Kommunal «kannibalisme»: Utkantkommunar overbyr kvarandre for å rekruttere sjukepleiarar

Den offisielle forteljinga sitt hovudpropagandaorgan NRK publiserte 31.januar 2022 ein artikkel om utkantkommunane sine rekrutteringsvanskar til helse- og omsorg. Sjukepleiarar er so vanskelege å få tak i at desse kommunane «grev djupt i kommunekassa for å rekruttere varme hender». Lærdal i Sogn gjev 30 000 kroner i bonus til sjukepleiarar som blir verande i minst to år. Sjukehuset i bygda tilbyr «signeringsbonus» på 100 000 til operasjonssjukepleiarar. Nabokommunen til Lærdal blar no opp 50 000 i bonus for å «overby» Lærdal. Medan Lærdal-ordførar Audun Mo erkjenner at pengar er det lokkemiddelet som fungerer best, uroar han seg samstundes for det han kallar «kannibalisme» mellom kommunane.

At det å rekruttere sjukepleiarar til den kommunale helsesektoren i ytste konsekvens kan føre til «bodkrig» slik ein ser ved kjøp av bustader, er etter mi meining mildt sagt ikkje økonomisk berekraftig for kommunar som allereie slit med økonomien. Med ein manko på nær 7000 sjukepleiarar i Noreg har desperasjonen til kommunane no nådd nye høgder. Desse kommunane står mellom barken og veden i dette tilfellet: Anten må dei ause ut med kommunale midlar for å rekruttere sjukepleiarar, elles må dei ta den risikoen at dei plutseleg står utan kvalifisert arbeidskraft. Dette er Trygve Skjerdal, ordføraren i Aurland, nabokommunen til Lærdal, innforstått med. Ordførar Hilmar Høl i Årdal (òg nabokommune til Lærdal) er samd i at det blir kannibalisme blant kommunane. Den som får mest, betaler mest. Årdal kommune deler ikkje ut slike rause bonusar til sjukepleiarar som ønskjer å jobbe der.

Høyanger kommune lenger ute i Sognefjorden gjev 150 000 kroner (!) til sjukepleiarstudentar dersom dei kjem heim etter studiane. Ordførar Petter Sortland seier at so langt har berre éin person takka ja til den ordninga. Han bruker formuleringa «bete på» (som i ‘bite på’ til dømes eit agn).

Endå litt lenger ute i fjorden finn vi den vesle kommunen Hyllestad. Der jobbar sjukepleiar Tonje Systad. Ho bur i nabokommunen Lavik. Sjølv om òg Hyllestad lokkar med ekstra pengar, var det ikkje pengar som lokka Tonje til å jobbe der. Det var det gode arbeidsmiljøet, som ho meiner er «eit gode kommunane må vere flinkare til å syne fram når dei rekrutterer, og ikkje berre vifte med pengar». Sjefen hennar Trine Engebø meiner «kommune-kannibalisme er lite berekraftig», og føreslår eit samarbeid med andre kommunar om å dele på arbeidskrafta.

Noko slikt er prissamarbeid, meiner fyrste nestleiar i Norsk sjukepleiarforbund, Silje Naustvik. Det er ulovleg, seier ho. Ifølgje ho må kommunane i tillegg til å finne berekraftige (og lovlege!) måtar å rekruttere sjukepleiarar, òg jobbe meir for å behalde sjukepleiarane som dei allereie har. 1 av 5 sjukepleiarar sluttar i yrket innan ti år, fordi løn og arbeidsbelastning ikkje står i stil.

Forskar Hans Johan Breidablik ved Senter for helseforsking i Helse Førde meiner kommunane må tenkje fram i tid og at dei må samarbeide. Han seier i tillegg at «det er ikkje hjelp i om kommunane har nok sjukeheimsplassar eller omsorgsbustader dersom dei ikkje har personell å betene dei».

Kommentar frå saksyndig: Ved fyrste augnekast ser sjukepleiarane ut til å sitje med bukta og begge endane. I sin desperasjon etter å få kvalifisert arbeidskraft, går distriktskommunar nærast inn i «bodkrig» med kvarandre, akkurat som folk overbyr kvarandre på bustadmarknaden for å få draumehuset. Der ser meklarane ut til å vere den som tener på at bustader går til kunstig høge prisar, medan kjøparane taper – ikkje berre betaler dei altfor mykje for bustad, dei kan òg risikere å seinare måtte selje med tap. På sikt vil òg meklarane tape, i og med at provisjonen dei får som regel er i samsvar med endeleg salssum av bustader; blir ein bustad selt til kunstig høg pris i 2011, men selt med dundrande tap i 2020, har alle partar på lang sikt tapt.

Kommunar som Lærdal, Aurland og Hyllestad betaler likeins for mykje for å hyre sjukepleiarar, og dei har på ingen måte garanti for at den «overbetalte» sjukepleiaren framleis jobbar i kommunen etter ti år. Det er langt frå berekraftig å betale 30 000, 50 000 eller, som ved sjukehuset i Lærdal, 100 000 for å rekruttere ein sjukepleiar, for so å vere i same bemanningsmangel-situasjonen nokre få år seinare. På lang sikt blir ikkje personalmangelen løyst, og kommunekassen vil til slutt vere tom.

Sjukepleiaren er heller ikkje den som vinn på dette. Du kan riktig nok innkassere ein feit «signeringsbonus», men dersom du har bustad, bil og barn, er dette pengar som raskt forsvinn. Bilen må på verkstad, røyrleggjar må fikse kjøkkenvasken eller elektrikar må fikse varmekablane på badet før vinteren set inn – eller dei 100 000 du fekk i bonus går med på å betale langt over prisantydning i ein bodrunde på eit hus i den vesle utkantkommunen som du nettopp har flytta til med mann og tre ungar!

Dersom du slit deg ut på jobb og til slutt må ut i langtidssjukemelding, har du i utgangspunktet tapt. Det har arbeidsgjevar òg, ettersom han må ta inn vikar for deg medan du er vekke frå jobb på ubestemt tid (og samfunnet elles har òg tapt, ettersom det offentlege gjennom NAV må utbetale sjukepengar til deg). Det du trudde var ei genial ordning (100 000 opp i neven for å jobbe inst inne i Sognefjorden), har no blitt ditt verste mareritt. Om arbeidsmiljøet er uforsvarleg, kollegaene del av ein ròten jentegjeng som rottar seg saman mot deg, og leiinga er farleg inkompetent med sterke psykopatiske trekk, er det fullstendig likegyldig kor mykje bonus kommunen fristar med for å lokke deg inn i denne «honningfella».

Ingen jobb er verdt helsa di. Sjukepleiar Tonje gjorde etter mitt syn eit klokt val å jobbe ein stad der ho veit at arbeidsmiljøet er godt. Og dei ekstra pengane Hyllestad kommune betalte for å rekruttere ho, vil dei tene inn igjen gjennom å ha Tonje som del av personalressursane i mange år framover.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s