Den store samanslåinga – ei fiktiv historie om kommunal administrasjon

Følgjande historie er fullstendig oppdikta, men gjev eit godt bilete på den interne «logikken» til kommuneadministrasjonane rundt om i Noreg:

Ein gong bestemte administrasjonen på etatsnivå seg for å slå saman Tenester til utviklingshemma i to store bydelar, her kalla bydel A og B. Grunnen var at dei frå høgare hald hadde glefsa at talet vedtakstimar ikkje stemte overeins med talet personale, og at denne sløsinga sporenstreks måtte ta slutt. Resultatet var at Tenestene i bydel B vart lagt ned, og personalet omplassert til heimesjukepleia og heimetenesta i bydel B. Tenestene i bydel A overtok alle dei heimebuande utviklingshemma brukarane i bydel B. Dette skjedde so å seie over natta, og plutseleg hadde personalgruppa frå bydel A dobbelt so mange brukarar å fare til over eit dobbelt so stort arbeidsområde. Her hjelpte det ikkje akkurat at talet personale heldt fram med å vere det same. Resultatet vart springing, råkøyring og til og med fare for liv og helse.

Ein av brukarane var spesielt vrang og vanskeleg. Brukaren kravde hjelp til morgonstell på slaget åtte kvar einaste morgon, om det var ein vanleg vyrkedag, syttande mai eller fyrste juledag. Dersom ikkje personalet stod på trappa til den 50 kvadratmeter store leilegheita presis klokka åtte, svarte han utan unntak med valdsbruk. Som ein konsekvens av denne rigiditeten, måtte personalet då inn dørene på kontoret, grafse til seg nøklar og ufortent kritikk frå sin kaffislurpande avdelingsleiar, før dei halsa av garde. Tjue minutt i ein elendig kommunebil seinare, sprang den tilsette i store steg opp trappene til den stygge kommunale bygningen, før ho febrilsk og med bankande hjarte og raudmussa kjakar hamra på døra. Som regel rakk dei det akkurat, men ikkje utan å bryte både fartsgrenser og fysikkens lover.

Ein latvisk helsefagarbeidar som kom tre over åtte, fekk ein olboge i sin vakre, edle ørnenase. Med blødande nase vart ho so tvinga til å dusje brukaren medan blodet rann som ein sildrande bekk frå den hikstande dama. Etterpå ringde brukaren og klaga til fagkonsulentane at der var ein drope blod på baderomsgolvet som den livredde latviske kvinna hadde gløymt å tørke opp.

Brukaren var den vanskelegaste i ein haug av sære, bortskjemde rævhòl. Dette var diverre karakteristisk for den bydelen. Kontrasten mellom den og bydel A var slåande. I bydel A, der Tenestene hadde kontor og administrasjon, var brukarane veloppdregne og høflege, alle velfungerande på sitt nivå. Valdsbruk hende aldri, dei var snille og harmlause som dagen var lang. Årsakene kunne ein berre spekulere i. Faktum var at skademeldingsstatistikken gjekk i taket so fort Tenestene overtok tenester til heimebuande i den berykta bydel B. Ein polsk sjukepleiar omtala ved eitt høve bydelen som «ei redselsfull forstadsaudemark fylt til randa av sosiopatar». Ein 28-årig kvinneleg assistent og tobarnsmor kalla dei «oppdregne av ulvar». Ingen i det fantefølgjet hadde noko som likna på folkeskikk.

Verneombodet på arbeidsstaden, ein 32-årig kvinneleg hjelpepleiar som hadde jobba med psykisk utviklingshemma (PU-ar) sidan ho byrja som støttekontakt 18 år gammal, såg på alle skademeldingane som hagla inn, og på det faktum at avstandane openbert var altfor store. Dei logistiske utfordringane var ikkje å overvinne, og det var i hennar ord «heilt på trynet» at so få skulle yte tenester til so mange over eit so stort område. Kva i all verda var det administrasjonen tenkte på, om dei då tenkte i det heile?

Ho tok problemstillinga opp med avdelingsleiar, men han sat der med den skvulpande kaffikoppen i neven og stira på ho som om han ikkje heilt forstod kva ho ville fram til; det berykta vernepleiarblikket. Heimesjukepleia hadde då like mange oppdrag og like mykje køyring. Dessutan var dei jo eit ambulerande team, og då var køyring berre på sin plass. Og når det gjaldt det han på sin vernepleie-doxa kalla «utagering» frå den valdelege brukaren, so var dette berre å vente når ein arbeidde med slike folk. Psykiatrien hadde då langt farlegare brukarar, og dei dreiv aldri og sytte og klaga!

