Har hatet mot «dei uvaksinerte» likskapstrekk med jødehatet i Nazi-Tyskland på 1930-talet?

I ein artikkel i Resett frå 2.februar 2022 skriv Kim Nord at «fiendtligheten mot og sosial utfrysning av ‘de uvaksinerte’» synest å ha «tiltatt i styrke». 90% av det norske folket har no teke i mot minst éi vaksinedose – i teorien skulle det då ha oppstått flokkimmunitet. Då omikron-varianten dukka opp i november 2021, førde den til rekordsmitte, og dermed til ein ny runde smitteverntiltak. Støre-regjeringa innførde ein månads skjenkjestopp, i tillegg til å leggje store begrensningar på arrangement og uteliv for vaksne. Austerrike innførde vaksinetvang. Det blir av fleire maktpersonar – spesielt i USA – teke til orde for at «dei uvaksinerte» skal fraktast til leirar og sperrast inne på ubestemt tid. Høyrest dette kjent ut?

Ein melder både i media og på private bloggar om auka hat mot «dei uvaksinerte». Lesarane i Dagbladet reagerte nærast med latter og applaus då nordmannen Hans Gaarder vart smitta av og døydde av covid-19 etter eit arrangement i Gran kommune i mars 2021. Den overordna tonen når «vaksinemotstandarar» døyr ser ut til å vere at dei fortener det. Gaarders gode venn Are Hegrand, som saman med sambuaren Kiri driv bloggen NoNonsenseNews.org, publiserte 12.april 2021 eit minneord om Hans Gaarder. Det Hegrand skriv, motseier i stor grad det rikspressa so bastant påstod. Gaarder var ifølgje Hegrand verken ein covid-19-fornektar eller smitta av covid, som han heller ikkje døydde av. Gaarder var i mange år aktiv på den alternative nettstaden Nyhetsspeilet.

Eg kastar her inn følgjande brannfakkel: Hatet mot «dei uvaksinerte» har skummelt mange likskapstrekk med jødehatet som Adolf Hitler dyrka fram i Nazi-Tyskland på 1930-talet, eit hat som til slutt eskalerte til die Endlösung, Endeløysinga, der jødar vart frakta til konsentrasjonsleirar og tekne livet av i industriell skala. Jødane vart gjennom Hitlers retorikk, og med betydeleg hjelp frå hans apparat av lojale medspelarar (til dømes propagandaminister Joseph Goebbels), gjort til syndebukkar for stort sett alle elenda som var i verda. Ungdommen vart i grupper som Hitlerjugend indoktrinert i vranglæra om den ariske rasen si overlegenheit, og at andre rasar var dei underlegne, og at somme til og med ikkje hadde livets rett. «Dei uvaksinerte» får no skulda for at «pandemien» framleis held fram verre enn nokosinne, når det blir meir og meir openbert på grunnlag av mellom anna vitnesbyrd frå varslarar i helsesektoren at det er vaksineskadar som gjer folk sjuke og får dei innlagt på sjukehus. Den offisielle forteljinga sin versjon om at det er «dei uvaksinerte» som blir innlagt med alvorleg covid-19, er ei løgn.

I likskap med jødane på 1930-talet, misser «dei uvaksinerte» fleire og fleire rettar i land som Austerrike, Tyskland, Frankrike, Italia, Australia, Canada og USA. I Canada har no lastebilsjåførar organisert seg i ein gigantprotest ved namn Freedom Convoy, der dei har nærast barrikadert hovudstaden Ottawa med krav om at vaksinekrav for lastebilsjåførar som skal over grensa til USA blir avvikla, i lag med alle andre koronarestriksjonar. Statsminister Justin Trudeau har rømt frå sine plikter og sitt ansvar med halen mellom beina, og gøymer seg no på hemmeleg adresse med familien og livvakter.

Men langt frå alle har mot og ressursar til å arrangere slike enorme protestar. Uvaksinerte som privatpersonar møter press og motstand frå alle kantar; vi blir fiendegjort av det hjernevaska fleirtalet. Vi blir hetsa, trakassert og mobba både ute på gata, på skule og universitet og på arbeidsplassen. Frå mai til desember 2021 var det i den norske helsesektoren ei differensiering mellom vaksinerte og uvaksinerte: Uvaksinerte måtte gå med munnbind i «pasientnære relasjonar» medan vaksinerte slapp det. Enkelte tok faktisk mRNA-sprøyta for å sleppe å gå med munnbind på jobb (!). I desember 2021 kom det i eit rundskriv frå uhelseminister Ingvild Kjerkol instruksar om at uvaksinerte måtte teste seg to gonger i veka med hurtigtest uavhengig av symptom. Omikron gjorde slutt på denne ulovlege forskjellshandsaminga.

Som ein litt småkomisk digresjon skriv Resett følgjande:

«En annen kvinne er ikke bare frivillig uvaksinert, men driver også et nettsted hvor hun advarer mot covid-19-vaksinasjon. Der hevder kvinnen at hun ble bedt om å sette seg nederst ved bordet da hun og kollegene var samlet til lunch.»

Denne kvinna er ingen ringare enn Julia Schreiner Benito, som driv den populære nettstaden Hemali. Skildringa er henta frå ein artikkel der ho forsvarer sitt val om å ikkje late seg vaksinere. Resett har verken nemnt Benito eller Hemali med eit ord, og heller ikkje linka til nettstaden. Dette seier vel litt om forholdet mellom Resett og Hemali. I artikkelen skriv ho følgjande:

«Forleden ble jeg bedt om å sette meg nederst ved langbordet da vi var samlet til lunsjen jeg lenge hadde gledet meg til. De pekte ned mot den enden som fortsatt var tom. Ensomt der. Den dråpen av forakt, for første gang i mitt liv var jeg den svarte flekken. Følelsen av å være mindre verdt, den skal jeg prøve å bruke til økt empati for de millioner som hver dag diskrimineres. Nå er det ikke bare greit, men også et mål å dømme slike som meg. Og sannelig hjelper våre helsetopper og riksmedier til.»

Er det eit slikt samfunn vi har fått no? Er det eit slikt samfunn vi vil ha? Eit samfunn av utfrysing, eksepsjonell intoleranse for avvikande meiningar, og ikkje minst skadefrygd kvar gong «dei uvaksinerte» møter ulykke eller sin eigen død? Enkelte har vist sine sanne ansikt når det gjeld syn på sine eigne medmenneske, og har med dette tapt eige ansikt so det ljomar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s