Kanadisk delstat opphevar alle Covid-tiltak takka vere Freedom Convoy 2022

Den kanadiske delstaten Alberta sin delstatsminister Jason Kenney annonserte nyleg at dei vil oppheve alle Covid-tiltak på grunn av dei omfattande protestane som for tida finn stad i hovudstaden Ottawa. Kenney krev derimot at alle protestane tek slutt med éin einaste gong:

«Inga ansvarleg regjering lagar politikk ved å forhandle med menneske involvert i slik ulovleg åtferd. Punktum finale. Vi forventar at våre byrå som handhevar lova gjenopprettar og held på lov og orden.»

Dette var nøyaktig kva alle lastebilsjåførane som står bak Freedom Convoy 2022 ønskte å oppnå. Kenney vil annonsere planar for å avskaffe vaksinepasset i nær framtid:

«Meldinga mi til dei som er frustrerte på grunn av Covid-19-politikken er denne: Eg høyrer dykk klart og tydeleg. De har rett ved å peike på dei skadelege følgjene av restriksjonar.» Kenny sa deretter at omikron-bølgja var mindre alvorleg enn forventa, og at mange i Alberta har oppnådd naturleg immunitet.

Samstundes har folk byrja å etterlyse statsminister Justin Trudeau. Det heng plakatar rundt om på gatehjørne, og det er til og med hengt opp lysskilt på motorvegane. Rundt 50 000 lastebilsjåførar (den sokalla «utkant-minoriteten») vil gjerne ha seg ein alvorsprat med denne fyren, som ifølgje ein av plakatane «sist vart sett springande som ein baby ut av Ottawa». Folk er frårådde å nærme seg han, ettersom han då kan kalle dei rasistar.

Andre karakteristikkar på etterlystplakatane er: «alder (oppfører seg som 5), skit-brunt hår, ukjent kjønn (han har ingen ballar).»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s