Studentjente vil sterilisere menn

20.desember 2021 publiserte studentavisa Studvest ein småironisk artikkel skriven av Fay Arentz-Hansen, ei studine ved Universitetet i Bergen. Ho byrjar innlegget med følgjande skildring:

«Om litt under et år må jeg strippe ned og spre bena mens en mann stikker en stang opp i tissen min og dra en liten spiral ut fra livmorhalsen min før han stapper en ny spiral opp samme sted. Foregående på et kaldt trist legekontor.

En jævlig ukomfortabel og smertefull opplevelse som jeg og mange andre kvinner må gå gjennom blant annet fordi mange ikke liker å bruke kondom fordi det «ikke føles digg». Bu hu.»

Ho skriv vidare at kvinneleg prevensjon har mange biverknader, mellom anna vektauke, risiko for blodproppar, nedsett sexlyst, hovudpine og depresjon. Trass dette meiner ho det er «nærmest unormalt å møte på en seksuelt aktiv kvinne som ikke er på prevensjon. Samtidig skal man ikke gå så langt før man møter en seksuelt aktiv mann som så vidt vet hvordan man bruker et kondom.»

Kvinner er samstundes dei som sit med ansvaret ved graviditet, og det er grenser for kor mange gonger ei kvinne kan bli gravid, fordi ho er fødd med eit visst tal egg. For menn er det derimot ingen slike føringar. Ho skriv vidare at mannlege p-piller har blitt utvikla, men dei hadde for mange biverknader til at dei vart godkjende, mellom anna redusert sexlyst og depresjon.

På bakgrunn av dette skriv ho: «Sterilisering er da et supert alternativ. Det gjør bare litt vondt. Men litt smerte det klarer da menn. Skal ikke dere være store, tøffe, sterke og ikke føle på smerte?»

Sterilisering av menn gjer vondt, det er dyrt og vil naturlegvis redusere fruktbarheita. Men Fay har ei løysing der òg: frys ned sæden! Som ei løysing på prisnivået, føreslår ho «substiert [sic] mannlig sterilisering». At staten skal gå inn og dekkje sterilisering av menn som synest det er for mykje styr å tre på ein kondom. Fay avrundar innlegget med følgjande ønske:

«Kjære regjering, steriliser menn i seksuell aktiv alder og frys ned sæden deres. Som et resultat kan jeg love dere en nedgang i uønskede graviditeter og glade og sunne kvinner. Og kanskje kan jeg slippe å spre bena mine en tredje gang på et halvslitt legekontor og vagge ut med ilende smerte i underlivet.»

5.februar 2022 valde Bergens Tidende å publisere Fay sitt innlegg, sannsynlegvis i mangel av betre materiale. Sjukefråvær i redaksjonen har nok fått redaktøren til å grave djupt på nettet etter artiklar å publisere, og dermed kom dette meir enn to månader gamle innlegget frå ei studentavis som manna frå himmelen.

Studvest var ei avis eg både las og bidrog materiale til tilbake på 2000-talet, då eg sjølv var student ved UiB. Faktisk var eg våren 2006 inne til jobbintervju som journalist med dåverande redaktør Eirin Eikefjord, som no jobbar i Bergens Tidende. Av ukjende årsaker fekk eg aldri jobben, og høyrde heller ingenting meir frå dei. Eg vende fokus mot andre jobbar, og fekk meg i staden jobb i den kommunale helsesektoren. Det var anten helsesektoren, eller jobb på ein bensinstasjon oppe på Landås.

Slike innlegg som det til Fay Arendt-Hansen var vanlege, iallfall på den tida eg sjølv las Studvest. Tonen var halvsarkastisk, småfrekk og til tider særs nedlatande. Mantraet til desse seksuelt frustrerte unge damene var at dei fleste menn var temmeleg håplause i senga, og at mange av dei knapt nok visste korleis ein hadde sex, langt mindre korleis ein praktiserte sikker sex. Av personleg erfaring veit eg at det å tre på eit kondom stundom kan kjennast som eit styr – men alternativet er som sagt kjønnssjukdommar eller uønskt graviditet.

Å setje inn ein spiral er ifølgje ein herleg frittalande kollega av meg, svært vondt. Det er akkurat som Fay skildrar det, å stikke ei stong opp i tissen og inn i livmorhalsen. Dersom legen set spiralen feil, kan det føre til at heile beinet kan dovne vekk. Det er ikkje so greitt om det skjer medan du køyrer minstejenta heim frå barnehagen. Kollegaen min låg til sengs og grein av smerte i eit halvt døgn, før ho måtte fare tilbake til legekontoret og få «retta på» spiralen. Ho kjende seg «valdteken», var hennar ganske so frittalande skildring om opplevinga. Ifølgje ho sjølv bruker ho spiral fordi ho har lateks-allergi, og at lateks-frie kondomar er so dyre at ektemannen ikkje ønskjer å bruke pengar på det. Han meiner ho heller bør gå med spiral. Her skal eg skunde meg å påpeike at ho vurderer skilsmisse frå mannen ho har to ungar med. Men nok om det. Det er hennar val og hennar kamp.

Eg trur på Fay når ho seier at mange menn droppar kondom fordi det «ikkje kjennest digg». Eg trur ho når ho skriv at kvinneleg prevensjon har mange biverknader. Det er eit medisinsk faktum. Og eg skjøner frustrasjonen hennar (om den er alvorleg meint eller ikkje) over at ho må late seg penetrere av metallstenger på ein årleg basis fordi dei tvilsame sluskane ho gjev seg hen til, ikkje gidd å bruke kondom. Unge menn er fyrst og fremst på jakt etter nyting, ikkje ansvar. Og unge kvinner (eller jenter, som dei jo eigentleg er) har nok same ønsket.

Men statssubsidiert sterilisering av seksuelt aktive menn? Heh, den må nok opp til drøfting i Stortinget. Men om ein skal ta det aukande talet skademeldingar frå korona-«vaksinane» på alvor, vil det nok i nær framtid høyre til unntaket at menn og kvinner i det heile teke vil vere i stand til å unnfange. Og Fay og hennar likesinna universitetsstudiner vil nok bli endå meir frustrerte når det viser seg at fleire og fleire menn på grunn av myokarditt og andre hjartetilstandar ikkje eingong vil «få den opp» – eller at dei døyr av hjarteinfarkt midt under sjølve akta. Lat oss vente i spenning vi som var smarte nok til å ikkje late oss forføre av regimet sine løgner.

Og eit siste ord til Fay: Dropp spiralen. Be mennene dine om å bruke kondom. Det er ikkje verre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s