Gruppetenking blant EU-leiarar etter fiaskomøte i Det kvite huset

Sjå òg «Kokainklovnen dreit seg ut i Det kvite hus – vil Vestens pengestøtte til Ukraina stoppe?», publisert 2.mars 2025.

iNyheter rapporterer om eit påfallande fenomen som oppstod etter at Zelensky mildt sagt tapte ansikt i Det kvite hus: Han får støtteerklæringar med ein so godt som identisk ordlyd. Minst fem europeiske leiarar la ut følgjande melding ordrett på X:

«Your dignity honors the bravery of the Ukrainian people. Be strong, be brave, be fearless. You are never alone, dear President. We will continue working with you for a just and lasting peace.»

(«Verdigheita di ærer motet til det ukrainske folket. Ver sterk, ver modig, ver fryktlaus. Du er aldri åleine, kjære president. Vi vil halde fram med å arbeide med deg for ein rettferdig og varig fred.»)

Enkelte brukarar på sosiale media spør no om europeiske leiarar har vore bots heile tida. Men det skal her påpeikast at det langt frå er fyrste gong statsleiarar har ordlagt seg og handla i flokk – i mars 2020 stengde dei aller fleste WHO-land ned på dagen, og med likelydande ordrar til folket: munnbind, sosial avstand, karantene, og ikkje minst aggressiv sensur av innlegg som sa imot den offisielle forteljinga. Då Ukraina-krigen vart lansert i februar 2022, var likelydande slagord om Ukraina-støtte å sjå overalt. Det at alle no skriv ordrett det same til ein fallert komikar og illegitim president, er difor berre nok eit symptom på det som enkelte i kommentarfeltet kallar gruppetenking.

Som lesaren «Roger Moore» skriv:

«Det heter Group Think, og nåde den som tenker utenfor gruppen. De liker marsjere sammen disse fascistene. Hvis noen lurer på hvordan nazistene kunne få med seg alle tyskere, so look no further. Alle som demonstrerer og setter Ukrainsk flagg på sin nett profil og veiver med Ukrainsk flagg hadde vært med på krystall natten på 30 tallet. Sånne folk med sine små hjerner er så lett å forføre, manipulere. Glad jeg er på rett side når historien vil vise at disse folka er de onde. […]»

Lesaren «Hocus56» skriv:

«Rart at så få klarer å kontrollere saueflokken med ord og idiotiske handlinger. CIAs hjernevask har fungert godt. De er ikke europeiske ledere, de er satans forlengede arm og har nå panikk for hva som kommer etter dem. Trump kalles det

«Harald» skriv:

«Tenker EU snart innser at de er fullstendig fratatt all ære og makt

Roger Dyrøy skriv:

«Kunstig intelligens er det som kjennetegner dem

Om det er hjernevask eller kunstig intelligens som står bak desse identiske meldingane, er konklusjonen den same: Leiarar i den vestlege verda tenkjer ikkje sjølv, og dei lèt manus styre kva dei seier og gjer. Ein vesentleg del av denne blinde lojaliteten er nok òg å finne på lønnsslippane deira. Når kontoen er full og ein badar i rikdom, speler det for mange ikkje ei so stor rolle om det ein gjer er rett eller gale.

Kommenter innlegget