Ti minutt med glede kan gje minimumsstraff på 18 år og ni månader

Dette innlegget er skrive som ein kommentar til artikkelen om «Feminisme & Helsestat – Brev fra en far» av «John Shields», som handla om korleis ein far mista retten til å sjå si eiga dotter Malin av ei vondsinna, totalitær ekskone. Eit stikkord eg hentar vidare frå den artikkelen er samværssabotasje, som journalist Maria Zähler i Resett skriv om i ein artikkel 31.januar 2022.

Foreldrekonfliktar kan få katastrofale utfall, og samværssabotasje er eitt av dei. Zähler definerer samværssabotasje som at «forelders samvær med barn ikke skjer til avtalt tid, uten rimelig grunn. Normalt er det den med daglig omsorg som på grunn av personkonflikt ikke leverer barnet til samvær til avtalt tid.»

Ole Petter Olsen, nestleiar i organisasjonen Mannsforum, meiner det aktuelle problemet er langt større enn folk flest veit. Organisasjonen bistår foreldre av begge kjønn som blir utsett for samværssabotasje. Sjølv om dei òg hjelper damer, utgjer menn fleirtalet av dei som får bistand. Desse mennene «føler at de står i en kamp som David mot Goliat», og at dei har blitt utsett for både fysisk og psykisk vald frå sine kvinnelege partnerar. Faktisk er kvinner overrepresentert når det gjeld vald i nære relasjonar. Dette er paradoksalt, i og med at «mange oppfatter det slik at kvinner ikke har egenskaper til å utføre vold».

Foreldrekonfliktar er openbert skadelege for barna, som ofte utviklar åtferdsvanskar. Samværssabotasje spesielt har enorme konsekvensar for den råka parten, i form av psykisk og fysisk uhelse. Å miste sine eigne barn er vondt. Når dette skjer nærast til samfunnets skadefro applaus, er det endå verre. Den utstøytte går inn i ein vond, nedgåande spiral: dei blir langtidssjukemelde, uføre og kan i verste fall begå sjølvmord. Ole Petter Olsen i Mannsforum fortel at «Mannsforum som organisasjon mister medlemmer hvert år fordi de tar livet sitt».

Kan politikarane løyse dette alvorlege samfunnsproblemet? Olsen meiner at problematikken veldig ofte «blir feid under teppet». Over ein periode på ti år har ingen av dei ulike barneministrane kome med tiltak mot samværssabotasje. Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) vedkjenner seg problemet, og ønskjer å gjere noko med saken, sjølv om styresmaktene per dags dato ikkje har presentert konkrete tiltak. Men dei jobbar visstnok med saken:

«Barnelovutvalgets utredning om ny barnelov er under oppfølging i departementet. Det er også de to anmodingsvedtakene fra Stortinget om samværssabotasje. Reglene om tvangsgjennomføring av samvær og om barnebidrag er derfor under revisjon. Det er for tidlig å si noe om hvilke konkrete tiltak som kan være aktuelle for bedre å forebygge og forhindre samværshindring.»

Bufdir skal i tillegg føreslå ein modell der målet er «betre håndtering av disse sakene og et bedre foreldresamarbeid, til beste for barna».

Kommentar frå saksyndig: Det er meir og meir som tydar på at den tradisjonelle familiestrukturen er under åtak frå globalistane, slik «John Shields» meir enn antyda i sitt brev til Malin. Triangelet mann-dame-barn blir om til dame-barn over heile den vestlege verda. Mange (desperate?) menn blir lurt til å vere «spermdonorar» for damer med narsissistiske trekk, og når desse mennene har utfylt rolla si, blir dei kasta ut av familieheimen utan nåde. Dei må derimot framleis forsørgje barna økonomisk gjennom barnebidrag; dama ønskjer (og treng) pengane hans, sjølv om han har blitt ein persona non grata i heimen. Følgjande innlegg frå «Obey Obey» i kommentarfeltet illustrerer briljant essensen i denne «honningfella»:

«Hvor mange er det ikke som bare ville ha seg 10 minutter med glede, mens dømmekraften tok seg en pause, som fikk 18 år og 9 måneder helvete som minimum?»

Utifrå erfaringane til Mannsforum er det diverre ikkje alle slike utnytta og utfryste menn som lever so lenge som 18 år etter at dei vart lurt til å «besvangre» eit psykopatisk hespetre.

«Truls» skriv i same kommentarfeltet:

«Politikerne kommer ikke til å gjøre noe. Politikerne ønsker denne utviklingen for å skape splid og ufred i samfunnet. Splitt og hersk er en taktikk som har virket i tusenvis av år.»

«Slabbedask» kjem med eit etter mitt syn ganske so interessant svar:

«Del av den langsiktige planleggingen for å destabilisere samfunnet?
Naturen har laget det sånn at menn og kvinner tiltrekker hverandre som magneter.
Erotisk og romantisk.
Den ultimate splittelse; gjøre menn og kvinner til fiender?
Da ødelegges samfunnet helt.

Tanken streifer også politikernes plutselige mani med å vedta et udefinert antall kjønn.
Det har ingenting med noen omsorg for seksuelle minoriteter å gjøre.
Ødelegge forestillingen om at mennesket kommer i hovedsak som 2 forskjellige sorter.
Et forsøk på å ødelegge selve begrepet menneske.
Det kunne ligne globalistene å finne på noe sånt.»

«Kjetil Thue» har òg det eg synest er ein bra kommentar:

«Maria Zähler setter fingeren på hva som foregår. Og Ole Petter Olsen kan jeg gå god for. Dette temaet er det som «ikke skal snakkes om», og er et så stort problem at det faktisk koster menneskeliv.

Den største konfliktdriveren er at man ruineres av forsørgelse av eksen (det kalles ironisk nok for «barnebidrag»), slik at foreldre drives til å sloss om barnet også for pengenes skyld. Alle parter taper: Både mødre, fedre, og ikke minst barna.

De som profiterer på konfliktene er advokater, såkalte «sakkyndige» psykologer, ansatte i NAV, i barne»vern»et, BUP, osv osv.
Det er så man begynner å lure på om det egentlig handler om arbeidsplasser/sysselsetting, og ikke barnas beste (som er floskelen de slår om seg med for å villede folk som ikke selv er rammet), på bekostning av menneskeliv.»

Er samværssabotasje eit uttrykk for enkelte menneske sin individuelle vondskap, og blir slike familiekonfliktar forsterka av ein stat med ein vondsinna, anti-menneskeleg agenda? Éin ting er sikkert: Det finst damer som vil bli mødrer for ein kvar pris, om dei er mentalt og moralsk skikka til det eller ikkje. Vondskap finst utan tvil, sjølv om det er politisk ukorrekt å vedkjenne seg det. Å bruke eit menneske sitt behov for kjærleik som eit våpen for å oppnå eigne narsissistiske mål, er eit verkemiddel som er like gammalt som sjølve menneskeheita.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s