Koronasituasjonen: Når elementa i eit dårleg forhold blir overført til samfunnsnivå

«Feminisme & Helsestat – Brev fra en far.»
Analysert og kommentert av saksyndig.

1.februar 2021 vart det publisert eit brev av ein forfattar med pseudonymet «John Shields», eit langt brev til dottera «Malin», som han ikkje har sett sidan 19.februar 2020, nesten eit år tidlegare. Han fortel om omfattande framandgjering frå sitt eige barn, ei regelrett demonisering som i stor grad har blitt utført av Malins mor, som er kontrollerande og overstyrande. Han samanliknar so dette dårlege forholdet med «covid-kuppet» som fann stad i mars 2020, og trekkjer med dette parallellar mellom koronasituasjonen og det å leve i eit forhold med nokon med narsissistiske trekk. Brevet bør lesast i sin heilskap, dette er berre mi tolking av det og min kommentar.

Forfattaren byrjar brevet med å fortelje om ei hending under eit tebesøk då han hadde blitt forlova med denne dama:

«For mange år siden (da din mor og jeg var forlovet, mener jeg å huske), satt jeg ofte hos familien Berg og drakk te, og snakket med din mor, mormor og morfar i spisestuen der. Jeg kommer ikke på lenger akkurat hva som utløste episoden jeg tenker på, men en aften, snudde plutselig din mormor seg mot din mor og utbrøt: «Du er ond, du!» Dette sa altså mor til datter. Jeg var ung og uerfaren, og tok ikke et signal om at noe var unormalt. — Jeg burde ha kommet meg ut av forholdet alt der og da.»

Han skriv vidare at dei tre systrene i denne familien har hatt «et underlig forhold til menn, og bror og ektefeller har alle fått en tidlig død». Ein av mennene tok sjølvmord ved hjelp av skytevåpen. Forfattaren sjølv enda opp på psykiatrisk sjukehus som sjølvmordskandidat. Han leverer til Malin følgjande karakteristikk av hennar eiga mor:

«Hun er en person som respekterer, beundrer eller idealiserer menn når de presterer, leverer, har penger, status eller er uoppnåelige. Men fiendtligheten hennes øker dessverre proporsjonalt med minkende prestasjoner, leveranser osv.»

Han konkluderer med at Malins mor ikkje inngjekk ekteskap med han ut av kjærleik, men fordi han «presterte» og «leverte» i samsvar med hennar ønske. Sånne som ho kan etter hans meining lett omfamne feminismen som ideologi, fordi:

«Feminismen er et slags ekslusivt, ideologisk «to-for-én» tilbud til kvinner og jenter. På den ene siden står kvinnene over menn og er «bedre», dvs. føler seg som mer høytstående enn dem, og på den andre siden er kvinnene «ofre». De føler seg som ofre for «menn» generelt («patriarkatet») og/eller kvinner (med makt) som ikke «forstår» dem. Når slikt ideologisk vås som dette smelter sammen med ID-politikk, blir situasjonen giftig og farlig, først for menn, men senere også for andre. Vi får flere kjønn (som om dét var mulig), og forvirring og kaos blir dypere, og mer utbredt, særlig etter at feminismen er blitt statsbærende ideologi.»

Forfattaren skriv at «din mors moralske univers er meget enkelt. Det hun liker er rett, og det hun ikke liker er galt». Forfattaren sjølv er for likestilling; problemet er berre at feministane ikkje er det. Feminismen er ifølgje han ein totalitær ideologi.

Som i alle totalitære regime, er hierarki viktig i feminismen. Ifølgje forfattaren er barn og kvinner på toppen av hierarkiet, for dei har alltid rett. Menn tek som regel feil, fordi dei er på botnen av same hierarki:

«Menn hører ikke hjemme i et slikt regime, og vil enten bli ‘kastrert’ eller kastet ut.»

