffbare handlingar.

Eg meiner at Fallet, Hole og Krudtaa feiltolka Tjomlid og gjekk til fullt frontalåtak på han. Hole meinte i tillegg at ytringsfridommen ikkje burde gjelde for Tjomlid, at han skulle få «munnkurv». Sitat frå Tjomlid vart tekne ut av kontekst og brukt mot han, og det er etter mi meining ikkje god debatteknikk. Det er bruk av stråmenn og direkte personåtak.

For ordens skuld er eg ikkje på nokon måte tilhengjar av seksuell framstilling av barn, og eg fordømmer på det sterkaste seksuelle overgrep mot barn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s