Sjokkerande ord frå professor: «Pedofili har evolusjonære fordelar»

Ifølgje summit.news, er ein universitetsprofessor med namn Stephen Kershnar under etterforsking for å mellom anna ha sagt at det er ein feil å tru at pedofili er gale, og at der er «evolusjonære fordelar med barn/vaksen-sex». Professor Kershnar underviser i libertariansk filosofi og anvendt etikk ved SUNY Fredonia universitet. Han meiner at det er noko gale med samfunnets reaksjon på pedofili, og at samtykkjande seksuelle forhold mellom vaksne og barn faktisk kan vere ein god ting:

«Førestill deg at ein vaksne mann ønskjer å ha sex med ei tolv år gammal jente. Førestill deg at ho er viljug deltakar. Eit veldig standard, veldig utbreitt syn er at det er noko alvorleg gale med dette. Det er gale uavhengig av om det er kriminalisert.»

Kershnar heldt fram:

«Det er ikkje openbert for meg at det faktisk er feil. Eg trur dette er ein feil. Og eg trur at å etterforske kvifor det er feil, vil fortelje oss ikkje berre ting om vaksne/sex og valdtekt, men òg fundamentale moralske prinsipp.»

Han påstod òg:

«Tanken om at det [sex] er gale sjølv med ein eitt-åring er ikkje særleg openbert for meg.»

Kershnar hevdar òg at det i nokre utanlandske kulturar er vanleg at bestemødrer utfører munnsex på gutebabyar for å roe dei ned, og han skjøner ikkje kva som er gale med dette. Han seier at påstandar om at sex med barn er gale fordi barna ikkje skjøner kva som skjer, kan bli motargumentert med at det òg finst andre aktivitetar som barn er med på, sjølv om dei ikkje skjøner kva som skjer, til dømes judo-turneringar eller bar mitzhva-ar.

Filosofi- og etikkprofessoren kom òg med påstandar om at der var «evolusjonære fordelar» med barn/vaksen-sex og at eit overraskande stort tal unge menn viste seksuell tiltrekning til pre-pubertale barn. Sjølve pedofiliakta er det ifølgje han ingenting i vegen med, berre samfunnet sine reaksjonar på den.

Ikkje overraskande tek kollegane til professor Kershnar sterk avstand frå meiningane hans. Saken er under etterforsking.

Summit.news skriv følgjande som avrunding på artikkelen:

«Mainstreaminga av pedofili er ein kulturell trend som har krope fram etter kvart som samfunnet blir meir degenerert og moralsk relativisme finn fotfeste.»

Dei skriv vidare at ein «ikkje-binær» assistent-professor ved Old Dominion University nyleg bad om at pedofiliens «stigma» må bli «delegitimisert». Transpersonen Allyn Walker hadde eit intervju med Prostasia Foundation, ein organisasjon som ønskjer ei legalisering av sexdokker som ser ut som barn. I intervjuet ønskte ho at pedofile burde bli referert til som minor attracted people (MAP), som omtrentleg tydar «mindreårig-tiltrekte menneske». Pedofile blir ifølgje ho (han?) lei seg av å bli kalla pedofile.

Walker seier følgjande:

«Eg meiner at vi trur samfunnsmessig at stigma mot MAP-ar tener til å beskytte barn fordi vi ikkje fullt forstår skilnaden mellom MAP-ar og seksualforbrytarar. Igjen har vi denne forvirringa mellom tiltrekninga og kriminell åtferd.»

Walker føreslår at pedofili berre er nok ei form av seksuell tiltrekning, og burde bli tolerert. Stigma mot pedofile meiner Walker er eit «stort problem», og at ho føler empati med korleis pedofile blir behandla:

«Seksualitet kan vere flytande, og der er mange MAP-ar som har varierande tiltrekning til både barn og vaksne. […] Sjølv om eg ikkje er ein MAP sjølv, er eg homo, so eg òg har vore gjennom erfaringar og innsett at eg har typar av tiltrekning som mange ikkje vil skjøne, og som enkelte meiner er umoralske. Og desse erfaringane har verkeleg forma den eg har blitt. Og på ein måte føler eg empati med dei erfaringane, og eg vil lære meir.»

Summit.news har følgjande kommentar til desse ytringane:

«Og desse folka jobbar på universitet. Vi lever verkeleg i helvete.»

Kommentar frå saksyndig: I motsetnad til bloggaren Gunnar Tjomlid, som truleg gjekk inn i rolla som Djevelens advokat når det gjaldt artiklane sine om barneporno, frontar desse to universitetstilsette ei genuint pro-pedofil haldning. Dei ønskjer at samfunnet skal godta at pedofili er ei seksuell legning, og dei ser til og med ut til å hevde at barn (sjølv små barn!) kan gje gyldig samtykke til seksuelle handlingar med ein vaksen. Og har bestemødrer plutseleg byrja å suge gutebabyar no?

Det seier mykje om deira moral når ein universitetsprofessor lèt seg intervjue av ei stifting som faktisk ønskjer at barnesexdokker skal bli lovlege!

Det rører seg mykje rart i dagens akademia, rundt om på dei mange universiteta. Dette er utdanningsinstitusjonar som ein gong i tida var sjølve høgborgene av kunnskap og lærdom. No framstår dei meir og meir som oppdrettsanlegg for sprø teoriar og eit forrykt, anti-menneskeleg verdssyn som prøver å legitimisere og normalisere alvorlege seksuelle avvik.

Når moralsk relativisme finn fotfeste på universitetet, blir vurderingsevna deretter. Kombinert med kritisk raseteori og kjønns- og identitetspolitikk blir miljøet uleveleg for dei som framleis har vit og forstand, dei som framleis har sunn fornuft. For å setje ting litt på spissen: Professorar får sparken for å seie ordet «neger», men dei får lov å seie at «pedofili er i grunnen heilt greitt». Eller lov og lov… Vi får sjå korleis det går med «etterforskinga» av professor Kershnar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s