Argumentet heldt ikkje vatn. Medan heimesjukepleia hadde alle brukarane sine innanfor eit lite område i bydelen, hadde Tenestene tjue kilometer frå kontoret og til den fjernastbuande brukaren. Var dei helsepersonell eller var dei taxisjåførar? Dei hadde ikkje kjempa til seg fagbrev for å køyre rundt i bil heile dagen, og iallfall ikkje for å bli banka av brukarane om dei kom to-tre minutt over avtalt klokkeslett. Kom liksom heimesjukepleia alltid på slaget? Og når det gjaldt det at psykiatrien hadde det verre på jobb, so var dette ei blank løgn. Verneombodet kjende fleire som jobba i psykiatrien, og der var det so å seie ikkje skademeldingar i det heile; rutinane var langt betre, dei gjekk med valdsalarm, og dersom brukarane gjekk over streken, so fekk dette faktisk konsekvensar for vedkomande.

Fleire i personalgruppa byrja å bli sjukmelde på grunn av dei tunge oppdraga, dei ufyselege brukarane og dei uoverkomelege avstandane, og dette førde til ei umenneskeleg rovdrift på alle ikkje-vernepleiarane i personalgruppa. Det dei brukte i drivstoff åleine utgjorde truleg meir enn det ville ha kosta å oppretthalde Tenestene i den andre bydelen.

Klagane til verneombodet fall for dauve øyre. Avdelingsleiar var ikkje i stand til å sjå problemet. Her skal det påpeikast at ingen av dei tre fulltidstilsette vernepleiarane i personalgruppa nokosinne fór på oppdrag i den andre bydelen. Dei sette ikkje sine bein der om det stod om liv. Dei gadd knapt nok å utføre «miljøarbeid» i sin eigen bydel, og helst ikkje meir enn ti minutts køyring frå kontoret. Fagbrevutdanna, assistentar og utanlandske sjukepleiarar vart derimot kommanderte langt pokker ut i periferien medan vernepleiarane stort sett sat på kontoret og drakk kaffi og rasla med skjema som berre dei sjølve skjønte innhaldet i og meiningane med.

Verneombodet valde å gå vidare til soneleiar (einingsleiar) med saken, ettersom det var tydeleg at avdelingsleiar ikkje ville vedkjenne seg problemstillinga. Soneleiar var derimot aldri å oppdrive, ho var fråverande både i hovud og i kropp. Ho svarte aldri på dei mange e-postane verneombodet i fortviling sendte. So blåst var dette mennesket at det ikkje var overraskande at nettopp ho var soneleiar. Dette var berre nok eit døme på at i kommunal sektor gjaldt regelen at «den Gud gjev embete, gjev han ikkje vit!».

I mellomtida vart stoda i personalgruppa verre og verre. Dei utan høgskuleutdanning kvidde seg som hundar til å gå på jobb. Der oppstod kreativ bruk av eigenmelding for å sleppe å kome, og so å seie alle brukte jamleg opp eigenmeldingskvoten. Fleire vart sjukemelde av sine sjokkerte fastlegar, som alle tilrådde dei å skifte jobb. Det vart utvikla angst og rein og skjer frykt for å køyre ut til dei farlege, mannevonde beista i den andre bydelen, og den nemnde latviske helsefagarbeidaren sat ved eitt høve og grein i kommunebilen ein morgon. Tanken var tom fordi ingen hadde hatt tid til å fylle han, og klokka var då ti på åtte. Verneombodet overtok då oppdragslista hennar, i tillegg til å gjere sine eigne oppdrag. Den latviske, biletvakre unge dama vart sendt heim. Verneombodet måtte ei stund etter flykte for sitt liv då den valdelege brukaren jaga ho fleire hundre meter, væpna med ein ljå (!). Etterpå kom det klage frå han på verneombodet, som ikkje hadde hjelpt han med morgonstellet. Dagen etter troppa nemnde latviske helsefagarbeidar opp på kontoret med sjukemelding. Der tilrådde fastlegen på det sterkaste at ho vart omplassert. Avdelingsleiar valde å drite i dette.

Ettersom det var openbert at den vanlege tenestevegen overhovudet ikkje fungerte, såg verneombodet ingen annan utveg enn å kontakte Arbeidstilsynet. Ho skreiv – på si eiga fritid, ettersom den smålege stillingsprosenten ikkje gav ho tid til å utføre vernearbeidet i arbeidstida – eit langt brev der ho påpeikte fleire alvorlege brot på Arbeidsmiljølova, deriblant det faktum at når ein var på oppdrag i bydel B, hadde ein ingen kontor- eller toalettfasilitetar. Dersom det lokale handlesenteret var stengt, var personalet tvinga til å gjere sitt fornødne i busker nett som dyr.

I tillegg var samarbeidet med dei ulike bufellesskapa i bydelen episk dårleg. To av bufellesskapa hadde ansvar for å sende med andrepersonale til dei oppdraga som kravde to, altso tunge stelloppdrag som var både farleg og forbode å bli utførte av berre eitt personale. Bufellesskapa hadde sett seg på bakbeina frå dag éin, og hadde konsekvent sendt dei verste fjolsa i heile personalgruppa. I begge bufellesskapa sende dei alltid dei ufaglærte, sjølv om der var både vernepleiarar og helsefagarbeidarar til stade på bruket kvar vakt. Verneombodet hadde hatt med seg alle slags neper mellom himmel og jord, som knapt nok hadde teke i ei vaksenbleie før. Ein av dei var sirkusartist, ein annan var ein tidlegare torpedo, og ein tredje var kunstmålar. Ingen av dei var brukande som helsepersonell, og var meir i vegen enn til nytte. Dette førde til at personalet frå bydel A måtte gjere so å seie heile jobben åleine.

