Children’s Health Defense, organisasjonen til Robert F. Kennedy Jr., har nyleg laga ein dokumentar med tittelen Vaxxed III: Authorized to Kill («Vaksinert III: Autorisert for å drepe»), som handlar om offer som hevda dei vart forsøkt myrda på amerikanske sjukehus. Dette var fyrst og fremst prominent under «pandemien», der uvaksinerte med vilje vart gjevne dårlegare medisinsk behandling for å skape ein illusjon om at dei var meir sårbare og hadde større dødelegheit enn sokalla fullvaksinerte og fleirvaksinerte.
Alt handla om å gje folket inntrykk av at mRNA-injeksjonane var trygge og effektive, og kva betre måte var det å skape eit slikt inntrykk enn å myrde dei som ikkje tok injeksjonane?
Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I ein æra der det å stole på medisinske institusjonar blir stadig vanskelegare, lover dokumentarfilmen Vaxxed III: Authorized to Kill å skake grunnmuren til moderne helseomsorg. Denne dokumentaren frå Children’s Health Defense (CHD) dukkar djupt ned i dei hjarteskjerande historiene til dei som hevdar å ha blitt offer for eit system som er laga for å skade, heller enn å lækje.
CHD-programregissør Polly Tommey og CHD sin leiande vitskaplege offiser dr. Brian Hooker var med i ein episode av Mike Adams sin Health Ranger Report for å kaste lys over dei urovekkjande funna i dokumentaren.
Tommey, som leia prosjektet, forklarte opphavet til den provoserande undertittelen til filmen, «Authorized to Kill». Filmprodusenten og forfattaren fortalde at under Wuhan-koronavirus (covid-19)-æraen, reiste dei rundt med ein buss i åtte månader og samla inn historier frå folk som hadde blitt råka av pandemien og vaksinane.
Ho la til at det dei fann rett og slett var forferdeleg, med naudgodkjenning [engelsk Emergency use authorization, EUA] for ymse behandlingar – inkludert vaksinar og legemiddel slik som remdesivir – so gav helsepersonell grønt lys til å skade uvaksinerte. […]
Forteljinga i filmen er dystert illustrert med den nådelause gjentakinga av liknande forteljingar. Tommey la ut i detalj om folk som døydde på ein frykteleg måte etter å ha fått covid-19-vaksinane, spesielt dei frå Moderna. Ho la til at det som var verkeleg nifst, var historiene frå sjukehus der uvaksinerte pasientar systematisk vart valt som mål og sett på livstrugande behandlingar slik som remdesivir og respiratorar.
Hooker, som gjentok funna til Tommey, la til at det var tydeleg at systemet var rigga for å få uvaksinerte individ til å sjå meir sårbare ut, og dermed rettferdiggjere tryggleiken og effektiviteten til vaksinane. Den leiande vitskaplege offiseren i CHD slo fast at økonomiske incentiv for at sjukehus skulle produsere covid-relaterte dødsfall under naudgodkjenning var vesentlege, ofte nesten ein halv million dollar per dødsfall.
Eit systemisk bedrag, og rolla til sensur og propaganda
Intervjuet gjekk inn på dei vidare implikasjonane til desse funna. [Mike] Adams peikte på at sjukehus ikkje berre mislykkast i å redde liv; dei bidrog aktivt til dødsfall. Han beit seg i merke at dei økonomiske incentiva, kombinert med stat- og farmasiindustri-press hadde skapt eit perverst system der velværet til pasientane hamna i baksetet i favør av profitt og propaganda.
Tommey delte hjarteskjerande forteljingar om pasientar som vart nekta grunnleggjande omsorg, bundne fast og gjevne paralytika [legemiddel som lammar kroppen]. Den fritalande autisme-forkjemparen la vekt på den kyniske realiteten til situasjonen, og slo fast at desse ikkje berre er isolerte hendingar fordi dei er utbreidde og djupt bekymringsfulle.
The Health Ranger [Mike Adams] retta òg fokus på rolla sensur har når det gjeld å undertrykkje desse forteljingane. Folk som prøvde å utfordre den offisielle forteljinga vart valde ut som mål, stilna og sensurerte. Han sa at staten og tech-kjemper systematisk stilna dissens-stemmer, som skapte eit miljø av frykt og feilinformasjon.
‘Vi vart ikkje berre stilna og sensurerte. Vi vart òg angripne på ein måte eg aldri har sett oss bli angripne på før. Og ikkje berre av media og nettrolla eller kva enn du vil kalle desse folka, men av medlemmer av vår eigen familie òg,’ kommenterte Tommey.
Hooker forklarte vidare at det medisinske etablissementet er medskuldige. Han peikte på at trygge og effektive behandlingar slik som ivermectin og hydroksyklorokin vart marginaliserte, medan ikkje-testa og farlege legemiddel slik som remdesivir vart fremja. Bioingeniøren og den tidlegare forskingsdirektøren la til at heile systemet vart laga for å bedra folket og vere til fordel for den farmasøytiske industrien.»
