Alvorleg anorektiske Ingeborg Senneset går til åtak på lågkarbo

I ein artikkel publisert på Steigan 1.mars 2025 skriv tidlegare Hemali-redaktør Julia Schreiner Benito om Ingeborg Senneset sitt nyaste åtak på lågkarbo-kosthald. Julia skriv innleiingsvis:

«Aftenpostens Ingeborg Senneset avslører sin ignoranse om kostholdets betydning for helsen.»

Ho skriv vidare:

«I en kommentar hevder Senneset at [Thor] Foseids kostplaner er ‘uvitenskapelige’. Hun påtar seg rollen som ‘hjelper’. Industrien har alt å vinne på det, mens folkehelsen har alt å tape. Hun kunne ha brukt sin makt til å problematisere moderne mat, utdaterte kostråd og uopplyste leger. I stedet tar hun Foseid.»

For dei som ikkje kjenner Thor Foseid, er han å rekne som ein pioner innan lågkarbo-kosthald. Hans kostplan kan skreddarsyast dei fleste, dempe inflamasjon, stabilisere blodsukkeret og fjerne dei fleste livsstilssjukdommar. Dei fleste vestlege sjukdommar, slik som overvekt, diabetes, hjarte- og karsjukdommar, kreft og demens skuldast det dårlege kosthaldet dei fleste lever på. Folk et altfor mykje sukker og altfor mykje høgprosessert mat. Han er derimot langt frå den einaste aktøren på denne marknaden. På 2000-talet var det Fedon Lindberg som var det store namnet innan kosthald og helse.

Eg sjølv har særs positive erfaringar med lågkarbo-kosthald. For ti år sidan byrja eg på eit ketogent kosthald, som er den mest ekstreme utgåva av lågkarbo. Opphavleg vart slikt eit kosthald nytta for å behandle type 1-diabetes hjå barn. Før insulin vart utvikla kunne ikkje denne sjukdommen behandlast på annan måte, og dei fleste overlevde ikkje barndommen. Ketogent kosthald vart interessant nok òg nytta til å behandle epilepsi, iallfall fram til dyre, patentbeskytta medisinar vart utvikla (og som ofte fungerer relativt dårleg).

I 2015 gjekk eg ned over tjue kilo ved å ete sunn, naturleg mat og kutte ut karbohydratar. Eit slikt kosthald kan derimot vere temmeleg keisamt å leve på i lengda, og etter nokre år gjekk eg over til å ete «vanleg» mat igjen, med det resultatet at eg gjekk opp i vekt igjen. Lågkarbo og ketogent kosthald må kunne seiast å vere for spesielt interesserte, for det krev tolmod, at ein er konsekvent og at ein har ei temmeleg tjukk lommebok.

Men tilbake til Julia sin artikkel. Ho skriv vidare om Foseid:

«Hans kunnskap kommer fra et åpent sinn. Han er verken lege eller fysiolog, og det er kanskje en fordel. Etter 25 år vet han at mat som får blodsukkeret til å svinge, gjorde ham tykk og plaget. Vis meg den legen som har hjulpet folk som Foseid!»

Dei fleste legar ordinerer heller dyre, patentbeskytta medisinar, slik at Big Pharma tener gode pengar og legane beheld jobb og autorisasjon. Få legar vågar å utfordre medisin-kartellet. Og det at Ingeborg Senneset går ut og «åtvarar» mot lågkarbo-kosthald, er direkte tragikomisk. Ho ser mildt sagt ut som ho ikkje et særleg mykje, verken lågkarbo eller annan mat!

Ingen burde høyre på Ingeborg Senneset, verken når det gjeld mRNA-injeksjonar eller kosthald. Spesielt ikkje når det gjeld kosthald!

Kommenter innlegget