Joe Rogan er større enn Spotify

Strøymegiganten gjer rett i å støtte sin stjerne-podcaster.

Av Ben Sixsmith, Unherd. Omsett av saksyndig.

For dei som har lytta lenge til The Joe Rogan Experience, har det vore rart å vere vitne til transformasjonen frå ein elskeleg, rappkjefta, hasj-røykjande komikar som hadde ein podcast sponsa av eit masturberingshjelpemiddel, til ei av dei mest prominente stemmene i vår tid. Sjølvtilliten hans, nysgjerrigheita og muntre likesæle til kor vidt han kan fornærme nokon passar perfekt i vår tid. JRE har blitt ikkje berre ein podcast, men ei einmanns-mediekjempe (vel, to menn, om du tel med produsenten Jamie).

Sett at eg har truleg høyrt Joe Rogans stemme meir enn nokon andre si utanom familien min og venner, finst det naturlegvis element i arbeidet og stilen hans som irriterer meg. Innser han ikkje at nokre av hans komikarvenner frå Los Angeles er like morosame som ein omgang gastroenteritt? han jatte i veg om «vanlege jobbar» når mesteparten av publikummet hans lyttar til han for å slå i hel lange, keisame timar på jobben? Bryr nokon seg om DMT?

So, eg er veldig open til kritikk av Joe Rogans val av gjester og spørsmål. Med millionar av lyttarar kjem det moralt og intellektuelt ansvar, og det har vore verdige svar på hans skepsis til Covid-vaksinar (nokre av dei på hans eige program).

Det som eg er mindre open til er den typen personar som når dei høyrer meiningar dei er ueinige i, instinktivt vil ha dei teia i hel.

Eit ope brev signert av «270 ekspertar» bad om at Spotify, Rogans plattform-tilbydar, «umiddelbart etablerte ein klar og offentleg policy for å moderere feilinformasjon». Desse ekspertane inkluderer ein podcaster, ein tannlege, ein psykolog, ein søvntrenar ein «arbeidsplass-velvære-konsulent» og ein dyrlege.

Prins Harry og Meghan Markle har sidan gjort det til sin sak å involvere seg og fortelje media at dei har «uttrykt bekymringar til [sine] partnerar i Spotify om dei altfor verkelege konsekvensane av Covid-feilinformasjon på plattforma». Partnerane sine? Åh, ja. I 2020 signerte paret ein fleirårig avtale verdt 25 millionar dollar med strøymegiganten. So langt har dette resultert i éin einaste podcast-episode. Ofte, men ikkje alltid, er dei som er mest interessert i å moderere andre sitt kreative output dei som er minst i stand til å vere kreative sjølv.

Du kan ikkje teie i hel Joe Rogan, naturlegvis. Han hadde den største podcasten i verda før han gjekk over til Spotify, og han ville hatt den største podcasten i verda om han hadde måtte gå. Faktisk, om det tydar at han kan behalde dei 100 millionane dollar dei signerte han for, og sleppe unna deira klagande tilsette, kunne det vere ein god avtale for han.

Joe Rogan er no ein institusjon: han er større enn Spotify, Neil Young og til og med Harry og Meghan. Det er JRE sin ufiltrerte natur og autentisitet som gjev han so stor appell i ei verd av ubehøvla sytepavar – hans meir sensurivrige kritikarar kunne ha lært noko.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s