Den perfekte mannen i dette totalitære feministregimet har høg utdanning og posisjon i samfunnet – men so fort han kjem innafor heimens fire veggar, skal han straks underordne seg kone og barn: «Sagt mer abstrakt: han skal være aktiv ute, men passiv hjemme. (Kvinner skal være aktive både ute og hjemme.»

Avvik frå dette snevre idealet blir møtt med «straffereaksjoner i form av å bli anklaget og utskjelt for å være aggressiv». Dersom dette ikkje fungerer, «spiller kone og barn ut ‘offer-kortet’ og mannen/faren anklages på det mest infame: de er redd ham

Mannen må kort fortalt anten underkaste seg, eller forsvinne. Slike kvinner får i pose og sekk i den norske velferdsstaten og eit rettsapparat som i stor grad dømmer i kvinners favør. Mannen får ikkje sjå igjen sine eigne barn, men må likevel betale barnebidrag. Slik fungerer dagens «kvinnestat».

Tek han valet å bli verande i dette usunne forholdet, må han anten konkurrere om merksemd med barna (noko som naturlegvis er umogleg), eller «tåle at han er nullet ut». Han må alltid vere einig med kvinna når det gjeld barna, «og hun er for sin del fullkomment uinteressert i å være ektefelle». Det vanlege mor-far-barn-triangelet vart av Malins mor kutta fullstendig ut. Forfattaren fann seg fjerna frå triangelet. Ho ville nesten ikkje vedkjenne seg at han hadde vore med på å lage barn med ho.

Forfattaren meiner at mora med dette oppretta ein «triade», der ho sjølv var leiaren og døtrene var mindre einingar i system rundt ho. Med andre ord narsissisme. Som han skriv: «Hun ville ha barn, men ikke en ektemann». Når ho følte at ho hadde fått «nok» ungar, kvitta ho seg med faren til ungane.

Når separasjon og skilsmisse var eit faktum, gjekk den narsissistiske kvinna over til å framdyrke «farsfiendlighet» hjå barna. Planen var at han skulle isolerast frå sine eigne barn – i hybelen nedi kjellaren, der han skulle sitje som i eit fengsel og stadig høyre stemmene til barn han ikkje lenger fekk treffe. Dei fekk ikkje besøke han, og han var uønskt oppe i huset. Han nekta å gå med på denne mentale torturen, og flytta i staden inn i hybelen til broren sin. Han fekk seg seinare hus i nærleiken.

Han fekk ikkje vere med sine eigne barn, men måtte likevel betale for dei:

«Når jeg ser tilbake på det, satt jeg altså egentlig igjen med to ‘virtuelle døtre’, masse utgifter, og en knugende følelse at jeg hadde mistet barnene mine for alltid.»

Frå dette punktet av trekkjer forfattaren parallell til helseparadigmet som «pandemien» oppretta. Medan isolasjonen før var på familienivå, vart den gjennom Covid-kuppet 12.mars 2020 overført til samfunnsnivå:

«Som om ikke dette var nok, globalistene har en god stund hatt kontroll på regjeringen «vår», på byråkratiet og mediene. De står bak de tre landeplagene, den ondartede feminismen, fremstilt som «likestilling», «klimakrisen», en svindel som nesten helt har ødelagt god vitenskapelig metode, og nå sist, situasjonen med covid-19, et slags kupp, forkledt som en offentlig helsekrise. Jeg er ikke sikker på om du forstår dette. Jeg tror du er ført bak lyset av dem. Ny-føydalt slaveri er det neste. Uvitenhet vil ikke beskytte deg.»

Malins mor har under «pandemien» innsnevra livet sitt til å berre handle om sin næraste omgangskrets, sin kjernefamilie:

«I en sms fra din mor til meg (5.januar 2021) går det frem at du har inngått en ‘pakt’ med henne: Du og din kjæreste, din søster og din mor. Bare dere skal treffes. Ingen andre.»

