Fastlegekrisa i Noreg blir stadig verre – har den falske pandemien øydelagt legeyrket?

Det har i lengre tid vore stor mangel på fastlegar i Noreg, og dei fastlegane som framleis finst ser ut til å ha altfor mange pasientar å følgje opp. Samstundes er ventelister for dei som ikkje har fastlegar særs lange, og dei har ved akutt sjukdom ikkje andre val enn å 1) gå til private fastlegar, som er ganske dyre, eller 2) oppsøkje næraste akuttmottak, der dei ofte må vente i timevis for å få møte ein lege.

Dette er – for å underdrive kraftig – eit stort problem, sidan samfunnet jo treng legar, sjølv om mange av dei under «pandemien» viste urovekkjande mangel på kritisk tenking, demonstrerte særs dårleg dømmekraft når det gjaldt ein viss «vaksine», og som utviste det Statens autorisasjonskontor kallar «grov helsefagleg uforstand». Dette gjaldt naturlegvis ikkje berre legar, men heile spekteret av helsepersonell; pleieassistentar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleiarar og so vidare. Dei har blod på hendene, og kjem før eller seinare til å bli stilt til ansvar for sine handlingar.

Sjå òg «Sjukepleiarar og legar: Ver på vakt, spesielt om de er eller har vore på feil side av historia», publisert 2.april 2022.

Etter den ukritiske og uvørdne masseinjiseringa med eksperimentell mRNA-teknologi i norske armar, har vi no ei hittil usett overdødelegheit og eit rekordhøgt sjukefråvær i landet (visstnok det høgste på 15 år). 22.januar 2025 publiserte NRK ein artikkel om fastlege Trym Viktor Jaang Bjørn-Hansen, som meiner legar sjukmelder pasientar som ikkje burde ha vore sjukmeldt. Av sjukefråværet i Noreg på 7,1%, har legar «skulda» for 6%. Etter heile seks månader som fastlege meiner doktor Bjørn-Hansen i ungdommeleg hybris at han har svaret på sjukefråværet, eit svar som hans kollegaer som har jobba 30 år som fastlegar ikkje ser ut til å ha.

Denne unge jyplingen (27) meiner at det er fastlegar som står ansvarlege for det høge sjukefråværet i Noreg, ettersom det er dei som skriv sjukmeldingane. Etter mitt syn blir det omtrent som å gje meteorologar skulda for at vi har so mykje «ekstremvêr», sidan det er dei som rapporterer vêret. Dårleg vêr og sjukdom skjer frå tid til anna, og då er løysinga å tilpasse seg i staden for å leite etter syndebukkar. Årsak og resultat er to uavhengige variablar. Om det er storm og regn ute, ta på deg regnkle. Ikkje skriv sinte artiklar der du ønskjer død over drivstoffbilar og oljenæringa.

Den særs unge legen med den rykande ferske autorisasjonen fortel vidare om at sjukmelding har blitt «allemannseige», og at enkelte kjem til fastlegen med intensjon om å bli sjukmeldt uavhengig av faktisk sjukdom. Det mest ekstreme er dei som seier «eg går ikkje ut av rommet før eg har fått ei sjukmelding». Eg personleg kan tenkje meg kva slags målgruppe som kan få seg til å lire av seg noko slikt. Enkelte grupper i samfunnet er «sjukare» enn andre, og har jobbar som dei sjølve har gjort ganske so utrivelege med sin eigen veremåte og haldningar. Av og til treng dei «betalt ferie», som ei sjukmelding på uriktig grunnlag jo er, og då er fastlegen ein god kamerat å ha.

Riktig nok kan arbeidsgjevarar avvise sjukmeldingar, men dette skjer so sjeldan – og er ikkje minst rekna som sopass uetisk – at Fri Fagbevegelse har valt å lage ein artikkelserie om fenomenet.

Det er sjølve sjukelønnsordninga det er noko i vegen med, for denne ikkje berre opnar opp for misbruk – den formeleg oppfordrar til det. Karensdag og 80% av lønna under sjukefråvær i arbeidsgjevarperioden ville sannsynlegvis ha fjerna alt dyrt og unaudsynleg korttidsfråvær over natta.

Sjå òg «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.

