Det er mi største glede å kunne rapportere at ideen om lastebilkonvoiar som protesterer mot Covid-tyranni, no har byrja å spreie seg til andre land enn Canada, primært i Europa og Australia. Konvoiar er no observert i Nederland, Tyskland, Italia og Australia.
Desse sokalla Freedom Convoys har fått avleggjarar i Europa og Australia i kjølvatnet av den rekordstore konvoien av kanadiske lastebilsjåførar som i helga kom til den kanadiske hovudstaden Ottawa. Statsminister Trudeau sjølv flykta med familien og tryggleiksvakter til ein hemmeleg stad, visstnok fordi han ville sjølvisolere seg etter å ha blitt eksponert for koronaviruset. At han testa negativt, ser ut til å vere irrelevant.
Den europeiske avleggjaren har namnet European Freedom Convoy. Planen er å «okkupere» Brüssel til alle covid-restriksjonane er avskaffa. Gruppa sa, «dette handlar ikkje om å vere for eller mot vaksine, det handlar om menneske sin rett til å velje. Dette handlar ikkje om politikk, men om fridommen til den menneskelege rasen.»
Andre europeiske land som har fått sine lokale konvoiar, er Frankrike, Finland og Tsjekkoslovakia.
I tillegg mobiliserer no australiarar, som har lidd under nokre av dei verste covid-restriksjonane i verda, sin eigen Australian Freedom Convoy. I likskap med kanadiarane, er dei òg på veg mot sin eigen hovudstad, Canberra. Somme av dei kjem heilt frå storbyen Perth i andre enden av kontinentet.
Som forventa prøver hovudstraumsmedia å anten ignorere konvoiane eller kome med feilinformasjon. Mellom anna prøver CBC å føreslå at Russland står bak protestkonvoiane. Den offisielle forteljinga er desperat etter å anten stoppe eller teie i hel desse episke aksjonane, men sjølv ved hjelp av omfattande sensur, og til og med avslåing av vegkamera hjelper ikkje. Folket har reist seg og vil ha slutt på tyranniet.