Verneombodet la ut i breie ordelag om alle problema som hadde oppstått i denne administrative bommerten. Ho pakka mildt sagt ikkje ting inn. Eit vell av paragrafar frå  nemnde lov vart sitert og brukt for å illustrere kva for lover alle desse konkrete døma hadde brote. Ho sende brevet som vedlegg på e-post til Arbeidstilsynet, og kopi av dette til både avdelingsleiar og soneleiar.

Dagen etter opphøyrde plutseleg alt samarbeid mellom bydel A og bydel B. Ved eit trylleslag vart alle brukarane i bydel B fjerna frå oppdragslistene til Tenestene, og alt var som tidlegare. Verneombodet vart kalla inn til soneleiar og fekk ein saftig reprimande. Soneleiar stod midt på golvet og skreik som eit lite barn so heile etasjen høyrde ho. Verneombodet hadde brote tilliten til leiinga og valt å melde kommunen til Arbeidstilsynet dagen før «overtakinga» var eit faktum.

Faktum og faktum… Verneombodet hadde ikkje høyrt eit ord om denne overtakinga verken frå soneleiar eller frå avdelingsleiar på noko personalmøte. Verneombodet påpeikte at ho hadde sendt e-post etter e-post til leiinga, der ho kvar gong åtvara at ho var pliktig å varsle Arbeidstilsynet dersom situasjonen ikkje betra seg. Dette fnyste soneleiar i forakt over, før ho la ut om at heimesjukepleia hadde like mange oppdrag og like mykje køyring, og at køyring var ein uunngåeleg del av noko som trass alt var eit ambulerande team. Dessutan hadde psykiatrien mykje farlegare brukarar.

Verneombodet vart truga med avskjed om ho ikkje trekte tilbake «anmeldinga» (som ikkje var ei anmelding, men eit varsel om kritikkverdige forhold). Verneombodet trekte tilbake varselet. Ikkje fordi soneleiar hadde truga ho til det, men fordi dei kritikkverdige forholda ikkje lenger var til stade. Arbeidstilsynet var det ingen som nokosinne høyrde noko frå, so ein kan lure på om der ikkje sat vernepleiarar i leiinga der òg.

Heldigvis viste det seg seinare at denne saken fekk ein lukkeleg ende. Ettersom Tenestene i bydel B var lagt ned, hadde ikkje administrasjonen noko anna val enn å leggje Tenester til heimebuande utviklingshemma innunder den allereie hardt belasta heimesjukepleia. Der var det sjukepleiarar som sat og styrte, og dei fann seg ikkje i nykker frå sære hjarteborn.

Ein estisk sjukepleiar kom ein morgon til den valdelege brukaren. Klokka var då ti over åtte, og sjukepleiaren hadde då tre morgonstell bak seg – og han hadde etter dette oppdraget fire stell til før han kunne ta noko som minte om lunsj, sitjande i sin elendige kommunebil. Brukaren fauk lukt i strupen på den stakkars mannen nett som eit vilt dyr. Sjukepleiaren, som aldri hadde vore hjå vedkomande før, svarte med å ringje til politiet, for han fann seg so visst ikkje i å bli handsama som ein innbrotstjuv med vonde føremål! Brukaren vart brølande og frodande lagt i jarn av politibetjentar som var tøffe både i tryne og i ord, og resultatet vart to veker i fengsel og ei feit bot. I fengselet fekk ikkje brukaren hjelp til noko som helst. Skiten samla seg og skjegget voks. Då han sleppte ut att var han nett som eit anna menneske. Frå den dag av gjorde det ingenting om personalet ikkje kom på slaget åtte. Ikkje om dei kom ein time for seint heller. Faktisk gjorde det heller ikkje so altfor mykje om dei ein og annan dag ikkje hadde kapasitet til å kome i det heile.

Det hardt prøvde verneombodet fekk seg fast fulltidsstilling på sentralsjukehuset, og ho uttrykte si botnlause takksemd ved å kysse sin nye sjef – ein 50-årig lege – midt på hans gråskjeggete munn. Mannen valde å ta det med sympati, for det var heilt tydeleg at den stakkars hjelpepleiaren var alvorleg miljøskadd av alle dei åra med dei sokalla miljøterapeutane. Ordet «vernepleiar» tok han ikkje eingong i sin munn, han såg på det som eit skjellsord. Han ville visst kalle dei toskane langt verre ting!

Hendingane i denne artikkelen er fri fantasi. Dersom du mot formodning skulle jobbe på ein stad med ei slik farleg inkompetent leiing, vil eg oppfordre deg på det sterkaste til å skifte arbeidsgjevar. Ingen jobb er verdt helsa di.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s