Ekskona hans (Malins mor) skriv sjølv at dei no er ein kvartett som berre treffer kvarandre: «I butikk går vi kun om kvelden og med maske.»

Forfattaren skildrar denne kvartetten som «en usynlig, ‘lukket avdeling’ rundt dere selv, hvor ingen andre har ‘tilgang’.» Vidare skriv han at «I helseparadigmet er denne beleiringsmentaliteten en slags patologi, i det religiøse, ondskap og i det filosofiske, tåpelighet og galskap». Familie-«pakta», «femi-pakta», «jenteklubben», har alle no blitt ei «covid-pakt». Medan fokuset før var på menn, er fokuset no retta på virus, smitte og covid. Dette er ifølgje forfattaren ein «autoritær kollektivisme som står bak både feminisme, klima/miljø og helsefanatisme». Denne triaden står for eksepsjonell intoleranse for meiningskilnader: alle som ikkje følgjer doksa med religiøs og fanatisk iver, blir utstøytt.

Kvinnestaten og helsestaten har på grunn av koronasituasjonen gått saman med felles mål og felles agenda: eit åtak på tradisjonelle verdiar (familiestrukturen mor-far-barn), demokrati og ikkje minst fornuft, fakta og analyse. Eit patologisk forhold som før korona eksisterte berre på familienivå, har no blitt løfta opp til samfunnsnivå. Alle må no underordne seg denne vondsinna statens narsissistiske krav, og dei som ikkje adlyder blindt, møter dystre konsekvensar. Dei blir utfryste og utstøytte, ikkje berre frå familien, men frå jobb, karriere og resten av samfunnet.

Forfattaren kjem til slutt med ei rekkje oppklaringar rundt koronaviruset og Covid-19, dette gjort i eit forsøk på å rettleie ei dotter som er blitt hjernevaska og villeia både av si eiga mor og sin eigen stat. Han slår fast det som er openbert for oss meir vakne og oppegåande: korona er ikkje farleg for folk flest, regjeringa sine råd manglar vitskapleg grunnlag, nesten ingen døyr av korona, munnbind er irrelevante for vern mot virus – og ikkje minst: det har berre øydeleggjande effekt på menneske å isolere seg frå kvarandre og danne små, snevre verder der berre dei få innvigde har tilgang. Kor samfunnsdrepande er det at små klikkar av menneske burar seg inne i to år og lèt seg skremme sanselause av statens og medias skremselspropaganda og fryktporno?

Isolasjon gagnar ingen og skader alle. Alt han vil, er å igjen få møte dottera si, eller i det minste få gje ho den sida av saken som mora i årevis har «sensurert bort», akkurat som helsestaten sensurerer alle synspunkt som ikkje er i samsvar med den offisielle forteljinga. Han skriv avslutningsvis:

«Malin, skal forholdet mellom oss to bli bedre, må du virkelig ønske det og ville det, oppriktig. Jeg trenger ikke din oppriktighet nå, jeg er ikke der. Det er egentlig du som trenger den. Du trenger den for å utvikle deg som menneske. Slik jeg ser det, har du hittil mest valgt frykt og det negative. Det ville være klokt av deg å kanskje legge mer vekt på kjærlighet nå. — Kjærlighet til våre medmennesker og til alt som lever. Da er jeg også der for deg. Har alltid vært det, er det nå, og vil alltid være det.»

Kommentar frå saksyndig: Dette anonyme brevet tek opp særs viktige tema om framandgjering av fedrar frå sine eigne barn, om feminismen («kvinnestaten») som ein trugsel mot menn si rolle, og ikkje minst tener det som nok eit vitnesbyrd på dei skadelege koronatiltaka som vestlege land innførde i mars 2020, stikk i strid med tidlegare pandemiførebuingsplanar. To alvorlege samfunnsproblem smelta saman med korona og danna eit monster med tre hovud som kan øydeleggje samfunnet slik vi alle kjenner, elskar og hatar det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s