Min eigen fastlege, som er av afrikansk opphav, kan best skildrast som totalt uinteressert i meg. Dei få gongene eg har vore hjå han, var det då eg måtte forlenge mi langtidssjukemelding tilbake i 2023. Konsultasjonen varte i maks fem minutt kvar gong, og han utførde eller bestilte aldri nokon som helst målingar. Konsultasjonsgebyret var derimot det same kvar gong. Han høyrer til sjølve skuleeksempelet på ein fastlege som ifølgje doktor Bjørn-Hansen ikkje gjer anna enn å dele ut sjukmeldingar, og han gjekk iallfall ikkje inn i ein diskusjon med meg om eg hadde rett på vidare sjukmelding. I mitt tilfelle var det ingen arbeidsgjevar der for å avvise sjukmeldinga mi, sidan eg på det tidspunktet var i den særnorske situasjonen at eg var arbeidsledig langtidssjukemeldt. Eg vil ikkje eingong gjette meg fram til kva slags statistikk eg hamna inn under. Sjukdommen min gjekk til slutt over av seg sjølv, utan nokon som helst hjelp frå helsetenestene.

Ein fast lesar av Saksyndig fortalde meg nyleg om ei oppleving ho hadde med helsetenesta. Etter ein hjarteepisode valde ho å ringje naudtenesta, og fann seg sjølv i ein situasjon der ho måtte krangle med ambulansepersonalet om kvifor ho ikkje hadde fastlege. Dei såg, slik ho opplevde det, ut til å ha ei haldning om at ho hadde begått ein «urett» ved å ikkje ha fastlege. Ho fortalde dei at ho hadde vore utan fastlege i 3-4 år, og at når ho omsider fann ein fastlege, so vart ho ikkje tilbydd ein time. Ho er langt ifrå åleine i å stå i ein slik situasjon. Eg kjenner fleire som ikkje har fastlege, av ymse årsaker. Mange fastlegar har no stengt listene sine, truleg som ei følgje av auka trykk frå ei stadig sjukare befolkning (både reell og oppdikta sjukdom). Som lesaren skreiv vidare i sin e-post til Saksyndig:

«Etter covidbløffen har jeg gjort meg mange tanker om norske leger. Og da spesielt fastleger. Jeg har konkludert med at de er skyldige i drap. Og at det å ta kontakt med en fastlege i dag ikke henger på greip. De førte oss bak lyset i disse årene. Og de er fremdeles ikke stilt ansvarlige. Jeg er derfor ikke i stand til å se det fornuftige i å sitte og lefle med en lege og da generelt fordi jeg i mange år for øvrig aldri har vært spesielt imponert av mange og i flere tilfeller klaget dem inn. Det endte med at jeg tok kontakt med en privat lege. Som heller ikke imponerte meg det er så, men han begynte sin praksis på sykehuset.»

Om fleirtalet av helsepersonell i Noreg – slik som fleirtalet i den norske befolkninga – har teke ein viss «vaksine», forklarer det både den «alvorlege» mangelen på helsepersonell, og at fastlegar stadig meir framstår som overarbeidde individ som ikkje har tid til sine 1500+ pasientar. Då blir fastlegen redusert til ein måte å lure til seg ei sjukemelding, medan reell sjukdom slik som kreft får tid til å utvikle seg i «fred og ro» utan at nokon fangar det opp i tide.

Resultatet blir paradoksalt og ein tanke forskrudd: Vi får ei stadig sjukare befolkning, overarbeidde og resignerte fastlegar som sjukmelder pasientar (les: kundar) for å få fred frå maset deira, og eit velferdssystem som før eller seinare kjem til å kollapse fordi «alle» er sjukmelde.

For å avslutte denne meiningsartikkelen, kan eg nemne i forbifarten at min noverande arbeidsgjevar, som opererer innanfor privat sektor, har valt å redusere eigenmeldingskvoten frå IA-nivå til folketrygdnivå (frå 24 til 12 dagar i året, og frå 8 til berre 3 dagar i slengen) fordi det er so mykje sjukefråvær i personalgruppa. Med tanke på arbeidsmoralen til enkelte av kollegaene mine, ser eg føre meg at fastlegar i området nok i nær framtid vil få eit renn av kundar som ønskjer seg ein betalt ferie.

Kommenter innlegget